Skiløp over Hardangervidda legg ned


Foto: Kai Otto Melau

Foto: Kai Otto Melau

Det ekstreme skiløpet Åsnes Expedition Amundsen på Hardangervidda legg ned aktiviteten etter 10 år. Arrangementet har vore ein suksess og har av mange blitt kalla «verdas hardaste skiløp». Men Xtremeidfjord, som står bak arrangementet, har altså funne ut at tida er inne for å avvikle. Omsynet til vilreinen veg tyngst.

Arrangøren Xtremeidfjord seier i ei pressemelding at skiløpet heilt frå starten har samarbeidd godt med SNO om val av løypetrasé i høve til kvar villreinen er. Og slik har dei i alle år vore opptekne av at løpet ikkje skulle koma i konflikt med villreinen. Dei har òg fokusert på ein miljøprofil med minimal motorferdsle, nulltoleranse for forsøpling, og streng utveljing for kven som skulle delta. Samarbeidet med SNO og Statsforvaltaren og lokal styring med sikkerheit i fjellet har gjort at arrangementet har vore gjennomført på ein god måte i fylgje arrangøren.

Villreinen veg tyngst

Når dei no likevel vel å avvikle, er det fordi villreinen på Hardangervidda er under press. Leveområda krympar på grunn av diverse utbyggingar rundt Vidda, og motorferdsle og anna menneskeleg aktivitet har auka. Og det er summen av alt dette som går utover villreinen og leveområda deira. I ei komande kvalitetsnorm for Hardangervidda tyder alt på at både helsetilstand og kondisjon ikkje er god nok.


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

Åsnes Expedition Amundsen er berre eitt arrangement av fleire, men dei innser at fleire og fleire trenar til løpet , både i traseen og elles på Hardangervidda, og den nødvendige kunnskapen for å ta tilstrekkeleg omsyn til villreinen er ikkje på plass. Difor vel dei å leggje ned skiløpet frå og med i år i fylgje pressemeldinga.

Del av ein større dugnad

Endre Lægreid, leiar i Villreinnemnda for Hardangervidda, seier i ein kommentar at det er viktig at det kjem lokale initiativ for å bidra i den store dugnaden som er nødvendig for å sikre villreinen og villreinfjella. Difor synest han Xtremeidfjord si avgjerd om å leggje ned løpet er viktig å få fram i ljoset. Det er eit godt døme på at ein ser etter kva ein sjølv kan bidra med, – ikkje berre kva alle andre bør bidra med. Lægreid håpar dette initiativet frå Eidfjord vert ein inspirasjon der ulike brukargrupper i større grad må tilpasse seg villreinen, og ikkje omvendt!

Han vil òg gje ros til ho som var drivkrafta for å få i gang Åsnes Expedition Amundsen, Kari Varberg Øydvin. Ho har stått i spissen for eit arrangement som har bidrege til at veldig mange har fått kjenne på både utfordringar og meistring på Vidda. Hennar villreinfokus ved gjennomføring av arrangementa har vore til eksempel og lærdom for mange. At ho står i spissen når styret no har erkjent at det ikkje lenger er rett å halda fram med arrangementet, understrekar hennar oppriktige engasjement for reinen.

Kari Øydvin Varberg

Kva svarar hovudpersonen sjølv på spørsmål om kva for reaksjonar som har kome på avviklinga? Kari Øydvin Varberg seier det har vore stille, men at dei av løparane ho har snakka med, naturleg nok var skuffa, men at dei – når dei fekk forklart samanhengen – forstod bakgrunnen for vedtaket. Ho håpar at vedtaket om å avvikle blir oppfatta slik at dei gjeng føre med eit godt eksempel, og at det blir lagt merke til ute blant folk. Sjølv er ho overtydd om at dei har gjort det rette av omsynet til villreinen, ho kjenner det heilt inn i sjela, seier ho.

villrein.no – Kjell Bitustøyl