Reinkalv har hovudrolla i ny film


Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Familiefilmen “Ailos reise – et nordnorsk eventyr” har ein reinkalv i hovudrolla, ein reinkalv som må kjempe for å overleve på tundraen i nord. Dette er ein fransk/finsk produksjon som til dels er spela inn i Noreg.

Filmen “Ailos reise – et nordnorsk eventyr” har fått gode omtalar, Aftenpostens filmmeldar skriv for eksempel at “jeg har aldri sett så nærgående og underholdende opptak fra dyrenes verden før.” Filmen er regissert av franskmannen Guillaume Maidatchevsky som eigentleg er biolog og har ei genuin interesse for dyrelivet. Dette gjennomsyrar denne filmen, ein film som eigentleg viskar ut skiljet mellom spelefilm og dokumentar, i fylgje NRK sin filmmeldar.



Livet rundt reinsflokken

Historia om reinskalven Ailo startar med at han etter å ha blitt født på vidda, må greie å overleva i den harde villmarka og fylgje mora fram til vårbeitet. Det er ulike farar på vegen: djup snø, strie elvar og rovdyr på lur. Filmen har aldersgrense 6 år og i fylgje vaskesetelen er det eit slags eventyr om livet rundt reinsflokken, sjølv om mykje ber preg av dokumentar. Det blir opplyst at filmskaparane fylgde rein, jerv, ulv, røyskatt og ekorn i halvtanna år, dei fleste ville. Delar av filmen er spela inn i Namskogan familiepark.

Dei som har sett filmen brukar ord som varm, vakker og rørande, og at regissøren har greidd å skape ei nerve som berre verklege gode naturdokumentarar gjer, dvs. at ein tek dyra tilbake til deira naturlege habitat. Samtidig er ei innvending at filmen personifiserer det som står fram som ville dyr i naturen, samtidig som den ynskjer å få fram historia og eventyret ved å leggje seg lenger vekk frå røyndomen. På den andre sida får filmmakarane skryt for å lage magiske scener i ei tid prega av animasjonsfilmar som tilfører dyra menneskelege og ufarlege eigenskapar.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing