Villreinnemnda for Reinheimen-Breheimen lyser ut middel til villreintiltak


Reinheimen-Breheimen+kart.png

Villreinnemnda for Reinheimen-Breheimen lyser ut tiltaksmiddel for 2020. Pengane til tiltaka kjem frå innbetalte fellingsavgifter som blir attendeført til kvart enkelt villreinområde.

For Reinheimen-Breheimen er beløpet for 2020 drøye 191 000 kr og midla kan bli bruka til tiltak som:

  1. Styrker forvaltninga av villreinstamma

  2. Styrker kunnskapen om villreinen sin arealbruk i både nåtid og fortid

  3. Fremmar befolkninga sin forståing og kunnskap om villreinen sin bruk av fjellområda

Søknaden skal innehalde beskriving og målsetting av tiltaket, budsett med kostnadar og finansiering. Det skal også vera med ei tidsramme for gjennomføringa. Søkar må oppgje namn og kontonummer.

Send søknaden til:

Villreinnemnda for Reinheimen-Breheimen

Moavegen 30

2690 Skjåk

– eller på epost til: tor.taraldsrud@skjaak.kommune.no

villrein.no – Heidi Vognild/Anders Mossing