Reinsdyrets kjennemerke framfor noko er geviret, ikkje minst på grunn av at reinen er det einaste hjortedyret der båe kjønn har gevir. I desse dagar handlar det mest om simler, dei kalvar og etter det feller dei gevira sine. Parallelt har det vakse fram nye gevir hjå bukkane og fjorårskalvane.
Egil Reimers skriv i si bok «Våre hjortedyr» (2018) at «gevir hos simler er trolig både utviklet og beholdt på grunn av deres sosiale flokkadferd kombinert med periodevis skarp konkurranse om matfatet vinterstid.» Slik får simlene ein klar fordel i konkurransen om mat særleg i forhold til bukkane vinterstid. Dette er òg i fylgje Reimers ein av grunnane til at dei eldre bukkane, som feller gevira tidleg på vinteren, samlar seg i eigne bukkeflokkar etter paringa. Gjeldsimlene feller gevira omtrent på same tid som ungbukkane, på seinvintere
Gevirets vekstsyklus
Når gevira blir felt, blir det etterlate eit sår på kvar side av panna. Og straks etter felling begynnar ny hud å vekse innover såret for å dekke beinknuten som kallast rosenstokken. Ved starten av gevirutviklinga blir hudlaget over rosenstokken omdanna til eit fint hårlag, basten, som dekker det veksande geviret. Hjå nyfødte kalvar er det ikkje noko teikn til gevir, men etter at kalvane er mellom fire og seks dagar gamle, begynnar basthuda over rosenstokken å utvikle seg hjå båe kjønn, rosenstokkane er då tre-fire cm høge, ifylgje Reimers.
Finske Mauri Nieminen omtalar òg reinens gevir (Rangifer 1985). Han skriv at når geviret hjå bukkar og gjeldsimler tek til å vekse om våren, viser den mørkhåra, fløyelsliknande huda over rosenstokken seg i skarp kontrast til den ljose vinterpelsen. Nieminen skriv vidare: «Gjennom de neste få måneder blir gevirutveksten lenger og deler seg etter hvert som det nye geviret tar form. Veksten er til å begynne med langsom, men blir etter hvert raskere for så å avta igjen når den endelige størrelse av geviret nærmer seg.»
Simler som kalvar beheld geviret til like etter kalvinga, men under gode forhold kan ein del drektige simler òg felle geviret før kalvingstida. Reimers har funne ut at variasjonen i talet på dagar for felling etter fødselen, er frå 0 til 15 dagar, med ein topp på sjuande dagen. Simler som har kalva begynnar å utvikle nye gevir i andre halvdel av juni, avhengig av fellingstidspunkt sjølvsagt.
Næringstilhøva viktige
Når det gjeld bukkar, så byrjar nye gevir å vekse fram i mars-april, tilsvarande for gjeldsimlene er slutten av april. Gevira når full storleik i løpet av sommaren. I vekstsesongen om sommaren er geviret dekt av bast der næringa strøymer gjennom blodårene til vekstsonene i spissane. Før paringssesongen tek til og gevira er ferdig utvikla, stoppar tilførselen av næring, og basten tørkar inn. Då er det at feiinga tek til.
Det har vore forska på samanhengen mellom ernæring og gevirvekst/gevirfelling. Tilgangen på mineral er èin faktor, men fleire faktorar spelar inn. Å byggje opp eit nytt gevir krev både energi og mineralar, særleg kalsium og fosfat. Ein kan måle mineralbehovet ved å analysere innhaldet i det ferdige geviret, dette kan i fylgje Nieminen variere mellom 40-64%, der kalsium utgjer 18 – 24% og fosfor 8 -11% av vekta til geviret. I tillegg inneheld reinsdyrgevir nokså mykje jern og selen.
Reimers konkluderer med at den endelege utforminga av geviret både hjå kalv og eldre dyr er avhengig av næringstilhøva. Dersom dei er gode, vil mange av både bukke- og simlekalvane ha utvikla gevir med opptil tre greiner på kvar side fyrste hausten. Er tilhøva dårlege, blir kalvehorna verande ugreina. Ved sida av meir tradisjonelle kriterium for kondisjon, blir storleik, vekt og forgreining på kalvegevira, både hjå rein og karibu, brukt som kriterium for kondisjon, ifylgje Reimers.
I tillegg til nemnde kjelder, er her òg henta stoff frå artikkelen «Villreinen – en suksessfull art» av Øystein Holand og Tor Punsvik i boka «Villreinen» (2016).