Villreinjakta 2020 – innsamling fotròtesmitta dyr


I samband med årets villreinjakt oppfordrast jegerar til å samle inn føter frå dyr med synlege teikn på fotròte. Foto: Anders Mossing

I samband med årets villreinjakt oppfordrast jegerar til å samle inn føter frå dyr med synlege teikn på fotròte. Foto: Anders Mossing

Veterinærinstituttet oppfordrar jegerar til å samle inn infiserte føter frå dyr som har synlege teikn på fotròte. Her kjem meir informasjon om sjukdomen, kjenneteikn og dine pliktar som jeger.

Dei siste åra har det vore ein klar auke i talet på tilfelle av fotròte hjå reinsdyr. Sjukdomen fører til ein smertefull betennelse i det blaute vevet i foten, av og til òg i led og i knokkelvev hjå dyra. Fotròte er påvist i mange villreinområde, og mykje tyder på at denne sjukdomen er eit aukande problem hjå villrein. Men auka kunnskap om fotròte hjå jegerar og i villreinforvaltninga generelt er òg ein faktor ein må ta med i dette bildet.

Kartlegging jakta 2020


Kalveklauv med tydeleg fotròteutbrudd. Foto: Anders Mossing

Veterinærinstituttet vil fortsetje kartlegginga av fotròte og vil i samband med årets villreinjakt oppfordre jegerar til å sende inn føter frå dyr som heilt tydlege er infisert. Og ikkje berre frå område der sjukdomen alt er påvist, men ein ynskjer òg å ha fokus på område der ein så langt ikkje har påvist denne sjukdomen. Over tid vil auka kunnskap kunne gje svar på korleis risikoen aukar for at sjukdomen oppstår i eit villreinområde.

Føter som skal sendast inn, kan frysast inn lokalt og sendast til Veterinærinstituttet etter jakta. I einskilde område blir dette koordinert av oppsynet.

Kva skal ein sjå etter?

Sikraste kjenneteiknet på eit dyr med fotròte er at dyret er halt, det kan òg vera synlege sår på nedre del av beina, og i nokre tilfelle kraftig betent og “klumpete” fot. Slike dyr bør avlivast med omsyn til både smittehygiene og dyrevelferd. Synlege forandringar på beina kan vera ei smittekjelde for miljøet og andre dyr.

Kva gjer ein med slaktet?


Jeger må ta stilling til om løyvet skal skjerast, eller om dyret er reikna som fallvilt. Foto: Anders Mossing

Jeger må ta stilling til om løyvet skal skjerast, eller om dyret er reikna som fallvilt. Foto: Anders Mossing

Det er viktig at verkebyllar på slaktet ikkje kjem i kontakt med andre delar av dyret eller miljøet. Slaktet kan brukast til mat dersom dyret berre har fotròte på eitt bein og elles ser ut til å ha god allmenntilstand. Medan dyr som heilt tydeleg er prega av sjukdomen, er i dårleg hald, har treg fluktreaksjon osv., bør kasserast. Dyr som er angripne på meir enn eitt bein bør kasserast uavhengig av allmenntilstanden.

Skal ein skjera fellingsløyvet?

Ein kvar jeger som observerer eit skadd eller synleg sjukt dyr, skal så snart som råd melde frå om situasjonen til oppsynet. Jegere må sjølv vurdere om det skal avlivast for å hindra unødig liding. Dersom du har fellingsløyve på tilsvarande dyr, må du straks ta stilling til om dyret skal takast på din eigen kvote. Dersom ikkje, må du straks gjera opp dyret slik at kjøtet tek minst mogeleg skade. Ta kontakt med kommune, valdansvarleg og/eller oppsynet i området, og ikkje transportera slikt kjøt før løyve er gjeve.

Meir informasjon om årets villreinjakt finn du i folderen “Villreinjakt 2020”.

Les også “Villrein høsten 2020 – viktig kartlegging av fotråte” (vetinst.no)

villrein.no – Anders Mossing/Kjell Bitustøyl