Villreinkonferanse for Fjellheimen villreinområde


Bilet frå Vikafjellet, mellom Myrkdalen og Vik i Sogn. Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Bilet frå Vikafjellet, mellom Myrkdalen og Vik i Sogn. Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Fredag 3. november blir det arrangert ein dagskonferanse om villrein på Myrkdalen hotell på Voss om Fjellheimen villreinområde. Dette området er avgrensa av Nærøyfjorden i aust, Voss, Evanger og Bolstadøyri i sør, Modalen, Eksingedalen i vest og Sognefjorden i nord.

Mange ulike instansar er representerte: det vil bli foredrag ved forskar Olav Strand om biologi og utfordringar, og om skrantesjuke (CWD); Siri Bøthun vil ta for seg ny bestandsplan; frå Vik kjem Oddbjørn Ese og snakkar om kommuneplan og vilkårsrevisjon av Arnafjord og Vikvassdraget; to representantar for kvar sin fjellandsby vil ta for seg villrein og reiselivsutvikling; ein representant frå Statens vegvesen vil ha fokus på vegen over Vikafjellet og villreinen; frå Bykle kommune kjem Sigrid Bjørgum og vil fortelje om deira erfaring med tilrettelegging av skiløyper med fokus på handtering av villreinen, og verneområdeforvaltar Anbjørg Nornes vil snakke om arbeidet med besøksforvaltning i Stølsheimen landskapsområde.

Påmeldingsfristen er 20 okt.:  http://booking.myrkdalen.no/no/arrangement/a1471954/villreinkonferanse_pa_myrkdalen_hotel_1471954/showdetails

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing