Seminar om ferdsel og villrein på Hardangervidda


Hytter på vidda – ein av mange faktorar som genererer trafikk og barrierar for villreinen. Dette er frå Imingfjell. Foto: Kjell Bitustøyl

Hytter på vidda – ein av mange faktorar som genererer trafikk og barrierar for villreinen. Dette er frå Imingfjell. Foto: Kjell Bitustøyl

Siste nytt frå ferdselsprosjektet på Hardangervidda blei lagt fram på eit seminar på Geilo 25. og 26. november. Eit stort tal representantar frå forsking, forvaltning, reiseliv, brukargrupper m.m. var møtt fram. Viktigaste konklusjonen var at tiltak må setjast i verk for å få reinen til å bruke meir av leveområdet, særskild i barmarkssesongen. I så måte fekk areala i vest og nordvest mykje merksemd.

Ein milepæl

Seminaret på Geilo var ei direkte oppfylging av eit seminar med same tema året før. Då blei det òg annonsert at fleire pågåande planprosessar blei sett ”på vent” til ferdselsprosjektet, som omhandlar ulike typar menneskeleg ferdsel på Hardangervidda, skulle avsluttast. Dette omfattar den såkalla ”besøksstrategien”, dei ulike stig- og løypeplanane som kommunane skal utarbeide, og rulleringa av regionalplanen for Hardangervidda. Og sjølv om siste nytt frå ferdsleprosjektet hadde blitt lagt fram to dagar før på haustmøtet for villreinutvalet i Eidfjord, var det knytt spenning kva analysane av dette talmaterialet seier oss. Her skal det skytast inn at den endelege rapporten enno ikkje ligg føre i sin heilskap, det står att eitt punkt som skal kartleggje bruken og trafikken lokale folk står for på vidda, dette skal fullførast på nyåret. Likevel blei det brukt ord som ”milepæl” i høve til det arbeidet som er gjennomført.

Les også «Bør ferdsla på Hardangervidda avgrensast meir?» (villrein.no)

Stigar skaper barrierar

Dei to som stod for framlegginga av ferdsledata var forskarane Vegard Gundersen og Geir Rune Rauset frå Norsk institutt for naturforskning (NINA). Gundersen oppsummerte med at der er stor variasjon av effektane ferdselen kan ha på villreinen, men at hovudbiletet er negativt. Mange faktorar spelar inn, men turisthytter og merka stigar er det som tydlegast peikar seg ut. Gundersen teikna eit komplekst bilete av ferdselen på vidda der ulike typar bruk, kor langvarig, og kor mange personar som er involvert, er viktige faktorar. Konkret kan ein seie at om der er relativt få som fylgjer ein merka stig i løpet av ein dag, treng ikkje dette forstyrre villreinen nemneverdig, men om dette talet overstig eit visst volum, kan stigen skape ein barriere som gjer at reinen vegrar seg for å krysse.


Vegard Gundersen frå NINA la fram rapporten om menneskeleg ferdsel på Hardangervidda. Foto: Kjell Bitustøyl

Vegard Gundersen frå NINA la fram rapporten om menneskeleg ferdsel på Hardangervidda. Foto: Kjell Bitustøyl

Karta som blei lagt fram basert på teljingane, viste i klårtekst at dagens villreinstamme i fylgje forskarane langt på veg er ”stengt inne” i det området som har færrast slike barrierar, dvs. området litt aust for Haukelifjellmassivet mot Bjønnavassdraget og Kvenna, Sauarflott og Songa og fjellområda heimover mot sørsida av Møsvatn og Rauland. Det er her reinsdyra kalvar og det er her dei held seg store delar av sommaren. Av denne grunn nyttar reinen berre ca. 20 % av det potensielle beitearealet på vidda. Det viktige spørsmålet blei difor: Korleis skal reinen koma seg ut av dette kjerneområdet? Gundersen oppsummerte med ein oversikt over kva det er mogleg å gjera noko med, og at det er innfallsportane og ferdselen desse genererer som er avgjerande.


Geir Rune Rauset frå NINA (til venstre) i samtale med Bjørn Arne Lindskog frå Tilsynsutvalet i Telemark under gruppearbeidet. Foto: Kjell Bitustøyl

Teste ut modellar

Geir Rune Rauset på si side tok utgangspunkt i at Hardangervidda har gode forutsetningar for å vera eit godt område for reinen. Reinen i dette ”runde” fjellområdet har fleire trekkmoglegheiter enn i meir smale villreinområde. Han har vidare sett på kombinasjonen av GPS-data for reinens trekkruter sett opp mot menneskeleg ferdsel. Ein ikkje uventa konklusjon så langt er at dette er eit svært komplekst problemområde. Rauset har blant anna sett på steganalysen som GPS-merkingane gjev svar på i høve til barrierar, sagt med andre ord: Kva skal til før reinen kryssar ein barriere og korleis går dette føre seg? Å fjerne eller stenge turisthytter og stigar mellombels, ser han som ein måte å teste ut dei modellane eller teoriane som har kome fram av denne ferdselundersøkinga. Dette temaet var elles fleire innom under seminaret, men slike framlegg er førebels berre på idéstadiet.

Ta i bruk kunnskapen!

Villreinforskar Olav Strand, frå NINA og Norsk villreinsenter (NVS), bruka omgrepet ”villreinen som miljøbarometer” og viste til forsking på villrein og innsamling av data/kunnskap som har vart i over 40 år. Han gjorde seg til talsmann for at tida no er komen for å ta i bruk denne kunnskapen for å løyse framtidas utfordringar for villreinen, altså teste kunnskapen gjennom å prøve ut effekten av ulike tiltak. To stikkord han brukte var klima og tettleik, begge relatert til det høge talet av klauvròte som er påvist no i sommar. Som døme på vellykka testing av slik innsamla kunnskap, viste han til jaktfredningssonene som blei oppretta på delar av Hardangervidda for å oppnå betre spreiing av reinen i jakttida. Fenomenet arealtap ser han òg i samanheng med det auka ferdselavtrykket.

Les også “Fotråte i flere områder” (villrein.no) og “Fotråte hos villrein – et faresignal fra vårt viktigste miljøbarometer” (villrein.no)


På tide å ta kunnskapen i bruk. Villreinforskar Olav Strand tok eit tilbakeblikk på 40 års forsking på villrein. Foto: Kjell Bitustøyl

På tide å ta kunnskapen i bruk. Villreinforskar Olav Strand tok eit tilbakeblikk på 40 års forsking på villrein. Foto: Kjell Bitustøyl

Frå DNT-hald blei det presisert at ein ynskjer å vera ein alliert og finne løysingar saman med dei som kjempar for villreinens ve og vel. Rutenettet fylgjer ingen naturlov og DNT og lokallaga ynskje å vera ein del av løysinga, ikkje berre ein del av problemet, blei det sagt frå den kanten.

Gruppearbeid og fokusområde

Store delar av seminaret gjekk føre seg i grupper som var dela inn etter dei ulike fokusområda rundt vidda som Norsk villreinsenter Sør (NVS Sør) har laga utkast til. Mange av desse fokusområda er samanfallande med innfallsportar eller andre område der trafikken er ekstra stor eller der konfliktnivået er høgt. Eitt døme er Trolltunga, eit anna er Riksveg 7. Felles for alle gruppene var at ein blant anna skulle sjå for seg vidda om 15 år, korleis vil utfordringane vera då t.d. Denne gruppediskusjonen skal me koma nærare tilbake til, berre her òg no fortelje at forskarane og NVS Sør som sette det heile i gang, blei positivt overraska over at så mange såg forbi dei lokale og spesielle tilfella og såg heilskapen i utfordringane for villreinen på Hardangervidda.


Ny på villreinmøte. Tuva Flor Lien, nystilsett naturrettleiar ved Norsk villreinsenter Sør (venstre). Her saman med Anne-Mette Kirkemo frå Buskerud NJFF (med ryggen til), Endre Kleiveland, DNT-sentralt og Honoria Bjerknes Hamre, Naturvernforbundet i…

Ny på villreinmøte. Tuva Flor Lien, nystilsett naturrettleiar ved Norsk villreinsenter Sør (venstre). Her saman med Anne-Mette Kirkemo frå Buskerud NJFF (med ryggen til), Endre Kleiveland, DNT-sentralt og Honoria Bjerknes Hamre, Naturvernforbundet i Hordaland. Foto: Kjell Bitustøyl

Overraskande var det kan hende òg at rapporten som tok for seg sommartrafikken ikkje var tilstrekkeleg i høve til det store spørsmålet: Korleis få reinsdyra over på dei gode beita for å betre kondisjon og produktivitet? Her kom gruppearbeidet opp med ei klår tilråding: Stram inn på motorferdsel og anna menneskeleg ferdsel i april månad i desse sårbare områda, slik at villreinen kan få tilstrekkeleg ro på seg til å trekke over mot vest og nordvest.


Intens konsentrasjon om oppgåvene i gruppearbeidet. Dette er gruppa som hadde fokusområda Dronningstigen og Husedalen som tema. Foto: Kjell Bitustøyl

Det blei frå forskarhald altså understreka at ein må starte der det er råd å gjera noko, for ikkje all ferdsle let seg regulere, blant anna på grunn av allemannsretten. Det blei òg trekt fram dei problemområda der ikkje berre fotturistar, men òg biltrafikk, hytteområde og næringsaktivitet er med på å skape barrierar for reinen, eksempelvis Imingfjell og Stegaros ved Kalhovd. Reiselivet blei òg nemnt, særleg i høve til Tinnhølvegen og den trafikken denne genererer langt inn på vidda. Her kom det opp eit framlegg om at noko av det enklaste ein i fyrste omgang kan gjera, er å stenge vegen for bubilar, på line med vegen inn til Tuva Turisthytte på austvidda.

Kvar ynskjer ein å styre ferdsla?

Det blei oppsummert at i siste fase av dette ferdselsprosjektet må ein få til ei breiare forankring, involvere lokalbefolkninga rundt omkring. Frå dei nemnde prosjektplanane som har venta på denne rapporten, blei det klart uttrykt at ein no kan bake denne kunnskapen inn i det pågåande arbeidet med planar overfor kommunane, men òg i høve til den større regionale tenkinga. Til dømes blei det frå Kjetil Heitman, som arbeider med besøksstrategien, sagt at denne no skal ut på høyring i løpet av to månader. Og i tråd med det temaet som gjennomsyra heile dette seminaret, er spørsmålet sjølvsagt: Kvar ynskjer ein å styre ferdsla? Og då er det ikkje berre villreinen det handlar om, då handlar det om alle som brukar Hardangervidda.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing