diverse
Fagdagane del 2: Kvalitetsnorm pluss pluss
Kvalitetsnorma for villrein var tema for fleire innleiarar under Villreinrådets Fagdagar på Geilo. I denne artikkelen skal me omtale både dette og litt av det andre som skjedde.
Villreinen på raudlista?
Kvalitetsnorma for villrein er enno ikkje avslutta, det skjer ikkje før på nyåret. Difor bar presentasjonane under fagdagane på Geilo meir preg av undervegsrapportar. Vemund Jaren frå Miljødirektoratet kom inn på Kvalitetesnorma under si årlege framlegging av nytt frå Miljødirektoratet. Men fyrst var han innom det faktum at villreinen kan koma til å bli raudlista av Artsdatabanken. Denne raudlista skal leggjast fram i november, og villreinen kjem i tilfelle under kategorien «nær truga».
Kvalitetsnorma
Jaren tok eit tilbakeblikk på bakgrunnen for etablering av kvalitetsnorma, som kom som eit resultat av det tapet av leveområde som har gått føre seg i form av oppsplitting av villreinområde. Kvalitetsnorma er kunnskapsbasert og omfattar dei 10 nasjonale villreinområda våre i fyrste omgang. Jaren fortalde om arbeidet som går for seg med blant anna samordning av feltinnsats, t.d. kalveteljingar og strukturteljingar. Ei nasjonal ekspertgruppe er etablert og saman med lokal kompetanse skal ein altså klassifisere dei ulike villreinområda. Christer Moe Rolandssen frå NINA er leiar for klassifiseringsgruppa. Dette arbeidet skal vera ferdig rundt mars 2022. Klassifisering av dei andre villreinområda skal leggjast fram hausten 2023. Viss eit villreinområde kjem ut med dårleg kvalitet (raud farge) utifrå ei heilskapsvurdering, skal tiltak setjast i verk.
Imingfjell blir ikkje vinteropen
Jaren var òg innom status for dei sju vedtekne retningsgjevande regionale planane, den siste blei vedteke i 2017 (Dovrefjell). Han la vekt på at det er viktig å halde desse planane levande gjennom rulleringar, den siste i så måte er regional plan for Hardangervidda som blei godkjent av KMD 1.10.2021. Eit viktig punkt her var at det ikkje blir noko vinterbrøyting over Imingfjell. Eit stikkord for rulleringa av desse planane er elles samordning av tiltak.
Verdiskapingsprogramma
Status for verdiskapingsprogramma er at det er ca 20 prosjekt som er etablert, og at det i fylgje Jaren verkar som desse er positivt mottekne. Nokon prosjekt er avslutta, difor er det nye friske midlar til prosjekt for 2022. Søknadsfristen i år er 15. januar. Meir info er å finne på nettsidene til Norsk villreinsenter.
Kvalitetsnorm NVS og lokale erfaringar
Leiar for Norsk villreinsenter nord, Raymond Sørensen, hadde ein presentasjon der han bl.a. var innom kvalitetsnormarbeidet ved NVS. Han viste til arbeidet som er i gang og forklarte eit omgrep som er mykje brukt: Kva er eit funksjonsområde? Svaret er slik: Det er kartflater som viser reinens arealbruk, dvs. kalvings-og oppvekstområde, sommar- og vinterbeite og trekkpassasjar. Altså ei kartforteljing. Han la vekt på at ein i dette arbeidet er heilt avhengig av lokalkjente deltakarar.
Kristin Lund Austvik, dagleg leiar og fjelloppsyn for Kvikne Utmarksråd, som omfattar Forollhogna og Knutshø, heldt eit innlegg om kvalitetsnormarbeidet sett frå lokal synsstad. Ho viste oss bl.a. GPS-data frå Knutshø, medan Forollhogna ikkje har slikt merkeprosjekt. Omgrepet «sett rein» er difor viktig og har vore brukt der i mange tiår. Med tanke på jaktuttak og kvalitetsnorm hadde ho eit poeng som kanskje òg andre bør merke seg: I Forollhogna har ein oppmoda jegerar til velje å skyte små kalvar, og der har det faktisk blitt litt status at ein på denne måten bidreg og får fokus litt vekk frå dette med heile tida å ta ut dei største dyra. Ho var òg inne på at det er ei utfordring å få inn tilstrekkeleg med data i samband med jakt, noko som har blitt endå meir komplisert etter at CWD-en kom. Ei løysing på dette meinte ho vil vera å kutte ut fysiske kontrollkort, altså berre bruke digitale løysingar. Ho oppsummerte med at teamsmøta i samband med kvalitetsnormarbeidet har fungert bra, og at det har vore inspirerande med samarbeid, men at der er utfordringar blant anna med artsobservasjoner, som er ein god database, men at det er eit problem at ein ikkje kan leggje inn ein blandingsflokk til dømes.
Fjellheimen villreinområde
Hildegunn Mugås, leiar i Fjellheimen villreinutval, fortalde om dette villreinområdet mellom Voss og Sogn. Blant anna kom ho inn på utfordringane dei har med vinteropne vegar og trekkruter for rein. Elles kunne ho melde at dei har gode slaktevekter, og at delar av området har bra med dyr medan andre område strevar med å få opp reintalet. Som i mange andre villreinområde blir det også her stilt spørsmål ved kvifor stamma ikkje veks. Er det utvandring? Er det for store uttak? Eller er det tjuvjakt? Ho understreka at dei er sårbare fordi dei er små, dette har blant anna ført til at for 2021 var alle flokkane i området freda, dette for å få opp reintalet. Sjå Rapport Norsk Villreinsenter.
Kva er forskjellen på villrein og tamrein?
Pensjonert veterinær Kåre Rudningen heldt eit grundig innlegg om dette temaet. Ettersom dette innlegget langt på veg identisk med ein artikkel som står i siste nummer av bladet Villreinen, skal me ikkje gå særleg inn i dette temaet her. Berre nemne at Rudningens hovudpoeng er at det i samband med reetableringsprosessen i Nordfjella vil vera klokt å bruke rein med ein type genetisk profil som ser ut til å tole CWD betre, altså tamreinsimler, gjerne i kombinasjon med bukk frå til dømes Rondane eller Dovrefjell. Dette temaet vil garantert kome opp att i samband med at Reetableringsnemnda for Nordfjella skal ha eit møte no i desse dagar.
Av andre tema som var oppe kan nemnast at Christer Moe Rolandsen frå NINA fortalde om GPS-merking på villrein, hjort og elg på Hardangervidda, at Vegard Gundersen orienterte om «Kunnskapsstatus for ferdsel og forstyrrelse», at Bjørnar Ytrehus hadde eit innlegg om «Sjukdomssmitte på saltplassar» og at Siri Bøthun snakka om «Revisjon av vassdragskonsesjonar». Når det gjeld dette siste temaet vil me kome tilbake til dette med ein eigen artikkel. Det kan òg nemnast at dette òg stod på dagsorden for Heiplanmøtet i Bykle som gjekk føre seg veka etter Geilomøtet.
På bladet Villreinen sine facebooksider finn du live-stream frå Fagdagane.
villrein.no – Kjell Bitustøyl
CWD viktigaste tema på Fagdagane
Oppmøtet var svært bra på Fagdagane til Villreinrådet på Geilo, ca 140 deltakarar hadde møtt fram. At dette var det fyrste større fysiske villreinmøtet etter koronaperioden, var sjølvsagt til å ta og føle på. Det dominerande temaet dreia seg rundt CWD/skrantesjuke, og engasjementet var det ingen ting å seie på. Ein paneldebatt om CWD viste at frontane er relativt steile og at der er fleire spørsmål enn svar. Kvalitetsnorma var òg eit viktig tema, det vil bli omtala i ein eigen artikkel.
I denne fyrste artikkelen frå Fagdagane skal me ta for oss innlegg og utspel som kom om det mest aktuelle temaet om dagen i villreinverda: CWD-problematikken og kva som har skjedd og kva som skal skje i næraste framtid.
Bjørnar Ytrehus – i ei klasse for seg
Når spesialist i vilthelse og CWD-ekspert Bjørnar Ytrehus entrar scenen på eit villreinmøte, blir det musestille i salen. Alle lyttar intens for å få med seg alt som blir sagt. Trehus er ein fagmann med stor autoritet og truverd, ein framifrå pedagog som greier å framstille vanskelege og kanskje til og med uinteressante tema på ein slik måte at det blir verdt å lytte til enten du er forskar eller meinigmann. Under Fagdagane på Geilo representerte han Vitenskapskomiteen for Mat og Miljø og Sveriges Lantbruksuniversitet (SLU).
Verst tenkjelege sjukdomen
Ytrehus understreka i innlegget sitt at der framleis er mange spørsmål ein ikkje har svar på når det gjeld CWD. Han oppsummerte historia frå det fyrste tilfellet av skrantesjuke blei oppdaga i 2016 og fram til i dag, inkludert erfaringane ein gjorde seg etter uttaket i Nordfjella og funnet av ein smitta reinsbukk på Hardangervidda under jakta i 2020.
Ytrehus henta eit eksempel frå krigsutbrotet i 1940 då den tyske kryssaren Blücher blei senka av norske kanonar utanfor Oscarsborg i Oslofjorden: Der måtte ein, som tilfellet var med Nordfjella, setje i gang drastiske tiltak på bakgrunn av eit avgrensa kunnskapsgrunnlag, dette av den enkle grunn at dei potensielle konsekvensane kunne bli enorme. Ytrehus minna forsamlinga om at CWD er den verst tenkjelege sjukdomen som kan ramme eit dyr. Han forklarte kva ein modell er, noko forskarar brukar for å forklare ein situasjon, eller sagt på ein annan måte: Ein slik modell kan hjelpe oss til å forstå kompliserte samanhengar.
Eit eksempel på ein modell: Ytrehus brukte ein analogi frå menneskeverda: Brystkreft hjå kvinner. Ein har mistanke om ein svulst, pasienten blir behandla og det ser ut til å gå bra. Så vil nokon i ettertid seie at det ikkje hadde vore nødvendig med slik brutal behandling. Så blir éi ny prøve positiv, men pasienten føler seg frisk. Men legane meiner ho må begynne på ei ny aggressiv behandling.
Overført på bukken som blei skoten på Hardangervidda, summerte Ytrehus opp ein del av den vurderinga som så langt er gjort: Bukken er mest sannsynleg smitta på Hardangervidda og mest sannsynleg er det ein del av same utbrotet som i Nordfjella. Dette tilfellet har difor slått fast at skrantesjuken ikkje er utrydda, og at ein er usikker om smitten òg finst i andre bestandar av hjortevilt.
Kven er pasienten?
Ytrehus stilte ei mengd med spørsmål som forskarane prøvar finne svar på: Kven er pasienten? Kvar kan det vera prion i miljøet? Kan det vera dårlege miljøforhold både i Nordfjella og på Hardangervidda? Kan det finnast smitta hjort, elg eller rådyr? Kan sau spreie smitte? Med utgangspunkt i den såkalla VKM-rapporten viste Ytrehus til dei tiltaka som har blitt foreslått for om mogleg greie å utrydde eller avgrense skrantesjuke i Noreg.
Ekstraordinære tiltak?
I april 2021 kom Mattilsynet med sine tilrådingar når det gjeld Hardangervidda, sitat: «vi velger å begrense med en forsatt mulighet for å utrydde smitten. Det krever at tiltakene som iverksettes blir effektive nok, iverksettes raskt nok og på mange nok områder, slik at de til sammen gir en ønsket effekt». Konklusjon: ein bør redusere delen vaksen bukk ned mot 0-3% og gjera ein vesentleg reduksjon av bestanden av simler. I kjølvatnet av dette er det foreslått ei rad med tiltak. Essensen av desse tiltaka er at det etter at årets jakt på Vidda skal avgjerast om talet på innkomne prøver er tilstrekkeleg, eller om ein må setje inn ekstraordinære tiltak, dvs. i praksis vinterjakt, for å få inn det talet prøver som styresmaktene meiner er nødvendig. Her rørte Ytrehus ved sakas kjerne og det som kom til å prege debatten i etterkant: for eller mot uttak av dyr etter ordinær jakt.
Overraskande: Positiv jordprøve frå sone 2 i Nordfjella
Me fekk ei orientering om kva som er gjort så langt og denne lista var lang, eit døme: Salteplassar er undersøkt, jordprøver er sendt til Canada. Så langt har ein gjort eit overraskande funn: éi positiv jordprøve i Nordfjella sone 2, dvs. i eit område der ingen dyr er påvist smitta, og der ein ikkje forventa å finne ei slik. “Det gjekk kaldt nedover ryggen på meg då eg høyrde om det,” har sekretær for villreinnemnda i Nordfjella, Siri W. Bøthun, fortalt til avisa Hallingdølen. Dette og mykje til vil bli eit tema når reetableringsgruppa for Nordfjella snart skal møtast.
Ytrehus sin konklusjon
Bjørnar Ytrehus konkluderte med at me no er inne i ein slitsam og demotiverande ventefase, fordi pasienten ser frisk ut, behandlinga har vore hard og prognosen er usikker. Han la vekt på at dette vil ta tid, at ein må tole slitasje, og at dette blir gjort for dei som kjem etter oss. Han tok òg med at så langt må ein støtte seg på kunnskapen frå Nord-Amerika, sjølv om ein kan håpe på og ynskje at norske prion oppfører seg annleis i norsk natur og gjev lågare smittetal. Og han slo fast at det ikkje er noko alternativ å ikkje gjera noko. Ein konklusjon er at han som forskar på CWD ynskjer seg fleire prøver frå Hardangervidda, men at han samtidig signaliserer at han lyttar til dei kritiske røystene som hevar seg.
Paneldebatt om CWD
Desse sat i panelet då skrantesjuken blei debattert med utgangspunkt i innlegget til Bjørnar Ytrehus: Jørn Våge frå Veterinærinstituttet, Bjørnar Ytrehus, Stein Lier Hansen – jeger og mangeårig engasjert i villreinspørsmål, Vemund Jaren frå Miljødirektoratet og Torbjørn Lange frå Klima- og miljødepartementet Det blei ein interessant debatt som viste oss litt kvar frontane går, for her er meiningane delte, særleg knytt til spørsmålet om ekstraordinært uttak på Hardangervidda eller ikkje.
Leiar for Villreinrådet, Endre Lægreid, var ordstyrer, han la ikkje skjul på kva han meinte, han høyrer til dei, og truleg har han mange med seg, som er sterkt i mot vinterjakt. Men han slo fast ingen er CWD-fornektarar. Stein Lier Hansen meinte at tiltaka mot CWD ikkje må bli til meir skade for reinen enn sjølve sjukdomen. Bodskapen hans var klar: Ein må ta vare på støtta som finst i lokal forvaltning og må ha inn meir kunnskap før ein set i gang med drastiske tiltak. Lægreid etterlyste kva kunnskap som må til, Bjørnar Ytrehus svara at dette med ulik genetikk hjå reinsdyra og kor mottakelege dei er for smitte, er viktig. Vidare dette ein veit lite om: Korleis oppfører prion seg i jordsmonnet?
Det blei snakk om årets jakt på Hardangervidda og at denne har vore bra. For sjølv om ein ikkje har fått inn det talet på prøver ein håpa på, er der likevel stor lette over at ingen positive prøver er registrert så langt. Jørn Våge var likevel djupt bekymra, han tok tak i det som Ytrehus var inne på at CWD med bakgrunn i utviklinga i USA er eit stort trugsmål mot villreinen og framtidige generasjonars moglegheit til å drive med villreinjakt. Torbjørn Lange på si side uttrykte klart at det er lagt opp til ein prosess der dei lokale skal bli høyrt. Vemund Jaren supplerte med at ein ikkje kjem vidare utan lokale medhjelparar.
Det blei snakk om at dette med friske hjorteviltbestandar i Noreg aldri har eksistert, her meinte Lier Hansen at der er ulike ideologiar som står mot kvarande, ein teori er at i naturen er sjukdom normalt. Her må det meir forsking til for å forstå heile økosystemet, sa Lier Hansen. Våge på si side meinte at ein må handle ut frå den kunnskapen som finst, og at det er feil å seie at me har god tid. Frå salen kom der òg innlegg, bl.a. sa Svein Erik Lund, sekretær i villreinutvalet for Hardangervidda, at der er ein fare for at jegerar kan koma til å seie nei til å bidra dersom Staten pressar gjennom vinterjakt, og at ein med det kan tape meir enn ein oppnår.
Opphavet til CWD i Noeg er naturleg nok eit tilbakevendande tema. Ingen har så langt noko svar. Men temaet sau og skrapesjuke blei teke opp i debatten. Kan det tenkjast at opphavet til skrantesjuken kan knytast til utbrotet av skrapesjuke hjå sau i desse fjellområda midt på 1990-talet? Våge var òg her inne på at det ein kallar sporadisk CWD kan ha utvikla seg til smittsam CWD. Stikkord i denne debatten var òg artsbarrierar mellom sau og rein, kva veit me om det? Eit anna spørsmål var kvifor tamrein ser ut til å vera mindre utsett for smitte enn villrein. Her meinte Ytrehus at der er to forklaringar: 1. Reindrifta har selektert for andre eigenskapar enn det ein gjer gjennom villreinjakt 2. Genetikken hjå tamrein kan vera annleis, det kan òg ha å gjera med bestandsstruktur.
Avslutningsvis blei det annonsert at der skal vera fleire viktige møte, og at mykje vil bli bestemt innan næraste framtid. Og til sjuande og sist er det opp til politikarane i den nye regjeringa å avgjera dette stridspørsmålet. Dette var vel konklusjonen på denne debatten, men mykje talar for at temaet dukka opp att i samtalene utover i dei små timar.
På bladet Villreinen sin facebooksider finn du live-stream frå Fagdagane.
villrein.no – Kjell Bitustøyl
Snart Heiplansamling i Bykle
Komande veke, nærare bestemt 20. og 21. oktober, blir det Heiplansamling i Bykle i Setesdal. Målgruppa for møtet er omfattande: politikarar, ungdom, næringsutøvarar, kulturformidlarar, villrein- og friluftsinteresserte, forvaltarar, villreinnemnda, villreinutval, tilsette i kommunar, fylkeskommunar og statsforvataren.
Det er lagt opp til eit omfattande program med mange innlegg, det heile byrjar med temaet: «Framtidas distriktspolitikk på dagsorden», her deltek til dømes Viktor Norman og avtroppande distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland. Viktigaste post på programmet i fylgje Jørn Trygve Haug, verneområdeforvaltar for Setesdal Vesthei, er likevel tema knytt til kvalitetsnorma for villrein. Han som veit mest om dette omfattande temaet, Vemund Jaren frå Miljødirektoratet, skal snakke om kva slags konsekvensar denne kvalitetsnorma for villrein vil ha for Heiplanen og kommunal planlegging. Denne økta vil bli avslutta med ein debatt der innleiarar og fylkesordførarar deltek.
Kvelden blir delt mellom utflukt til Sarvfossen og orientering om Heiplanen og villrein for nybegynnarar. Ein lite rosin i pølsa på kvelden er eit innlegg om Setesdalsfolk og UNESCO i Setesdal ved leiar for prosjektet Annbjørg Lien.
Dag 2 vil dreie seg rundt kulturminne og menneskeleg bruk av villreinfjellet. Me får òg blant anna ei orientering om status for villreinen i heia, ved Statsforvaltaren i Agder Per Kjetil Omholt. Dette som ein del av temaet «Kva har skjedd sidan sist!?
Heile programmet kan du sjå her.
Fonnefangst i Jotunheimen del 2
I 2006 blei det funne ein 3400 år gamal skinnsko i Jotunheimen. Dette blei startskotet for omfattande arkeologiske undersøkingar i kjølvatnet av smeltande fonner og brear. Og år for år har det smelta fram nye gjenstandar som vitnar om ei omfattande sommarjakt på villrein på snøfennene i Jotunheimen og andre fjellområde. Det er særleg i Oppland fylke ein har mange funn, og sjølv om det er Jotunheimen som dominerer, har det også dukka opp slike funn i andre høgtliggjande område, det er nok å nemne Reinheimen, Dovrefjell og Trollheimen. I denne artikkelen skal me likevel avgrense oss til Jotunheimen, der har ein i tillegg til Juvfonne blant anna gjort mange funn ved Langfonne i Kvitingskjølen, nordaust i denne fjellheimen.
Langfonne – 6000 år gamle piler
Me har høyrt om den over 3000 år gamle skinnskoen som blei funne ved Langfonne like under fjellet Kvitingskjølen i 2006. To varme somrar, 2014 og 2016, førte til at ei mengd nye gjenstandar knytt til reinsdyrjakt smelta fram, særleg gjeld dette piler, i tillegg kjem bein, gevir og kranium av reinsdyr. Langfonne er ein av fleire lokaliteter der arkeologane har arbeidd over tid med å kartleggje og systematisere funn som er gjort. Ein måte å skildre prosessen på er at isen fungerer som ein tidskapsel og slik tek vare på ting som elles ville ha forvitra bort. Dette handler om å kartleggje gjenstandar som folk har mista eller kasta bort, samtidig tek ein altså òg vare på biologisk materiale som smelter fram.
Kammar av reindyrgevir
Alle pilene som er funne her vitnar om ei omfattande jakt på reinsdyr som har trekt opp på snøen for å unngå reinbremsen. Nesten 70 piler er funne her, og karbondateringar fortel oss at desse skriv seg frå eit stort tidsrom, dei eldste er omlag 6100 år gamle, dei nyaste frå rundt 1200-talet e.Kr. Ein konklusjon frå ein av dei sentrale arkeologane, Lars Pilø ved Innlandet fylkeskommune, er at pilspissteknologien har utvikla seg over tid. Arkeologane kan òg spore når jakta kan ha vore på det mest intense. Mykje talar for at der kan ha vore aukande jakt på 700 talet, ein periode der importmarknaden frå Danmark har vakse. Fleire jegerar kan ha trekt opp på fennene av den enkle grunn at der fanst ein marknad for nettopp reinsdyrgevir. Kamprodusjon er det som oftast blir nemnt i slike samanhengar.
Datering av funn byr på utfordringar, naturen syter for at breane og fonnene er i endring: Piler, klede og andre ting som har blitt att på isen, kan liggje urørt i lang tid, for så å fryse inn i isen og smelte att i i fleire omgangar. Slik kan dei bli øydelagde, og smeltevatn og bekkar kan frakte dei nedover i fjellet. Pilø fortel at på denne måten kan piler med fleire tusen års mellomrom hamne på same plass. Slik kan sjølve konteksten, der pilene høyrer heime, bli borte.
Natur og kultur
Langfonne er ei isfonn som har bygd seg opp over mange tusen år. Og arkeologane opplever at det er vanskeleg å finne klare mønster, kva er natur, kva er kultur? Ved å samle «natur», dvs. knoklar og gevir som stammar frå reinsdyr, til dømes fallgevir , og så samanlikne karbondateringane frå desse med dateringane frå gjenstandane, kan ein i fylgje forskarane sjå eit mønster: Der ein fann flest piler, var det neste ikkje gevir, noko som blir tolka som at heile slaktet kan ha blitt fjerna frå isen i perioden med meir jakt. Ein ser òg for seg at jegerar kan ha samla inn fallgevir i denne perioden.
Dei eldste pilene frå 6100 sidan har si historie, men mykje er usikkert, og der er mykje ein enno ikkje heilt forstår. Det manglar funn frå ein periode på 1400 år, dvs. for mellom 5700 og 4350 år sidan. Grunnen til dette trur ein kan vera at dette eldste har smelta fram pga. rørsler i isen, og at piler frå «mellom»-perioden kan gøyme seg i isen.
Viktig for makteliten
Arkeologene Espen Finstad og Lars Holger Pilø frå Innlandet fylke har stått og står sentralt i dette arbeidet og har formidla stoff om temaet i fleire samanhengar. Dei skriv at eit generelt trekk ved reinfangsten er at denne blir ein betydeleg økonomisk faktor utover i jernalder og mellomalder og med det strategisk viktig for makteliten. Reinfangsten blir mange stadar organisert av høvdinger og kongar. Fangstanlegga blir store og mange og krev god organisering, og mange menneske blir involvert.
Formidling – klimaparken ved Juvfonne
Funn av gjenstandar frå ein jaktkultur langt tilbake i tid handlar ikkje berre om forsking og innsamling av arkeologisk materiale, det handlar òg om formidling av forskingsresultat. I så måte utmerkar Klimaparken ved Juvfonne og Juvvasshytta seg. Norsk Fjellmuseum i Lom er ein viktig aktør her. Og i tillegg til formidling av sjølve funna og dei konklusjonane arkeologane har kome med, er nedsmeltinga og eit varmare klima eit viktig tema. Klimaparken er eit utandørs opplevingsområde med fokus på klimahistorie, jakt og fangst, geologi og biologi. Dei tilbyr gruppeturar gjennom klimaparken der ein både får oppleva og lære. Turen er ei kjelde til kunnskap om historie, natur og klima. I sjølve Juvfonne er der grave/hakka ut ein 70 meter djup tunnel med handmakt. Istunnellen er designa og ljossett av kunstnaren Peder Istad.
Brear i tilbakegang
Klimaendringane er svært synlege i Jotunheimen, breane minkar. Med ein gjennomsnittleg temperaturauke på to grader, er der berekningar som viser at 90% av alle isbrear i Noreg vil forsvinne i løpet av det 21. hundreåret. Eit anna tydeleg teikn på klimaendringane som ein kan observere i Jotunheimen, er endringar i permafrosten. Her høgt til fjells tinar det øvste laget ein til tre meter om sommaren. Og ved analysar av endringane i temperaturen djupt ned i bakken, i permafrosten, kan ein slå fast at temperaturen har stige dei siste åra (1 grad dei siste 30-40 åra). Endringane gjeld òg for plantelivet, studiar av plantene som veks ved Juvasshytta, viser at fleire av desse har blitt raudlista på grunn av endringane i klimaet.
La slike funn ligge
Dersom du skulle oppdage noko som har smelta fram fra isen, er hovedregelen at du skal la det liggje og melde frå til fylkesarkeologen. Ta eit bilete, noter GPS-posisjon viss det er mogleg eller merk av på eit kart. Det er viktig å ikkje ta slike funn med seg. For arkeologene er det viktig å kunne granske funnet utan at noko er flytta på.
Kjelder:
Finstad, Espen og Pilø, Lars Holger 2016: “Fonnejakt” i Frøstrup, Johan C. og Punsvik, Tor: Villreinen. Fjellviddas nomade
Biørnstad, Lasse 2020: “I over 6000 år har folk mistet piler og andre ting ved dette stedet i Jotunheimen” i www.forskning.no:
Nesje, Atle 2020: “Opptil 6000 år gamle piler har smelta ut av ei isfonn i Jotunheimen” Universitetet i Bergen:
https://www.uib.no/geo/140766/opptil-6000-år-gamle-piler-har-smelta-ut-av-ei-isfonn-i-jotunheim
Les meir på desse nettsidene:
https://journals.sagepub.com/doi/pdf/10.1177/0959683620972775
villrein.no – Kjell Bitustøyl
Villreinrådets fagdager på Geilo
Årets fagdager i regi av Villreinrådet arrangeres den 13. og 14. oktober på Vestlia Resort, Geilo. Vi har også i år valgt å flytte fagdagene fra juni til oktober på grunn av koronasituasjonen, men håper likevel interessen er stor og at vi vil se mange villreininteresserte under årets fagdager.
Fagdagene på Geilo vil blant annet fokusere på kvalitetsnormarbeidet og ferdselsproblematikk – og vi kommer dessverre ikke utenom skrantesjuke i år heller. I tillegg kommer det mange interessante innlegg fra sentrale personer – se forøvrig vedlagte program.
Fjorårets fagdager ble streamet via Facebook, i hovedsak på grunn av begrenset hotellkapasitet og veldig mange på venteliste. I år har vi ingen kapasitetsproblemer, men vi vurderer likevel om hele eller deler av arrangementet skal streames. I så fall vil streamen bli sendt på Facebooksiden til Villreinen og det vil ikke kreves noen innlogging eller «kode». Så om du absolutt ikke får tatt turen til Geilo disse dagene, men likevel er interessert, er det lurt å følge med på Villreinens Facebookside.
Aller helst vil vi møtes, mingle og snakkes – og ikke minst gledes over uformelle og muntre samtaler over litt god mat og godt drikke.
Påmelding til Christian Hillmann.
Vi sees!
Her er programmet for FAGDAGENE.
villrein.no – Fred Ivar Aasand
Tid for feiing av gevir og førebuing til brunsten
Geviret er reinsdyrets kjennemerke nummer éin. Og det gjeld både simle og bukk, sjølv om det er bukkens gevirprakt som opp gjennom historia har fått mest merksemd. I desse dagar er det bukkens gevir det handlar mest om.
Gjennom mesteparten av sommaren ser ein reinsdyr med gevir kledd med hårete hudvev, også kalla bast. Denne basten er utstyrt med blodkar og nervar. Geviret hjå reinen er ferdig utvakse i løpet av august/tidleg september. Det er etter dette basten tørkar inn, og reinen tek til med feiing av geviret. Dette skjer i form av at store flak eller strimlar blir feia av mot tre, buskar eller stein. Etter alt å døme skjer dette i eit vekselspel mellom veksthormon og kjønnshormon. Dagslyset er den faktoren styrer denne prosessen. Sommarstid er det veksthormona i blodet om dominerer, og dermed veks geviret. Når brunsttida kjem, aukar konsentrasjonen av kjønnshormon og geviret stoppar å vekse. Etter feiing skjer det ikkje noko endring av geviret så lenge brunst- og paringstida varer ved. Men når denne tida er over, er det veksthormona som overtek att og bukkane feller etter kvart gevira ved at beinveven mellom rosenkransen og rosenstokken blir løyst opp.
Handlar om å markere eigen posisjon og styrke
Geviret hjå bukkane er ekstra viktig under brunsten, dominerande bukkar som ofte har store gevir, vil vera dei som får pare seg oftast og med det spreie genane sine til flest etterkomarar. I kampane som utspelar seg under paringstida handlar det om å markere eigen posisjon og styrke. Brunstkampane kan arte seg skyvekonkurransar der geviret er kontaktpunktet mellom bukkane. Dersom rivalane er like sterke, kan slike kampar vare opp til éin time. Då er det ikkje berre snakk om storleiken på geviret, ein tung og sterk kropp som toler eit høgt mjølkesyrenivå i muskelmassa er òg viktig for å kunne «vinne» ein slik kamp.
Simlene
Det er vel kjent at gevirsyklusen hjå simler og bukkar er forskjellig (sjå artikkel om gevir). Når det gjeld feiinga om hausten, startar denne to til tre veker tidlegare hjå bukkane enn hjå simlene. Simlene vel paringspartnar gjerne utifrå storleiken på gevira hjå bukkane. Eit stort gevir er eit tydleg signal om bukkens kondisjon og styrke og med det kvaliteten på genane. Simler som skal investere i kalven i form av mjølk og fosterutvikling, vil sikre seg gode arveanlegg.
Storleiken på gevir
Der er ein klar samanheng mellom storleiken på gevir og tilgangen på næring. Er næringstilhøva gode, vil mange både simlekalvar og bukkekalvar kunne ha gevir med opp til tre greiner på kvar side fyrste hausten. Viss næringstilhøva er mindre gode, blir kalvegevira verande ugreina. Handlar dette om reinens kondisjon, har det vist seg at der er ein klar samanheng mellom denne og storleik, vekt og forgreining av gevir hjå kalvane. Dette gjeld både for rein og karibu og må sjåast i samanheng med meir tradisjonelle kondisjonskriterium. Hjå bukkane er det slik at di eldre dei blir, di større og meir forgreina blir geviret. Dette skjer inntil dei er seks-sju år gamle, då blir geviret som oftast mindre og med færre taggar. Hjå simlene er det slik at dei har færre taggar enn bukkane, og etter to års alder er det liten endring i storleiken på gevira.
Kastrerte bukkar
Innafor tamreinnæringa var det tidleg eit verkemiddel å kastrere bukkar for å bruke dei til køyrerein, leiedyr, matdyr osv. No til dags handlar dette mest om køyrerein og leiedyr. Dersom ein bukk blir kastrert før feiinga, blir basten sitjande på til neste vår då gevira blir felt. Skjer dette etter feiinga, feller bukkane geviret i løpet av nokre veker. Nye gevir veks ut på vanleg måte, men kastratane beheld hudlaget til våren att og fellinga i mars-april, på same tid som gjeldsimler og kalvar.
Mei om reinens gevir: https://www.villrein.no/aktuelt/vren-gamle-gevir-blir-felt-nye-gevir-veks-fram?rq=gevir
Denne artikkelen byggjer på to kjelder: Reimers: Våre hjortedyr (2018) og Holand og Punsvik: Villreinen – ein suksessfull art i boka «Villreinen – fjellviddas nomade» (2016).
villrein.no – Kjell Bitustøyl
I naturens eige klasserom: Fekk lære om villreinen i Rondane
Onsdag 8. september, få veker etter at skuleåret tok til, drog elevane i 8. klasse ved Otta ungdomsskule til fjells for å lære om villreinen i Rondane. Dei gjekk inn frå Spranget til Rondvassbu der eit pedagogisk opplegg i regi av Norsk villreinsenter nord starta opp.
Villreinen er ein eldgamal dyreart i Rondane, og med eit stadig aukande press på denne reinstamma er det viktigare enn nokon gong at dei unge får lære om både historia og situasjonen for villreinen i dag. Difor hadde ein engasjert naturrettleiar Kristin Gansmo Brenna ved Norsk villreinsenter nord på Hjerkinn (NVS). Ho hadde med seg fagkonsulent Einy Brænd frå NVS og «gjestenaturrettleiar» Tuva Flor Lien frå Norsk villreinsenter sør, Skinnarbu. Ein kvinnesterk trio med andre ord.
Lydhøyr forsamling
Rondane viste seg fram frå ei fargerik og varm side denne haustdagen, elevar og lærarar hadde gjenge inn frå Spranget til Rondvassbu der dei tok ei god matpause før naturrettleiarane tok over. Å fyrst gå ein slik tur før ein skal ta i mot kunnskap er ingen dum idé, slik kan sjela bli «reinsa» og ein kan bli meir mottakeleg enn til vanleg i eit klasserom. Det skulle då òg vise seg at det var ei svært så lydhøyr og engasjert forsamling av ungdom som vandra ut i terrenget for å lære meir om steinbuer, dyregraver og bogastille, og sjølvsagt villreinen.
Spor etter jegerar
Fyrste stopp var ei steinbu/jaktbu like ved vegen inn til Rondvassbu, nær der turistløypa retning Illmanndalen tek av. Slike buer, ofte litt nedrasa, finst der mange av i fjellheimen, og Kristin Gansmo Brenna fortalde om jakt og farne tider der slike buer kunne vera hyppig i bruk i samband med jakt og fiske. Det var oftast berre sesonghusvære, brukt under jaktperiodane då ein låg inni fjellet. Kanskje kan bua ha vore i bruk av dei som brukte dyregravene og bogastilla lenger inne i Illmanndalen, fangstminne som ikkje var lenger unna enn at me nådde inn til dei i løpet av ein lett gangtur. Dette var målet for denne utflukta. Slike fangstanlegg finst der utruleg mange av nettopp i Rondane. Dei viser kor viktig reinen i dette fjellområdet har vore for dei som budde i nærleiken, ja, kanskje viktigaste grunnen til at nettopp desse fjellbygdene blei busett av folk på eit svært tidleg tidspunkt etter at isen hadde trekt seg tilbake.
Dyregraver og bogastille
Å lese om eller sjå bilete av fangstminne langt til fjells er éin ting. Noko heilt anna er å koma på dei stadane der desse finst framleis nokså intakte, slik det er litt inn og opp på nordsida av Illmanndalen. Me forlet turiststigen ved fremre Illmanntjørna og gjekk litt oppi lia på ei litt langstrekt «hylle» under den staute Storronden. Der fekk elevane oppleve nedste delen av eit større fangstanlegg med både dyregraver og bogastille. Betre arena for å fortelje historia om villreinen og dei tidlege jegerane finst ikkje. Kristin Gansmo Brenna er ny som naturrettleiar ved NVS, men har lang erfaring som pedagog. Dette fekk ho vist til gangs der ho bl.a. ved hjelp av to små figurar, ein steinaldermann og ein villrein, førte oss inn i korleis det kan ha vore her den gongen desse dyregravene var i bruk. Ståande i ring rundt den godt bevarte dyregrava med fangarmar, fekk elevar og lærarar med seg korleis dette ein gong kan ha gått føre seg. At ein jeger med pil og boge kunne sitje litt lenger oppe bak eit bogestille for å jakte på reinen på denne måten, fekk ho òg fortalt og vist. Det naturlege spørsmålet var: Kvifor akkurat her? Svaret var i og for seg enkelt: Det er på dette litt flatare partiet at reintrekket gjekk, eit viktig trekk som har vore der i tusenvis av år, og som veidefolket på eit tidleg tidspunkt hadde merka seg då dei sette i gang med å byggje opp eit slikt omfattande fangstanlegg.
Eit reinstrekk som nesten har forsvunne
Kor gamle er desse fangsminna? Umogleg å seie, men Kristin kunne fortelje at der t.d. frå 1200-talet og fram til Svartedauden var stor aktivitet her. Då kunne t.d. gevir frå dei fanga reinsdyra gå til kamproduksjon, kammar som blei eksportert til folk ute i Europa. Alvoret i dagens ekspanderande menneskeleg ferdsel inn mot sårbare beite- og trekkområde for villreinen, kom fram då fagkonsulent frå NVS Einy Brænd fortalde at dette reinstrekket som alle desse fangstminna er synelege bevis på, nesten har forsvunne. Berre ein sjeldan gong no til dags trekkjer reinen her, og grunnen er enkel: For stor ferdsel og forstyrring frå menneske skræmer vekk den sky villreinen i Rondane frå dette området.
Hårspray-trikset og luktesansen
Då elevane rett etterpå fekk leike at dei var ein villreinflokk som skulle reagere på framand lukt, fekk dette alvoret ein ekstra dimensjon: Naturrettleiar Tuva Flor Lien demonstrerte eit innarbeidd «triks» for å vise kor avhengig reinen er av nettopp luktesansen for oppdage ein jeger eller annan fare som nærmar seg. Elevane fekk stå tett saman som ein reinflokk med augo att, så gjekk naturrettleiaren eit stykke i frå og spraya ut hårspray med sterk lukt. Dei som kjende lukta skulle springe vekk. Med ulike vindretning fekk elevane på ein svært så tydeleg måte oppleve korleis nettopp vindretning er svært viktig når ein jeger skal nærme seg reinsdyr, eller kor viktig det er å leggje merke til vindretninga og ta omsyn til og ikkje skræme reinen unødvendig om du er ein fotturist som er ute i fjellet og treffer på reinsdyr.
Naturens eige klasserom
Heimturen gjekk om ein stad rett opp for Rondvassbu, der lærarane ved Otta ungdomsskule fekk informert om og vist fram korleis ein ikkje skal oppføre seg i fjellheimen, og då visst ikkje inni ein nasjonalpark: Ein skal ikkje setje spor etter seg og slett ikkje i form av villvarding, det vil seie ein mengd oppmura småvardar som folk set opp i hytt og pine, ofte på populære utferdsstadar. Slik blei dette ein dag der klasseromet var erstatta med naturens eige klasserom, der varsemd, klokskap og omtanke bygd på kunnskap om dei som held til der, villreinen i denne samanhengen, er ekstra viktig lærdom. Og ved å lære om historia til reinsdyret, får ein òg med seg ein annan og ofte utegløymd dimensjon: Respekt for det dyret som var så livsviktig for forfedrane våre.
villrein.no – Kjell Bitusøyl
Kristin Gansmo Brenna – ny naturrettleiar på Hjerkinn
Norsk villreinsenter nord har tilsett Kristin Gansmo Brenna som ny naturrettleiar. Ho bur på Dombås og har lang erfaring frå læraryrket med biologi som eitt av dei viktigaste faga.
Den nye naturrettleiaren på NVS nord, Kristin Gansmo Brenna, har så vidt kome i gang i den nye jobben, ca. éin månad har ho vore i sving. Ho kjem frå ei langvarig lærargjerning med born og unge på mellomtrinnet og ungdomstrinnet. Ho kjem opphavleg frå Kolvereid i Trøndelag, men er gift til ein sauegard på Dombås. Ho kjenner fjellheimen rundt godt, både frå tilsynet med sauene i Reinheimen, som mangeårig reinsjeger i Grimsdalen og som naturinteressert heilt sidan barndommen. Kristin er utdanna adjunkt med tilleggsutdanning innafor biologi, kjemi og matematikk.
Kvifor ville ho bli naturrettleiar? Ho har heilt sidan ungdomen hatt stor interesse for fjell, økosystem og natur generelt. Foreldra tok ho med då ho var 12 år til Folldal. Då fekk ho for fyrste gong oppleve at det var noko som heitte villrein. Sjølv kjem ho frå eit geografisk område der det berre er tamrein. Som nyinnflytta til Dovre starta ho med reinsjakt, det skjedde for over 20 år sidan. Truleg var ho i sterkt mindretal som kvinne og reinsjeger i ein typisk mannsbastion den gongen, no er det som kjent langt fleire jenter som jaktar. Sjølv synest ho dette med jakt handlar om opplevinga, det å koma nær eit slikt dyr, lære meir. Og det vil ho garantert få rikeleg høve til no når ho kjem inn i eit slikt miljø.
Å vera naturrettleiar er eit yrke ho ser på med stor glede og sjølvsagt òg ei utfordring. Ho har alltid funne glede i å drive med formidling, det å ha med menneske å gjera. På fritida har ho òg t.d. drive med fotografering, ho har tidlegare òg prøvd seg litt som amatørskodespelar nokre somrar. Så har ho vore, og er med, i styre for skiskyting, og ho prøvar å meistre elvekajakkpadling betre og betre.
Kristin Gansmo Brenna er altså alt i gang og har møtt nye folk i eit for henne heller ukjent miljø. På Hjerkinn finn ein både Statens Naturoppsyn, områdeforvaltarar for nasjonalparkane, pilegrimsleiar, prosjektleiar for restaurering av Kongevegen og NVS sine eigne folk. Å lære meir om villrein og villreinproblematikk ser ho på som noko av det mest spennande og utfordrande ho skal i gang med. I formidlingsarbeidet er det å setje dette inn i eit miljøperspektiv i fylgje henne sjølv noko av det viktigaste ved denne stillinga.
villrein.no – Kjell Bitustøyl