Reinsdyrfotografen Johan Brun (1922-2021)


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

Så har han gått ut av tida, den kjende og kjære fotografen Johan Brun, han blei 98 år gamal. I villreinmiljøet er han kjent som ein viktig bidragsytar med framifrå bilete av reinsdyr, særleg av simler og kalvar, dei fleste tekne i samband med at han var saman med forskar Terje Skogland på Vestvidda over ein lengre periode i samband med kalvinga. 

Johan Brun var ein nestor i norsk presse, fotograf i Dagbladet frå 1948 til 1989. Han etterlet seg ei stor biletsamling, ei biletsamling som Norsk Folkemuseum no har hand om. Johan Brun var oppvaksen i Uvdal i Numedal. Og med tanke på reinsdyrfotografen, var det møtet med Opdal Renkompani og tamreindrifta i Uvdal som var det fyrste han kom borti. Han fekk som relativt ung gut vera med reinsdyrgjetarane inni fjellet og har fortalt at då fekk han høyre ord han aldri hadde høyrt på skulen. Då Opdal Renkompani måtte slakte ned i 1957, var han på staden og dokumenterte med fotoapparat. I tillegg til reinsdyrfotografia, har han ei rekkje bilete frå Hardangervidda, til dømes av sauedriftene som for innover. Sjølv var han og familien sauegjetararar i Geitevassdalen om somrane. Dette resulterte blant anna i den poetiske og vakre serien «Dager på Dagfiske» i Dagbladet. Han hadde begynt som sauegjetar i 1971 og heldt på med dette saman med kona Ingrid i 25 år, nokre veker kvar sommar. Det høyrer med å fortelje at Johan Brun var med og fekk etablert og systematisert gamle bilete frå Nore og Uvdal, det som heiter Nore og Uvdal fotoarkiv som ligg under biblioteka i kommunen. 

På Vestvidda med Terje Skogland 

Johan Brun kom tidleg i kontakt med reinsdyrforskar Terje Skogland, han blei med han i fleire fjellområde, men det er særleg bileta frå vårane på vestsida av Hardangervidda han er kjent for. Her var han òg nær sitt yndlingsmotiv på Vidda: Hårteigen. Det blir fortalt at så sant det var mogleg, prøvde han å få med Hårteigen på bileta sine, enten det galdt rein eller planter. 


“Reinkalven og mor”. Foto: Johan Brun

“Reinkalven og mor”. Foto: Johan Brun

Johan Brun har sjølv fortalt i boka «År og dag – Johan Bruns fotografier» at han var med Skogland ei veke eller to i ca. 15 år, siste våren var i 1994, Terje Skogland døydde av kreft året etter. Brun fortel: «Og det var et privilegium å være sammen med Terje, som både visste alt om rein og fjell, og som var slikt et hyggelig menneske. Terje begynte å veie reinkalver på 1970-tallet for å se om en styrt reduksjon av flokken gjennom jakt gjorde at kalvene ble større. […] Vi ventet i 2-3 timer til simla hadde fått slikket kalven, diet og båndet mor og kalv var etablert. Så skyndte vi oss frem og veide kalven, som ennå ikke er redd for noen ting, i et nett. Ventet vi for lenge, kanskje 4 timer, så hadde kalven begynt å få en annen innstilling til verden og løp fra oss. Hver vår veide vi rundt 20-30 kalver på en drøy uke i slutten av mai.» 


“Kalven sover i lyngen på Sylfestnuten (1434 m.o.h.) på Hardangervidda mai 1994.” Foto: Johan Brun

“Kalven sover i lyngen på Sylfestnuten (1434 m.o.h.) på Hardangervidda mai 1994.” Foto: Johan Brun

Det var dette siste året, i 1994, at Johan Brun fekk teke det ikoniske fotoet av reinskalven i Sylfestnuten, ein tre og ein halv time gamal kalv. Fjelloppsynsmann Magne Hallanger fortel at dei aldri har vore så tett på så mange simler som kalva som denne siste gongen. Dei hadde elles ingen tekniske hjelpemiddel, berre ski. Dei låg i Oposjå, og simlene kalva nesten på trappa på hytta, ifylgje Hallanger, som òg seier at det var som om simlene ville seie farvel til reinsdyrforskaren på denne måten.

Sjå link:  https://www.villrein.no/aktuelt/med-terje-skogland-p-vestvidda-i-kalvinga?rq=skogland

Johan Brun var eit uvanleg generøst menneske, det kan mange stadfeste, han lånte ut bileta sine til ulike formål i aust og vest. 

Då det var snakk om ei utstilling av fjellbileta til Johan Brun, og han blei spurt om kva for bilete ein skulle velje av fotografen sjølv, sa den aldrande meisterfotografen – som hadde vore med på så mykje – at han gjerne ville at ein skulle bruke biletet med den vesle kalven han hadde i armane.  


Det var fjelloppsynsmann Magne Hallanger og Johan Brun som vog og mælte kalvane siste turen Terje Skogland var i kalvingsområdet på Vestvidda, han sjølv var for svak til å utføre dette arbeidet. Her er det Johan Brun som held rundt ein liten kalv, dette arbeidet likte han svært godt, i fylgje Hallanger. Dette er frå ei biletsamling etter Johan Brun som Hardangervidda Nasjonalparksenter har hand om. Foto: Magne Hallanger

Det var fjelloppsynsmann Magne Hallanger og Johan Brun som vog og mælte kalvane siste turen Terje Skogland var i kalvingsområdet på Vestvidda, han sjølv var for svak til å utføre dette arbeidet. Her er det Johan Brun som held rundt ein liten kalv, dette arbeidet likte han svært godt, i fylgje Hallanger. Dette er frå ei biletsamling etter Johan Brun som Hardangervidda Nasjonalparksenter har hand om. Foto: Magne Hallanger

villrein.no – Kjell Bitustøyl