diverse

Reinsjakt i litteraturen – Storegut (del 1)


Dette er Storegut's rike, Bordalsvatn slik det ser ut i dag, sett retning utfallsosen. Støylen Storegutvollen er neddemd, men låg på nordaustsida av Bordalsvatn, det vil seie langs den venstre breidda av vatnet på biletet, nærare utfallsosen. Foto: …

Dette er Storegut’s rike, Bordalsvatn slik det ser ut i dag, sett retning utfallsosen. Støylen Storegutvollen er neddemd, men låg på nordaustsida av Bordalsvatn, det vil seie langs den venstre breidda av vatnet på biletet, nærare utfallsosen. Foto: Kjell Bitustøyl

Det er ikkje så ofte ein støyter på reinsdyr og reinsjakt i litteraturen, men ei og anna historie er å finne. Diktverket “Storegut” av Aasmund Olavsson Vinje er ei slik bok. Handlinga gjeng føre seg blant anna i Bordalen, langt til fjells i Haukeli. Der låg òg støylen Storegutvollen. Her kjem del ein av to.

Det mest kjende reinsdyret i litteraturen finn me sjølvsagt i Ibsens “Peer Gynt” – og bukkerittet over Gjendineggen. Mindre kjent er det at også Aasmund Olavsson Vinje har med litt om reinsjakt i diktverket om Storegut (1866). Dette diktverket byggjer på ein faktisk person – OIav Olavsson Edland – som levde frå 1764 til 1791 i Edland i Vest-Telemark, fødd på garden Nordigard Edland, eller Æddan på lokalmålet. Og sjølv om soga om kjempekaren Storegut er eit diktverk, eitt av Vinjes mest sentrale verk, kan ein trygt sei at Vinje bygde på lokalhistoriske fakta og fleire verkelege personar. Boka handlar òg om far til Storegut, gamle Olav, “Blodtapparen” som han blei kalla av di han kunne årelata.


Utsnitt av teikning av Torbjørn Havradalen, han utvandra til Amerika 1846, men hadde vakse opp på garden Havradalen i Bordalen.

Ingenting er sikkert historisk om korleis Storegut døydde, berre at han kom burt medan han var på gjeting i Bordalen i Haukeli, langt til fjells. Men spekulasjonane gjekk og mange utsegner finst om korleis han blei teken av dage. Ein hovudperson i så måte var Olav Romtveit, Grytebekken som Vinje kallar han. Han skal ha hatt agg til Storegut og skal ha skote og drept han i samband med at han var på reinsjakt i Bordalsfjella.

Rikard Berge og Storegutsoga

Folkeminnesamlar og sogemann Rikard Berge samla stoff om Storegut, han gav i 1906 ut to hefte av Syn og Segn der temaet var Storegut. Sjølve soga er i fyrste bolken. Der fortel han blant anna om far til Storegut, Olav, som òg var svært sterk. Han var på reinsjakt i lag med Jon Breive (frå Bykle). Då Rikard Berge skriv på utprega dialekt i denne historia, er det fylgjande normalisert språkleg og litt samanfatta:

Olav var i “dyreskog” med Jon Breive, det var på slutten av slåtten, (dvs. truleg seint i august.) Dei skaut fyrst eitt dyr. “Me må ure ne,” sa Jon. “A-a, eg tenkjer eg tek’n i tòugjen (i eit tau) eg,” sa Olav. Det same skjedde ei gong til, dei skaut eit dyr til, og Olav sa det sama. Då dei skaut det tredje dyret, sa Olav: “Pinede-kar tek eg ‘kje den òu i tòugjen, eg,” sa Olav. Slik bar han alle tre dyra heim til Breive. Og då dei kom fram og lema sund dyret, fekk Jon hornet og skinnet, fordi han var skyttaren, medan Olav fekk mesteparten av kjøtet, fordi han hadde gjort slikt eit karstykke.

Berge fortel òg om nokre andre fjellkarar, Jøssløysane, dei var slike dyreskyttarar. Dei skar ei rispe i ryggen på kvarandre, ei rispe for kvart dyr dei venta seg. ” ‘Fær du det te blø?’ sa dei. ‘Ja,–a,’ svara han som skar. Sigur Gjøsløys var den fælaste: Når’n løypte, Sigur, gjor’n seg kje noko fe å taka dyri på sprang. Han løypte beint på dei.”

Rikard Berge har òg skrive om då Storegut skal ha blitt skoten i Bordalen, han låg der og gjette for morgedølar. Men ingen blei dømd for drapet, sjølv om ryktet gjekk og historiene var mange. Ei av dei er då Olav, far til Storegut, kom til Bordalen på sudsida av vatnet, han kom frå Hardanger, hadde vore der etter ei tunne med korn. Han høyrde ein smell då han var komen midt under Smørlinuten: “No datt grånòsi”, han tenkte Storegut hadde skote seg ein rein i dag, han høyrde det på smellen”. […] Olav Romtveit hadde fenge det travelt med å koma seg til fjells denne regnversdagen, han ville etter dyr, sa han.”

Så fortel Berge at Romtveiten kom heim att, nokon ville ha det til at han hadde hatt med seg ein kar, Ola skomakaren, som hjelpte til då han skal ha skote Storegut ved døra på selet, det som seinare blei heitande Storegutvollen. Men Romveiten sjølv han sa det slik morgonen etterpå: ” ‘Å jòu, eg hev sétt ein rein’e i mange år. Men no fellt eg n,’ sa han til Jon Uppstoga i Grungedal.”

Men folkesnakket gjekk om kva som hadde hendt. Så langt Rikard Berge, i neste bolken skal me la Aasmund Olavsson Vinje føre ordet i sjølve diktverket. Del to kjem om ei vekes tid.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing

Nasjonal rammeplan for vindkraft lagt til sides


Foto: Jonathan E. Colman

Foto: Jonathan E. Colman

Etter at det kom inn over 5000 høyringssvar, dei fleste negative, har regjeringa valt å gå bort frå NVE’s rammeplan som omfatta 13 område aktuelle for vindkraftutbygging.

Reaksjonane på dette vedtaket i regjeringa, har vore delte. Mange pustar letta ut og tenkjer at no blir det stopp i vidare utbygging av vindkraft, i alle fall nye prosjekt, altså ei nødvendig tenkepause. Andre uttrykkjer bekymring for at der er ein fare for at ein no går tilbake til systemet med bit-for-bit nedbygging av naturen.

Ein viktig grunn til at rammeplanen er forkasta, er at intensjonen med planen var at dette skulle førebyggje konfliktar, noko som ikkje slo til. Tvert i mot, motstanden mot vindkraft og konfliktnivået har berre breidd om seg i kjølvatnet av denne rammeplanen.

Sett frå naturvernsynsstad og i høve til villreininteressene kan ein vise til at der er gjort ein grundig konsekvensanalyse og lagt fram solid dokumentasjon. Dette bidrog til at villreinområda i store trekk kom godt ut av den skisserte rammeplanen. Spørsmålet er sjølvsagt no om kva som skjer vidare, no når rammeplanen er lagt bort. I intervju med NRK seier olje-og energiminister Kjell-Børge Freiberg at “… vi ser et behov for å gjøre noe med konsesjonssystemet nettopp for å gjøre et godt system enda bedre for å forebygge konflikter som vi har sett det har vært rundt enkelte utbygginger av vindkraft.” Også statsminister Erna Solberg har varsla at det vil koma innstrammingar på konsesjonssystemet.

Les også “Kunnskap om rein inn i vindkraftanalyser” (villrein.no).

Frå opposisjonen på Stortinget har det kome krav om at ein må sjå på konsekvensane for norsk natur som heilskap, og at ein no forventar at regjeringa går gjennom høyringssvara og legg fram ei sak for Stortinget. Det har òg kome krav i høve til områda som ligg utanfor rammeplanen, at gamle konsesjonar må trekkast tilbake der som miljøfaglege råd viser at biologisk mangfald er truga.

Som tidlegare omtala her på villrein.no, gav tamreinnæringa uttrykk for at vindkraftutbygginga kjem på toppen av eit stadig aukande press på beiteareala frå ulike hald, gruvedrift, infrastruktur, hytteutbygging osv. Om ein ser på einskilde høyringssvar, kan det i høve til denne problemstillinga nemnast at Orkdal kommune kom med fylgjande formulering i høve til rammeplanen: “En eventuell utvidelse av området Indre Sør-Trøndelag vestover frarådes på det sterkeste på grunn av store reindrifts- og friliuftsinteresser rundt Resfjellet og randsonen til Trollheimen.”

Les også “Reindrift og vindkraft – samisk reindrift under press” (villrein.no).

Ser ein på andre høyringssvar, er trugsmålet mot naturmangfaldet / urørt natur ein gjengangar ved sida av omsyn til friluftsliv og reiseliv. Av dei 56 kommunane som hadde svart på høyringa, var det 49 som sa klart nei til vindturbinar, tre var skeptiske og berre fire var positive.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing

Fotròte hjå reinsdyr – ein gamal sjukdom


Villreinkalv med fotròte på høgre bakbein. Antakeleg har denne små sjansar til å overleve vinteren. Foto: Anders Mossing

Villreinkalv med fotròte på høgre bakbein. Antakeleg har denne små sjansar til å overleve vinteren. Foto: Anders Mossing

Fotròte, eller nekrobasillinfeksjon, hjå reinkalvar spesielt, har blitt påvist av mange i samband med reinsjakta denne hausten. Årsaka til dei auka funna i år er nok ein kombinasjon av at dyra går tett saman, og at det har vore fuktige vêr- og beitetilhøve. I litteraturen om sjukdomar på rein finn me meir utførlege forklaringar knytt til denne sjukdomen, blant anna om historie og geografisk utbreiing.

Les også “Fotråte i flere områder” (villrein.no).

Fotròte hjå reinsdyr er svært smittsamt, og kombinasjonen av at dyr går tett saman og høg temperatur / fuktige vêr- og beitetilhøve aukar smitteoverføringa og etableringa av infeksjonen. Under slike omstende vil bakterien overleve i lengre tid i miljøet. Og ei stadig oppbløyting av huda på foten gjer at føtene blir meir utsette for småskader. Det var under slike tilhøve fortròte blei påvist for fyrste gong på villrein i Noreg, i Rondane, i kjølvatnet av dei to fuktige somrane 2007-2008. Dette skriv veterinær Kjell Handland, han har ein omtale av sjukdomen i boka Villreinen (2017). Kvifor er reinkalvar er spesielt utsette? Handeland skriv at ein del vaksne dyr kan ha bygd opp ein viss immunitet mot bakterien over fleire år. Han nemner òg at etter at jegerar har blitt oppmuntra til å sende inn prøver frå halte dyr i jakta, har ein til no (2017) påvist sjukdomen i seks andre villreinområde: Nordfjella, Forollhogna, Knutshø, Snøhetta, Hardangervidda og Setesdal Ryfylke.

Historie

Den fyrste skriftlege dokumentasjonen på fotròte hjå reinsdyr finn me hjå den svenske naturforskaren Carl von Linné i år 1732. Han skriv om klauvsjuken, eit omgrep som har blitt bruka i høve til sau, og som det litt misvisande har blitt kalla om rein òg i tidlegare tider. Dette er misvisande av di det er ovanfor klauvene infeksjonen skjer. “Slubbo” heiter denne sjukdomen på samisk. Samane har kjent til sjukdomen frå gamal tid og namnet slubbo viser til den opphovna foten og betyr rett og slett klubbe. Linné skriv om sjukdomens herjingar i dei svenske lappmarkene. Sjukdomen blussa opp gong på gong i dei forskjellige reindriftsområda og tok livet av mange tamrein. Liknande tilstander har det vore i Finnmark. I 1890-åra var sjukdomen svært utbreidd i både Kautokeino og Karasjok, og i mange område truga fotròte med øydelegging og ruin for samane. Forfattarane Sven Skjenneberg og Lars Slagsvold har ei brei omtale av sjukdomshistoria til fotròte i boka Reindriften (1968). Dei nemner at sjukdomen har vist seg no og då òg i sørlegare delar av landet, som Overhalla, Børgefjell, Numedal og Bykleheiane.

Årsaker

Innafor reindrifta har ein oppdaga at dyra blir lett infiserte i samband med opptrokka vegar, samleplassar, kveer o.l., når smitten finst i flokken. Sjukdomen har òg hatt samanheng med den intensive reindrifta der mjølking av rein var svært vanleg. Mjølkinga førte til hyppigare samlingar av dyr på same stad. Den minste nedbør fører til at slike stadar blir ein einaste gjørmeplass viss jordbotnen ikkje er spesielt tørr. Dyra blir då gåande og trø i ei blanding av søyle, gjødsel og urin. Skjenneberg og Slagsvold skriv at spreiing frå dyr til dyr lett kan oppstå under slike tilhøve. Om ein ser dyr som haltar og har problem med å fylgje flokken, er det grunn til å undersøkje nærare. Ein treng ikkje vera mykje ekspert for å sjå at her er det klare parallellar til det som kan skje i villreinflokkane, særleg i bestandar som heile året eller delar av året går tett saman.


Innafor tamreinnæringa var det store problem med fotròte t.d. i Karasjok og Kautokeino i 1890-åra. Mykje endra seg til det betre då den ekstensive reindrifta tok over, der går flokkane fritt over eit større areal. Foto: Kjell Bitustøyl

Innafor tamreinnæringa var det store problem med fotròte t.d. i Karasjok og Kautokeino i 1890-åra. Mykje endra seg til det betre då den ekstensive reindrifta tok over, der går flokkane fritt over eit større areal. Foto: Kjell Bitustøyl

Dyra som er smitta har små utsikter til å koma seg, difor er avliving det rette, både av humanitære grunnar og i høve til smittespreiing. Skjenneberg og Slagsvold meiner at innafor reindrifta må ein prøve å halde friske og sjuke flokkar frå kvarandre, og ein bør unngå unødige samlingar og drivingar. Overført til villrein vil dette sjølvsagt by på heilt andre utfordringar, men å få reinflokkane til å gå meir spreidde er likevel eit klart mål.

Andre land

Det er ikkje berre i Fennoskandia denne sjukdomen er utbreidd, her finst dokumentasjon frå mange andre delar av reinsdyrverda: Sibir, Alaska og Canada. I Fennoskandia har fotròte i tamreinflokkane blitt meir eller mindre borte etter at ein gjekk over til ein annan type reindrift der ikkje minst mjølking av reinen tok slutt. Dette har i fylgje Terje D. Josefsen i boka Reindeer and Caribou – health and disease (2019) å gjera med at flokkane innafor den ekstensive reindrifta no går fritt over større areal. Men i Sibir er sjukdomen framleis utbreidd, noko som fører til store tap for reineigarane. I Fennoskandia er der no likevel ein negativ tendens att, det har å gjera med kunstig fôring av tamrein, eller at kalvar blir sperra inne i eit gjerde for å unngå rovdyr.

Les også “Ny bok om helse og sjukdom hjå reinsdyr og caribou” (villrein.no).

Josefsen skriv òg om fotròte hjå villrein, at denne førekjem sjeldan, men at ei oppblomstring av sjukdomen har samanheng med varme og fuktige somrar, noko som òg Handeland nemner. Med den stadige påminninga om endring i klima og fare for meir avgrensa arealbruk, gjev dette oss kanskje ein peikepinn på ei stor utfordring framtidas villrein står over for.


Bukk frå Forollhogna med fotråte. Foto: Erik M. Ydse/Statens naturoppsyn

Bukk frå Forollhogna med fotråte. Foto: Erik M. Ydse/Statens naturoppsyn

Mange tilfelle av fotròte i år

Rapportane om fotròte frå årets villreinjakt er altså mange. Knut Nylend, tilsett ved Statens naturoppsyn, Skinnarbu, arbeider for tida bl.a. med å samle og sende inn prøver av fotròte som jegerar har samla inn. Han fortel at berre frå Hardangervidda har det kome inn over 80 prøver. Dette har bl.a. bakgrunn i at det tidlegare har vore relativt lite fokus på denne sjukdomen, særleg før 2015. Men alt tyder på at det har vore spesielt mange tilfelle i år ifylgje Nylend. Mange andre villreinområde melder òg om mange slike tilfelle. Nylend nemner òg bukkejakta på Hardangervidda som ein faktor som kan ha spela inn i år, der eit slikt dyr i eit normalår, av kategori simle/ungdyr og kalv, kanskje berre har blitt tatt på eit kort og ikkje har blitt meldt inn. Det skal elles haldast eit eige møte mellom fleire aktørar seinare i haust, der denne sjukdomen er tema.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing

Viewpoint SNØHETTA er no stengt for vinteren.


Vinteren har kome på viewpoint SNØHETTA

Vinteren har kome på viewpoint SNØHETTA

Viewpoint Snøhetta ligg i Snøhetta villreinområde. Områda rundt viewpoint er viktige vinterbeite for reinen. Moskusen held også til her da.

Å overleva vinteren i høgfjellet er stritt for alle artar. Villrein og moskus må bruke tida si til å eta, tyggje drøv og kvile. Forstyrringar som medfører flukt, vil krevje energi og gjev mindre tid til beite. Der er derfor viktig at dyra i høgfjellet får ro om vinteren.

Omsynet til villrein og moskus er hovudårsaka til at viewpoint SNØHETTA er vinterstengt. Det vart derfor planlagt og bygd som ein sommarattraksjon. Det er ikkje vintervatn til toaletta på parkeringa, og utedoen på toppen kan heller ikkje driftast om vinteren.

Vi takkar for besøket til alle som har teke turen til viewpoint SNØHETTA denne sommaren. Når registreringane i teljaren blir analysert, får vi veta kor mange som har vore der. Dei siste sesongane har besøkstala ligge opp mot 30 000 pr. år. Våre naturveiledarar har denne sesongen gjeve naturveiledning til over 5800 personar. Dei har formidla kunnskap om villrein, moskus, skytefelt og verneområde. Nesten kvar dag har det vore moskus å sjå i teleskopet, og nokre dagar har det også vore mogleg å syne fram villrein. Naturveiledarane har møtt interesserte og trivelege menneske frå alle verdshjørne.

Vi ønsker alle velkomen til viewpoint SNØHETTA når det opnar att 1. juni 2020!

Villrein.no – Heidi Vognild

Villreinfangsten til filmen


Bilde fra filminnspillingen om villreinfangsten i Oppdal. Foto: Kristin Prestvold/Trøndelag fylkeskommune

Bilde fra filminnspillingen om villreinfangsten i Oppdal. Foto: Kristin Prestvold/Trøndelag fylkeskommune

Rundt omkring bygda Oppdal ligger mil på mil med fjell og vidder. Fjell og vidder som i dag er et jaktlandskap for “moderne” mennesker, men også et landskap der det har vært jaktet i flere tusen år. Nå har Trøndelag fylkeskommune via Kulmin bl.a. laget en film om denne historien.

Kulmin er Trøndelag fylkeskommunes strategi for digital formidling av kulturminner via mobiltelefon og nettbrett. I Kulmin er det produsert en rekke korte videofortellinger som har som målsetting å dramatisere og gjøre ulike deler av kulturarven mer levende.

Les mer om Kulmin og se videofortellinger her.

Vangfeltet i Oppdal er et stort gravfelt fra vikingtiden. Faktisk Norges største i sitt slag og et av de aller største i hele Nord-Europa. I en rekke graver har man funnet gjenstander som kobles til lange jakttradisjoner, deriblant pilspisser. Landskapet rundt Oppdal og Vangfeltet er forøvrig preget av en rekke fangtsminnerelaterte kulturminner, så som buestillinger og fangstanlegg. Og ettersom breer og fonner i større grad smelter frem gjennom sommeren dukker bortskutte piler og andre gjenstander opp.

Kulmin har nå produsert en videofortelling om nettopp denne historien. Filmen slippes i november, men allerede nå kan du lese mer om dette spennende temaet og få et innblikk i selve produksjonen.

Les mer på “Filminnspilling av villreinfangsten i vikingtid på Dovrefjell” (kulturminna.no).

villrein.no – Anders Mossing

Reinen – ein overlevar frå istida


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

I 2018 gav forfattaren Berit Inga ut ei interessant bok om reinsdyret, om historia, biologien, reinen, og mennesket. Boka er på svensk og byggjer på tekstar og bilete frå ei utstilling i 2017.

Originaltittel på boka er “Renen – en överlevare från istiden”. Den samiske forfattaren Berit Inga har arbeidd ved Ájtte, Svensk Fjäll- och Samemuseum i mange år og har bl.a. skrive ei avhandling om reinens beite. Forskinga hennes byggjer på den samiske tradisjonelle kunnskapen om reinen.


Bokomslaget til “Renen – en överlevare från istiden”

Boka tek perspektivet tilbake til istida, og nemner perioden då reinen var det viktigaste byttedyret for dei fyrste menneska, Homo sapiens, som kom til Europa for ca. 40 000 år sidan. Då eksisterte òg megafaunaen med dyr som mammutar, ullnesehorn, kjempehjort og sabeltiger. Men for ca. 15 000 år sidan byrja desse å døy ut, utan at ein heilt veit kvifor, medan reinsdyret overlevde.

Boka viser kart over dei naturlege leveområda til reinen i verda, men òg område der reinsdyra er introdusert av menneska. Dei sju ulike underartane av Rangifer tarandus og deira leveområde er sjølvsagt med. Vidare blir det biologiske og økologiske perspektivet presentert, ikkje minst med fokus på kor tilpassingsdyktig til det kalde klimaet reinsdyret er, ei tilpassing og ei spesialisering som har blitt til over svært lang tid.

Beite


Ein illustrasjon frå boka som viser korleis reinen har tilpassa seg eit kaldt klima. Det kalde blodet frå klauver og bein blir varma opp av det varme blodet som kjem. Og blodet sirkulerer lengre i beina når det er kaldt ute. Ved varmare vær sirkulerer blodet lengre ut mot huda. Illustrasjon frå boka.

Reinens utnytting av beite til ulike årstider er eit viktig og kjent fenomen. Vinterføda med fokus på ulike lavsortar, vidare røter som reinen beitar på i myrar, og sommarføda med mangfaldet av grøne vekster, gras, urter, blad frå ris, buskar og tre. Det handlar om vekstane på taigaen og på tundraen. Mot slutten av sommaren renner reinen etter sopp, ei føde som er ei god proteinkjelde, soppen bidreg òg til at mikroorganismane i vomma tilpasser seg til å bryte ned soppkomponenten i lavet, ifylgje forfattaren.

Lavartane er mange. Fire vanlege som reinen beitar på er bl.a. kvitkrull, gulskinn, reinlav (grå og lys) og saltlav på stein. Men òg nokre som reinen kan beite på under vårvinteren og våren så som skjegglav, kvistlav og gulkrinslav på stein.

Sene med kneppande lyd

Rovdyra og reinen har eit eige kapittel, det same med parasittane og reinen. At reinen er eit flokkdyr er velkjent, men her kjem ei opplysning som kanskje ikkje så mange kjenner til. Reinen har eit senefeste i bakbeina som går over beinutskotet og kvar gong reinen flyttar seg oppstår ein kneppande lyd. Dette blir brukt som eit varsel til dei andre dyra som forstår at no er det fare på ferde. I den mørke årstida i nord er dette meir effektivt enn til dømes ein kvit gump som nokre andre hjortedyr brukar.

Årssyklusen til reinen ligg til grunn for dei åtte årstidene som den samiske reindrifta lever etter. Tek me kalvingsperioden, er flokkstrukturen forskjellig frå fjellrein til skogsrein. Strategien når reinsdyra går for seg sjølve og kalvar, kan elles ha å gjera med at ein einsleg rein ikkje gjer så mykje av seg som ein heil flokk.


Reinen har eit senefeste i bakbeina som går over beinutskotet, og kvar gong reinen flyttar seg oppstår ein kneppande lyd. Dette blir brukt som eit varsel til dei andre dyra, som forstår at no er det fare på ferde. Dette er tamrein frå Vågå tamreinlag. Foto: Kjell Bitustøyl

Mennesket og reinen

Mennesket har fylgd reinsdyra i svært lang tid og tilpassa gjeremåla til årsrytmen til reinsdyret. Slik har reinen lege til grunn for arktiske og subarktiske jaktkulturar, både i den gamle og den nye verda. Dei domestiserte og dei ville reinane har ulike namn blant reindriftsfolk. Når det gjeld jaktmetodar, handlar mykje om å kjenne reinens vandringsvegar og korleis reinen reagerer når han blir skremt. Å jakte på reinsdyret når dyra kryssa eit vassdrag har vore svært vanleg, dette blir praktisert framleis den dag i dag.

Semidomestisert

Domestisering har fått eit eige kapittel i boka. Ofte starta dette med at nokre dyr blei tamde og så valde ein ut dei som hadde ettertrakta eigenskapar slik at desse formerte seg vidare. Reinen er elles det einaste hjortedyret som har late seg domestisere, men korleis dette gjekk til i starten er ukjent. At reinsdyret er eit typisk flokkdyr har gjort at reinflokkane har vore lette å styre. I høve til andre tamme dyr er reinen eigentleg semidomestisert, dvs. at reinen berre delvis er styrt av menneske etter som reinen er utsett for eit naturleg utval, t.d. i høve til rovdyr. Difor har tamreinen dei ”ville” eigenskapane sine intakt, slik Berit Inga formulerer det.

Det finst om lag 20 ulike folkestammer i verda som lever av reindrift, dei held til nord i Asia og nord i Europa. Desse er spreidd over enorme område og kan ha eit tusenårig forhold til reinen. Samane er i fylgje Berit Inga dei talrikaste, ca. 100 000 individ fordelt på fire land, Noreg, Sverige, Finland og Russland. Rundt 10 000 av desse lever av reindrift. Boka viser eit kart over alle folkegruppene i russiske/asiatiske område som driv med reindrift. Mange av desse er svært små, det kan vera nede i berre nokre hundre menneske.


Kart over reindriftsfolk i Nord-Europa og Asia. Illustrasjon frå boka.

Framtida

Klimaendringar vil koma til å ha stor betydning i høve til korleis reinsdyra klarar seg, det kan bl.a. føre til mangel på mat på grunn av meir ising vinterstid. Eit anna scenario Berit Inga skisser opp er at eit varmare klima kan føre til at skogsområde med lavmarker endrar karakter, andre vekstar vil kunne vandre inn og fortrenge lavet. Tette mørke skogar med hovudsakleg mosevekstar vil overta, og mosar er ikkje mat for reinsdyr.

Menneskeleg påverknad er ein annan faktor, til dømes er det vanskeleg for reinsdyr å ferdast på regulerte vassdrag. Dette og andre menneskelege behov for elektrisitet og fossilt brensel, t.d. gruvedrift, og vindkraftparkar, vil påverke reinsdyra negativt, alt dette for at det moderne mennesket skal kunne leva vidare. ”Då tänkar man inte på att renskötare eller karibofolk som lever av renen i naturen också ska överleva”, avsluttar Berit Inga.


Kva vil framtida bringe med seg for dei som lever av reinen? Frå Riast/Hylling reinebeitedistrikt på Røros. Foto: Kjell Bitustøyl

Kva vil framtida bringe med seg for dei som lever av reinen? Frå Riast/Hylling reinebeitedistrikt på Røros. Foto: Kjell Bitustøyl

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing

AUC i Jokkmokk – akademisk forsking vs. tradisjonell kunnskap


Deltakarane på AUC-konferansen fekk møte den samiske reindrifta i samband med ei utflukt til Laponia - verdsarvstaden som ligg i kommunane Jokkmokk og Gällivare. Mikael Kuhmunen, "ordförande" i Sirges sameby i Jokkmokk, fortalde levande om både gled…

Deltakarane på AUC-konferansen fekk møte den samiske reindrifta i samband med ei utflukt til Laponia – verdsarvstaden som ligg i kommunane Jokkmokk og Gällivare. Mikael Kuhmunen, “ordförande” i Sirges sameby i Jokkmokk, fortalde levande om både gleder, sorger og utfordringar knytt til reindrifta i dag. Sirges er Sveriges største sameby og har hatt og har store utfordringar med omsyn til storstilt vasskraftutbygging, skogsdrift m.m. Foto: Kjell Bitustøyl

Ettersom årets Arctic Ungulate Conferance (AUC) var lagt til Jokkmokk i Nord-Sverige, var det naturleg med fokus på samisk reindrift, samisk kunnskap og samisk kultur. Elles var innleiarar frå fleire land, blant anna Canada, innom forholdet mellom akademisk forskingsbasert kunnskap og tradisjonell kunnskap, oftast knytt til urfolk. Mange etterlyste sterkare samarbeid på dette området, eit samarbeid der initiativet nok må koma frå den sterke parten, forskingsmiljøet med basis i storsamfunnet.

“Reindeer herders day”

Temaet “forsking og tradisjonell kunnskap” fekk ekstra fokus i samband med “Reindeer herders day”. 15 reindriftsutøvarar frå Sverige, Noreg og Finland var inviterte for å koma med sine perspektiv og sine ynskje til forskarane. Denne seksjonen inneheldt ein interaktiv del der reindriftsutøvarane fekk møte forskarar på AUC-konferansen for opne dialogmøte. I førekant av denne dialogen var det ein runde der reindriftsutøvarane gruppevis fekk leggje fram dei viktigaste synspunkta sine på kvar skoen trykkjer, kvar behovet for forsking er størst.

Eit gjennomgåande tema var at ein ynskjer at tradisjonell kunnskap blir lytta meir til, i form av dokumentasjon, men òg i høve til formidling. Reinens rolle og reinens plass i landskapet var eit anna tema. Reindriftsutøvarane ynskte seg elles større moglegheiter til å delta i, og til å bli sterkare involvert i forskinga. Vidare etterlyste dei betre kommunikasjon for å handtere konfliktar. Rovdyr opptok naturleg nok mange, bl.a. at lovverket ikkje er godt nok. Frå Finland kom det her ei stor bekymring i høve til turisme på grensa mot Russland der ein legg ut mat til rovdyra, særleg bjørn, for å lokke til seg foto-turistar.

Tap av beiteareal

Eit sentralt tema var tap av beiteareal, til gruvedrift, vasskraft, vindkraft, skogbruk, jakt med hund, turisme m.m. Reindriftsutøvarane er opptekne av at dyra skal få ro til beiting og stilte spørsmål om når grensa er nådd i høve til alle dei ytre påverknadane frå storsamfunnet. Her kan det trygt skytast inn at den norske villreinen står overfor mange av dei same utfordringane.


Kajsa Kuoljok er etnolog tilsett ved Àjtte museum i Jokkmokk, ho driv med ein doktorgrad knytt til temaet bruk av GPS-sporing i reindrifta, sett i samanheng med tradisjonell samisk kunnskap om reinen som er bygt opp gjennom generasjonar. Dette kan kanskje òg vera eit interessant tema i norsk debatt omkring bruk av GPS både i reindrifta og i villreinområda? Foto: Kjell Bitustøyl

Mange meinte det bør forskast meir på økonomien i reindrifta, korleis unge skal våge å ta over og satse på denne næringa. For risikoen har auka, og det har oppstått nye vanskar med etablering. På den andre sida har ein dei tekniske utfordringane og moglegheitene, til dømes ved bruk av GPS og droner. Dette siste har blant anna ført til betre dokumentasjon av kvifor reinen skyr visse område, kvar dei har trekkrutene sine o.l.

I samband med tap av areal, blei det etterlyst korleis ein skal få erstatningsområde for tapte beiteområde, til dømes i høve til skogdrift og tap av tilgang på både marklav og “henglav”, som ein kallar det på svensk. Klimaendringane var òg eit viktig tema, der kom det fram at der er store geografiske skilnader. Ei svært konkret bekymring var elles at reindriftsutøvarane er redde for auka kostnader til drivstoff.

Reinsdyr – sunne og friske?

I høve til sjukdom og helse handla det mykje om korleis ein skal handtere endring i beitetilhøve og klima. Ein ynskte seg betre tilgang på ekstrafór, til dømes høy. Denne problemstillinga er førebels meir aktuell i Finland og Sverige enn i Noreg. Særleg i Finland har bruk av ekstra fór skote fart i reindrifta, med dei konsekvensar det får for ikkje minst helsesituasjonen til reinsdyra. Dette var eit tema fleire var innom under konferansen.

Eit anna moment var at ein del reindriftsutøvarar kvir seg for å levere inn daude dyr til veterinærstyresmaktene, dei dreg dei heller ut i skogen. For som det blei sagt: “reinsdyr er forventa å vera sunne og friske”. Dette vil forskarane endre på, og då er det snakk om haldningsendringar i det samiske samfunnet. I denne saka kom det fram at veterinærprofessor i Tromsø, Morten Tryland, har drive med kursverksemd med utgangspunkt i nettopp denne problemstillinga.

Svenske eller samiske lover?

Anna Kaddik frå Svenska Samernas Riksförbund (SSR) kom med framlegg om at samar burde forske meir på seg sjølve og sin eigen kultur, basert på samisk kunnskap, blant anna med bakgrunn i at lovane er skrivne av “nokon andre” som ho formulerte det. Malin Brännström, forskar med bakgrunn frå ein sameby, var inne på noko liknande. Ho meinte at ein i høve til forsking burde legge meir vekt på dei interne reglane og regelpraksisen i samebyane enn den svenskdominerte rettspraksisen som er “normen”.

Dette var berre eitt av svært mange tema som var oppe, og her er ikkje staden for å dukke djupare ned i dette materialet. Men oppsummert kan ein trygt seie at arrangøren greidde å få fram meir av det samiske kulturelle perspektivet, og meir generelt urfolksperspektivet. Det blei blant anna sagt at den svenske staten (som den norske) har eit spesielt ansvar for samebyane og samekulturen, og at den levande kunnskapen skal komplettere vitskapleg kunnskap. Dette gjeld òg i høve til debatten kring biologisk mangfald, der òg den samiske kunnskapen bør inkluderast meir. I denne saka blei det peika på Sametingets rolle og det internasjonale perspektivet med FN’s urfolksdeklarasjon.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing

Villreinnemnda for Reinheimen-Breheimen deler ut midler


Penger, vifte.jpg

Villreinnemnda for Reinheimen-Breheimen lyser ut middel til villreintiltak. Villreinnemnda har kr 212.534,- til utdeling i 2019, søknadsfrist er 20.10.19.

Tilskot til villreintiltak er innbetalte fellingsavgifter for villreinjakt som blir ført tilbake til det einskilde villreinområde. Middel kan bli brukt til tiltak som:

  1. Styrker forvaltninga av villreinstamma.

  2. Styrker kunnskapen om villreinen sin arealbruk i både nåtid og fortid.

  3. Fremmar befolkninga sin forståing og kunnskap om villreinen sin bruk av fjellområda.


Illustrasjon, høst i villreinfjellet. Foto: Ingrid Sønsterud Myren, Norsk villreinsenter

Illustrasjon, høst i villreinfjellet. Foto: Ingrid Sønsterud Myren, Norsk villreinsenter

Søknad skal innehalde målsetting og beskriving av tiltaket, budsjett (kostnadar og finansiering) og tidsramme for gjennomføring, namn og kontonummer til søker.

 

Send søknaden til: 

Villreinnemnda for Reinheimen-Breheimen
Moavegen 30
2690 Skjåk

E-post: tor.taraldsrud@skjaak.kommune.no

 

villrein.no – Ingrid Sønsterud Myren

Bukken i Våmur Roan var negativ


Veterinærinstituttet har konkludert med at bukken i Våmur Roan ikke hadde skrantesjuke. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Veterinærinstituttet har konkludert med at bukken i Våmur Roan ikke hadde skrantesjuke. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

En innledende test på hjernemateriale fra en villrein skutt i Våmur Roan ga svakt utslag på skrantesjuke. Nå har imidlertid Veterinærinstituttet sammenstilt annen informasjon og konkludert med at dyret ikke hadde sykdommen.

Det var kun på hjernematerialet og ikke lymfematerialet at bukken testet svakt på skrantesjuke. Det var et utfordrende element for Veterinærinstituttet at det ikke var tilstrekkelig hjernemateriale til mer enn en test. Allikevel har de nå, basert på annen innsamlet informasjon, konkludert med at prøven var negativ.

Rester av dyret som ble felt, ble hentet ut av Statens naturoppsyn ut i fra et føre-var hensyn etter de innledende testene. Kartleggingsprogrammet fortsetter som planlagt i Våmur Roan og alle andre villreinområder.

Vi minner i sakens anledning om viktigheten av at jegerne tar skrantesjukeprøvene rett. Les mer om kartleggingsprogrammet og hvordan prøver skal tas og registreres her.

Les også “Viktig at jegerne tar skrantesjukeprøvene rett” (hjorteviltportalen).

villrein.no – Anders Mossing

Reinen på Hardangervidda – sterkt blanda med tamrein


Dagens villrein på Hardangervidda har sterke innslag av tamreingener. Foto: Kjell Bitustøyl

Dagens villrein på Hardangervidda har sterke innslag av tamreingener. Foto: Kjell Bitustøyl

Villreinjakta på Hardangervidda er i fokus i desse dagar, med rein bukkejakt i år. Korleis er det eigentleg med historia til Noregs største villreinstamme? I denne artikkelen skal me sjå nærare på historia om villreinen på Hardangervidda knytt til det sterke innslaget av tamrein som har påverka denne stamma over lang tid.

“Villreinen på Hardangervidda anslåes i dag til å bestå av 70 % tamrein, og det skyldes i stor grad frislepp og rømninger”. Dette står å lesa i Punsvik og Frøstrup si bok “Villreinen – fjellviddas nomade” (2016). Denne historia er relativt godt kjent, me skal difor i denne artikkelen gå meir konkret til verks i korleis dette sterke innslaget av tamrein har blitt til.


Villrein på vidda, kanskje ein etterkomarar av forvilla tamrein? Foto: Kjell Bitustøyl

Villrein på vidda, kanskje ein etterkomarar av forvilla tamrein? Foto: Kjell Bitustøyl

Tamreindrifta på Hardangervidda har gjeve mange slags utslag. I perioden der dei fyrste sportsjegerane tok i bruk villreinfjellet, var det den “edle” villreinen som galdt, tamreinen blei sett på som “lågstatus”, som forureining. Tamreinen blei betrakta som eit trugsmål mot villreinstamma. Dette står på eit vis i kontrast til det som genforskar Knut Røed i nyare tid har lyft fram; at innførsel av tamrein på Hardangervidda faktisk har ført til eit positivt genetisk mangfald med vesentlege innslag av “nytt blod” frå andre reinstammer. Kanskje er den meir tilpassingsdyktig for ulike endringar med meir genetisk mangfald?

At villreinen stadig vekk har høgare “verdi” enn tamreinen, finn me eksempel på den dag i dag, til dømes i forteljinga om tungsvassabotørane under krigen. Det heiter at “dei levde av villrein” inni fjellet. Jens Anton Poulsson, som var sentral i tungtvassaksjonen, har sjølv fortalt til ekspert på temaet, Tor Nicolaysen, at den fyrste reinen han skaut i desember 1942 hadde øyremerke. At representantar for sabotørane rett etter krigen skal ha tilbode tamreineigarar erstatning for rein dei hadde skote for å overleva, tyder på å det var fleire enn éin tamrein som hadde falle for sabotørane sine kuler.

Eldste tida

Dei tidlege forsøka med tamrein som skriv seg heilt tilbake til 1780-åra, fekk truleg ikkje særleg stor innverknad på villreinstamma, for det var berre spreidde forsøk og få dyr. Heller ikkje i det ein kan kalle den andre tamreinperioden, dvs. frå midten av 1830-talet til ca. 1860, kan ein snakke om store tamreinflokkar, sjølv om ein no finn forsøk med tamrein i dei fleste bygdene rundt vidda. I høve til det som er dokumentert, er det også no snakk om relativt små flokkar, frå eit titalls dyr til mellom 100 og 200. Desse tala må sjåast i samanheng med at ein i dei samiske tamreinområda heller ikkje hadde nåme nære så store flokkar som seinare, då den ekstensive reindrifta meir og meir tok over. I den intensive reindrifta som i nokre område heldt seg til litt innpå 1900-talet, var det mjølkerein ein dreiv med, då måtte ein ha tammare dyr og mindre flokkar. I den ekstensive reindrifta, som handlar mest om kjøtproduksjon, er det derimot snakk om langt fleire dyr per reineigar. Og sjølv om her er mange historier om tamrein som rømte eller blei forvilla i denne perioden, og slik sett kan ha påverka villreinstamma, må ein nok til perioden etter 1880 for å finne den sterkaste påverknaden på villreinen frå tamreinflokkane på vidda.


På Rørosvidda har snøskuteren, som i nesten alle tamreinområde, teke over som reingjetarens viktigaste reiskap vinterstid. Foto: Kjell Bitustøyl

På Rørosvidda har snøskuteren, som i nesten alle tamreinområde, teke over som reingjetarens viktigaste reiskap vinterstid. Foto: Kjell Bitustøyl

Oppblomstring av tamreinsdrift etter 1880

Det er fleire grunnar til at det blomstra opp med tamrein frå 1880-åra og framover, men om ein forenklar litt, er det nokre faktorar som kan trekkast fram:

  • Nedgangen i villreinstamma mot slutten av 1800-talet på grunn av meir effektive børser. Slik blei store område liggjande ”tome” for rein, og med det var det mange som såg for seg ei ny inntektskjelde med tamreindrift.

  • Samar som kom med eigen rein. Det gjeld fyrst og fremst fram i åra før 1900, då kom det lover mot slik etablering. Av dei større flokkane som er mest kjent tek eg med éin i 1885, på 800-1000 dyr. Desse fór vidare til Setesdal etter om lag eitt år på vidda. Vidare den største flokken, 4000 rein, som kom over Hardangervidda til Setesdal i 1892. Her rømte det ein del rein nordover att, noko som òg skjedde med andre slike flokkar.

  • Mange tamreinselskap blei betre organisert, som oftast i aksjeselskap med lokale eigarar. Ein modell som breidde om seg til dei fleste bygdene rundt vidda.

  • Selskapa tilsette samiske gjetarar som var dei som kunne dette med reindrift. Dette er ein praksis som langt på veg heldt seg heilt til det var slutt med reindrifta på Hardangervidda i 1957, sjølv om det etter kvart òg blei mange dyktige bygdefolk som lærte seg reinsgjetaryrket.


Reinsgjetarar på jobb på Hardangervidda, kanskje for Telemarken Reinsdyrselskap, Halvor Loftsgarden frå Rauland (t.v.) og sørsamen Nils Thomas Nilsen (1854-1913), opphavleg frå Namdalen. Tidspunktet er usikkert, og biletet må vera frå før 1913. Det …

Reinsgjetarar på jobb på Hardangervidda, kanskje for Telemarken Reinsdyrselskap, Halvor Loftsgarden frå Rauland (t.v.) og sørsamen Nils Thomas Nilsen (1854-1913), opphavleg frå Namdalen. Tidspunktet er usikkert, og biletet må vera frå før 1913. Det som er kjent er at Nils T. Nilsen var reinsgjetar i 20 år, fyrst for Lars Berunuten, seinare for Rauland Reinkompani og Telemarken Reinsdyrselskap. Foto utlånt av Solveig Loftsgarden

Det er skrive mykje om reinen på Hardangervidda, og ein gjengangar er utveksling mot andre villreinområde, til dømes Setesdalsheiane og Nordfjella. Denne debatten er framleis levande i høve til temaet arealfragmentering og vandringsvegar. Men i denne artikkelen er dette ikkje noko tema. I staden skal me ta med ein oversikt, så langt det har vore mogleg, over selskap som har eksistert i stuttare eller lengre periodar, og kva som er dokumentert av innkjøp. Denne oversikta er sjølvsagt korkje fullstendig eller heilt eksakt, men gjev oss likevel ein peikepinn på omfanget av denne “innførselen” av tamrein til Hardangervidda. Noko som gjer biletet komplisert er all utvekslinga og handelen mellom dei ulike tamreinselskapa, dette må ein ta med som ei viktig faktor. Ein annan faktor er fusjon mellom ulike selskap. Me har valt å liste opp tamreinselskapa kommunevis:

Hol

  • Hol reinskompani (1885-1917), seinare Hol og Ål reinco, med rein delvis på nordsida av Hallingskarvet. Reorganisert fleire gonger, bl.a. 1960.

  • Hol reinsamlag (1889 – 1910), også kalla Reinthon tamreinlag, kjøpte i 1901 1000 rein av Sysendalskompaniet. Dette kompaniet kjøpte òg Reinthonkompaniet og Tuftekompaniet. Dette laget hadde området vest for Hallingskarvet langs Usta.

  • Tuftes reinkompani (1897- ?), gjekk inn i Hol reinsamlag etter kvart.

  • Haugastøl reinkompani (1925/26 – ), starta med 300 rein kjøpt inn frå Rørostraktene.

  • Dagali og Skurdalen reinkompani (1934 – 1956), kjøpte 900 dyr frå Finnebotn reinssamlag i Hol, før det hadde dyra kome frå Sverige via Valdres. Laget spedde på flokken med 600 rein i 1953, innkjøpt frå Jämtland, og litt færre, ca. 500 rein, frå same området året etter.

  • Ustedalen reinlag (1955-1964), overtok til dels reinen til Dagali og Skurdalen reinkompani.

Eidfjord

  • Sysendalskompaniet (1887 -1901), starta med 100 dyr, men selde heile flokken til Hol reinsamlag i 1901.

  • Eidfjord reinkompani (1891- ) med beiteområde i Eidfjord sameige og Halne sameige.

  • Hardanger reinkompani (1895 – ), gjekk saman med Eidfjord reinkompani i 1900. Kjøpte 300 dyr av Knut Haukeliseter i 1895. Reorganisert 1900, som Hardanger reinkompani II, men lagt ned i 1910.

  • Veigkompaniet (1894 – 1899), kjøpte 400 dyr av sameekteparet Lars og Sigrid Johnsen, som dreiv med eigen rein som hadde kome sørover 1892. Selskapet selde aksjane sine til Eidfjord reinkompani før 1899.

  • Øvre Eidfjord reinsamlag, seinare Øvre Eidfjord Reinco (1907-1924), sørlege delen av Eidfjord kommune som beiteland. Kjøpte 200 dyr av samane Renander/Johnsen 1907.

  • Hardanger reinco (1927-1956), starta av grunneigarar i Sysendal og Simadal. Kjøpte 264 dyr frå Bygdin til oppstarten. I 1900 blei det Hardanger Reinco II, som då var ei samanslåing av Eidfjord Reinkompani, Hardanger reinkompani I og Veig-kompaniet. Hardanger Reinco slo seg saman med Dagali og Skurdalen reinkompani i 1943.

Vinje

  • Lars Berunuten (1884 – ), kjøpte inn 130 rein i Namdalen 1884 og samarbeidde bl.a. med samar med eigen rein.

  • Rauland Reinkompani (1888-1899) starta opp med ca. 150 rein, kjøpt frå Rørostraktene.

  • Fougner Christianiakompaniet (1891-1899), hadde kjøpt opp store fjellvidder både i Tinn og Vinje.

  • Telemarken Reinsdyrselskap (1899-1916/17), overtok reinen til Rauland Reinkompani og Fougnerselskapet. Seinare òg reinen til Tinn renhjordselskap. Dei overtok store fjelleigedomar.

  • Vågsli tamreinco (?). Lite er kjent omkring dette laget. Berre at dei hyra inn ein samisk gjetar, Thomas Paulsen, busett i Eidfjord, for å skilje vill og tam rein på eit tidspunkt.

  • Skarbudalen Rensdyrlag (ca 1907- ), slo seg saman med Løvstukompaniet frå Numedal (ca 1912-1917).

Tinn

  • Tinn renhjordselskap (1890-1913). Starta opp med ca. 300 dyr, innkjøpt frå Namdalen, i tillegg kom dei samiske gjetarane kom med eigne dyr.

  • Tinn reinsamlag (1947-1956). Fuglestegkarane kom med ca. 800 rein i 1947, skilt ut frå ein større flokk som kom frå Vest-Jotunheimen.

Nore og Uvdal

  • Opdal Renkompani (1890-1957). Kjøpte ca. 230 rein av Lars Berunuten og Knut Haukelisæter til oppstarten i 1890. Av frykt for innavl blei det kjøpt inn ca. 225 bukkar frå Olav Grøv i Valdres i 1934. Denne flokken var opphavleg bukk kjøpt inn frå Härjedalen i Sverige. Her må òg reknast inn at einskilde av gjetarane kom med eigne dyr.

  • Thorsrudkompaniet (1903-1915). I oppstarten gjette ein samefamilie med eigen rein, som ein del av flokken. Til slutt blei flokken kjøpt opp av Lars og Knut Gardsteig og to-tre brør Løvstuen frå Numedal.

Odda

  • Eit tamreinlag i Seljestad (1890 – ?), skipa av grunneigarane i området.

  • Røldal reincomp. (1898 – ?). Lite er kjent om dette laget, men det skal ikkje ha vart i særleg mange år.

Tala i denne oversikta må ein sjølvsagt ikkje ta som 100 % korrekte, det einaste som er sikkert er at det har kome fleire tamdyr enn dei som dokumentert her.

Krigen gav nådestøyten

Svingingane i dyretalet innafor tamreinperioden 1880-1957 er nokså dramatiske. Ofte ser ein at når villreintalet gjeng ned, aukar det på med tamrein. Og mest tydlege utslag motsett veg, fekk ein under 2. verdskrig då blokaden rundt vidda etter tungtvassaksjonen i 1943 førte til kaos for tamreindrifta. Eit kaos som gav tamreindrifta på Hardangervidda nådestøyten. For sjølv om selskapa heldt fram eller nye selskap blei oppretta rett etter krigen, var problema med blanding av vill og tamrein så store at dei selskapa som var att måtte gje opp drifta i 1956-57. Om ein ser berre på statistikken for villreinen, ser ein fleire større bylgjedalar. Etter at villreinen blei freda over heile landet frå 1902 til 1906, auka stamma òg på Hardangervidda. Samtidig er det rundt 1910 at tamreindrifta er på det mest omfattande på vidda. Mot slutten av 1920-åra er det ein gradvis stor nedgang i talet på villrein, utan at der finst éin einskild grunn til dette. Her spriker tala noko, men det ser ut til å variere frå nede i 800 dyr til 2-3000 dyr. I alle høve er dette få samanlikna med den villreinstamma ein seinare får på Hardangervidda. Den kraftige auken i villreinstamma rett etter krigen og framover har sjølvsag
t samanheng med rømt tamrein. Det finst òg dokumentasjon på at selskap sleppte dyra sine i staden for at okkupasjonsmakta skulle få kloa i dei. Dagens “fargerike genkart” på Hardangervidda har altså si heilt logiske forklaring.


Mange sørfrå var til Rørostraktene for å kjøpe inn tamrein. Dette er kan hende ein "søring" som har kjøpt seg rein. I tidlegare tider var det å bruke ski når ein skulle drive rein. Foto utlånt av Rørosmuseet

Mange sørfrå var til Rørostraktene for å kjøpe inn tamrein. Dette er kan hende ein “søring” som har kjøpt seg rein. I tidlegare tider var det å bruke ski når ein skulle drive rein. Foto utlånt av Rørosmuseet

At blokaden under krigen var ein utløysande faktor på Hardangervidda kan ein òg hente prov for i granneområda. I Setesdal, der ein ikkje hadde ein slik blokade, heldt ein fram med tamreindrift til 1979, det same galdt for Hallingdal/Nordfjella, der siste tamreinen blei slakta ned i 1982.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing