Barnebok: «Johannes og villreinen»


Illustrasjon frå boka “Johannes og villreinen. Hør, hør”.

Illustrasjon frå boka “Johannes og villreinen. Hør, hør”.

Finst det barnebøker om villrein? Ja, det gjer det. Her skal me presentere ei bok av Ola og Unni-Lise Jonsmoen som heiter “Johannes og villreinen. Hør, hør”, ei biletbok med litt tekst. Boka er ikkje ny, men er frå 2011, og der finst òg ei engelsk utgåve, “John and the wild reindeer” er den engelske tittelen.


Forsida av boka til Ola og Unni-Lise Jonsmoen

Geografisk har historia om villreinen ei forankring i Rondane, Knutshø og Forollhogna. Men det geografiske aspektet er lite viktig, særleg for ein ung person. Då er teikningane viktigare. Historia handlar om Johannes og bestefar som er ute og møter reinsflokken. Johannes snakkar med reinsdyra og undrast over det han ser, bukken med dei store horna ikkje minst. Bestefar forklarar, og snart dreg reinsflokkane med dei jamstore vaksne dyra av stad, snart borte.

Johannes undrar seg om dei ikkje har ungar. Då “er” dei i kalvingslandet, Johannes og bestefar. Og me får greie på korleis simla vernar kalven, og kor forsiktig ein bør vera med vinden i høve til reinsdyra, slik at ein ikkje støkkjer dyra unødvendig. Ein nytt spørsmål om kalven frå Johannes fører til at fjellkaren Jo blir introdusert, han er godt kjent med reinen, og me møter han inni fjellet rundt eit bål. Johannes prøvar å springe som ein rein, så dukkar jegeren Jo opp. Men han er ikkje på jakt, han berre vil berre sjå om det kan bli moglegheit for fangst til hausten. Så er det simla som snakkar, ho åtvarar, ein må passe seg for børsa til Jo.


Johannes og bestefar. Illustrasjon frå boka

Me møter dei to, bestefar og Johannes, når dei speidar utover fjellheimen, Sølnkletten og Rondane. Et miljøaspekt er her òg, for ein kar med firehjuling dukkar opp, med eksos og det heile. Men reinsbukken skræmer han, og han lovar bot og betring. Dei underjordiske som har huldrekyr, møter me òg. Og ein reinskalv som slår seg saman med ein saueflokk. Turen er slutt og Johannes vinkar farvel til simla han blei litt kjent med.

Historia er kanskje litt springande, men fungerer bra ikkje minst takka vere dei vakre og livaktige teikningane. Slik blir dette ei barnebok som både kan formidle litt kunnskap og glede og undring over reinsdyret og fjellheimen, og menneska som ferdast der.

Boka er gjeve ut på Sollia forlag, og kan skaffast enten i ein bokhandel eller direkte frå forlaget.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing