Villreinløypa lyser ut nye prosjektmiddel

I samband med verdiskapingsprogrammet Villreinfjellet som verdiskaper, kjem det her ei moglegheit for å søke på middel til nye pilotprosjekt innanfor det allereie eksisterande prosjektet «Villreinløypa».


89180528_529469314368449_2924442119449870336_o.jpg

Verdiskapingsprogrammet “Villreinfjellet som verdiskaper” har som formål å stimulere til brei verdiskaping knytt til dei ti nasjonale villreinområda, særleg innretta mot ulike deler av reiselivet. Programmet skal bidra til ei god gjennomføring av dei regionale planene for nasjonale villreinområde, og til å utvikle og spreie kunnskap om villreinen og villreinfjellet til ulike målgrupper.

Villreinløypa lyser ut middel til inntil tre pilotprosjekt der aktørar innan overnatting, opplevingar og servering kan finne saman for å skape aktivitet med utgangspunkt i formidling av rein. Søknadsfristen er 20. april. Prosjektperiode 25. mai 2020 – 31. august 2021. 

Villreinløypa er eit prosjekt eid av Gudbrandsdalsmusea med støtte frå Miljødirektoratet si ordning Villreinfjellet som verdiskapar. Målet er å inspirere reiselivsaktørar i kommunane Lesja, Dovre, Skjåk, Lom, Vågå og Sel til å aktivt bruke rein (vill som tam) i deira verksemd. Det skal me gjere i to delar. Del ein er å arrangere kurs i historieforteljing og formidling, kurs om rein og forvaltning, og kurs i rein som råvare. Del to er å utlyse inntil tre pilotar der aktørar innan overnatting, opplevingar og servering blir oppfordra til å finne saman og søkje. Tanken er at dette skal vere med på å vidareutvikle eksisterande tilbod
og nye produkt under namnet Villreinløypa.

Meir informasjon om prosjektet Villreinløypa finn du her.

For utfyllande informasjon om kven som kan søkje, søknadskriterium m.m. sjå her.

Villrein.no – Heidi Vognild