Kalving og kalvingsplassar


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

Mai er kalvingstid i reinfjellet, det er då nytt liv kjem til – kalvane som skal bli årets tilvekst i reinflokkane. I kalvingstida er simlene ekstra vare og sky. Og dette er tida der ein må vise mest varsemd når ein bevegar seg i reinens leveområde.

Heldigvis for reinen får ein vel seie, så har naturen ordna det såpass klokt at mai er den mest uframkommelege månaden i leveområda til villreinen. Snøen kan vera blaut, bekkar og elvar fyk opp og kan vera vanskelege å krysse. Slik beskyttar naturen sjølv reinsimlene og dei nyfødde kalvane mot mange forstyrringar. 

Ei interessant undersøking med tanke på korleis vandringane går føre seg opp mot kalvingstidspunktet viser at i perioden før sjølve kalvinga aukar dyra aktiviteten ein heil del og flyttar seg vesentleg lengre pr. dag om ein samanliknar med vinter- og migrasjonsperioden før kalving. (sjå Strand, Bevanger og Falldorf, NINA 2005)  Ein annan faktor er at medan flyttinga om vinteren og tidleg vår ofte er retningsbestemt, endrar dette seg like fram mot kalving, då vandrar dyra meir hit og dit.

Simlene spreier seg i terrenget

Når det gjeld trekket mot kalvingsplassane, samlar simlene seg ofte i større flokkar, men når det kjem til sjølve kalvingstidspunktet, er det kjent at simlene spreier seg utover i terrenget i store område. Terje Skogland var ein av dei som forska intenst på reinkalvinga i fleire område, han skriv dette: «De som skal kalve, vandrer hvileløst, mens de som har kalvet, blir på kalvingsplassen i noen timer eller en dag til kalven greier å følge dem. Etter en uke er det hele over.» 


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

Kalvingsplassane 

I område med rovdyr vil reinsimlene naturleg halde avstand til hi-områda i kalvingstida. Men i fjellområde der rovdyr ikkje lenger utgjer noko trugsmål, er det andre faktorar som er viktigast: Dei kalveferdige simlene ser ut til å føretrekkje høgtliggjande område der dei kan ha god oversikt når kalven kjem til, samtidig må det ikkje vera for lang avstand ned til tidlege vårbeite. Skogland skriv om kalvingsplassane at desse er ikkje er faste, men varierer frå år til år avhengig av snøtilhøve og beiteforhold. Likevel peikar nokon område seg ut som betre eigna for kalving. Kunnskap frå eldre fjellfolk som hugsar langt tilbake, viser òg at dette med kalvingsområde kan variere sterkt.

Kva er kjenneteiknet på eit godt kalvingsområde?  Studiar frå Hardangervidda (Strand, Bevanger og Falldorf, NINA 2005) peikar på at type kalvingsområde kan vera relativt fattige område med ei overvekt av område som er snødekte om sommaren og med mykje bart berg. NINA-rapporten frå 2005 nemner samtidig at åtferd og årstidsvariasjon når det gjeld å lokalisere kalvingsplassar, kan vera styrt av ytre faktorar som snøtilhøve som er viktige for framveksten av vegetasjon seinare på våren – altså det ein med andre ord ville kalle friskt og næringsrikt vårbeite. 

Skogland nemner fleire faktorar som spelar inn for ein god kalvingsplass og med det god verneeffekt: område som er kupert, ofte i utilgjengeleg terreng. Vidare at dyra spreier seg i høgtliggjande terreng med mange barflekkar og søkk. Han tek òg med kalvens kamuflasjefarge, som går i eitt med den brune fargen på barflekkane. Denne vernepelsen mister kalven etter ca. tre veker

Kalven

Så tyr me nok ein gong til Olav Strand for å skildre sjølve kalven og den fyrste levetida, etter at feit reinmjølk er fortært og dei lange beina er testa ut. Dette er frå boka Villreinen – fjellviddas nomade (2015): «Etter noen få og utforskende dager, er det andre aktiviteter  og nye prøvelser på programmet. Det skal lekes. Hva er vel en mer naturlig leke enn egne bein? Er du rein, ja, da er du bygd for å bevege deg! Bevegelse er reinens forsvar mot farer og den beste mulighet for å finne nok og riktig mat gjennom året. Ved fødsel er beina alt for lange og uregjerlige. En reinkalv er til å begynne med høyere enn han er lang, ikke rart det svaier! De to første ukene jumper kalvene bak sin mor etter beste evne, krokrygget og sene.»


Foto: Kjell Bitustøylvillrein.no - Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

villrein.no – Kjell Bitustøyl