Sjetteklassingar fekk lære om villrein


Naturrettleiar Tuva Flor Lien frå Norsk villreinsenter Sør fortel om geviret til reinsdyra, elevane frå Hemsedal skule fylgjer godt med. Foto: Kjell Bitustøyl

Naturrettleiar Tuva Flor Lien frå Norsk villreinsenter Sør fortel om geviret til reinsdyra, elevane frå Hemsedal skule fylgjer godt med. Foto: Kjell Bitustøyl

Fire dagar i førre veke fekk 6-klassingar frå Hol, Ål og Hemsedal, Lærdal og Aurland ei solid innføring om villrein generelt og reinen i Nordfjella spesielt. Det var Norsk villreinsenter Sør ved naturettleiar Tuva Flor Lien som stod for opplegget. Alt tyder på at dette både var nyttig kunnskap og store opplevingar for elevane.

Denne reportasjen er bygd på det som skjedde dagen sjetteklassingane ved Hemsedal skule fekk vera med på eit pedagogisk opplegg om villrein. Undervisningsøkta var lagt til området ved Bjøberg i Hemsedal, tett inntil grensa til Nordfjella villreinområde. Vêret var det finaste ein kunne tenkje seg.

Sterkt engasjement
Me fekk oppleve ein elevflokk som var sterkt engasjerte og som var godt førebudde. Dei hadde alt lært seg ein heil del om reinsdyret gjennom videoar skulen hadde fått tilsendt på førehand, både om dyrets biologi og levemåte, kva leveområde villreinen har og kva som trugar desse dyra. Og sjølvsagt var CWD/skrantesjuke også eit tema denne dagen. Naturrettleiar Tuva Flor Lien var svært godt nøgd med korleis elevane hadde sett seg inn i stoffet på førehand.

Tuva hadde med seg CWD-koordinator for Nordfjella-kommunane Lars Nesse frå Lærdal og fjelloppsynsmann Knut Fredrik Øi frå Aurland fjellstyre. Nesse bidrog mest i høve til den praktiske gjennomføringa av bogeskytinga, medan Knut Fredrik Øi stod for matlaginga.

“Eg har fått ein ny favorittrett”
Elevane fekk vist fram noko av det dei hadde lært, og aller fyrst måtte kvar og ein presentere seg med namn, alder og favorittrett. Det er ingen løyndom at det gjekk mykje i taco, kebab og pizza. Midt på dagen fekk alle servert reinskjøt steikt på bålpanne, og det var ekte saker: reinskav, tacolefser, salat, tytebær og rømme – reinskjøtkebab. Og dette slo godt an, for fleire forsynte seg to gonger, og det var ikkje berre reinskaven det gjekk hardt på: salat, tytebær og rømme forsvann òg. Ein replikk frå ein av jentene sa sitt: “No har eg fått ein ny favorittrett”.


4 naturrettleiing hemsedal skule bjøberg-9356.JPG

Fjelloppsynsmann Knut Fredrik Øi hadde ansvaret for matlaginga, han steikte reinskav på bålpanne og serverte elevane, eit måltid som verkeleg fall i smak! I kø: f.v. Lilja Dyrset, Nilas Botten og Erik Møllerplass Mythe. Foto: Kjell Bitustøyl

Korleis skal ein oppføre seg for ikkje å skremme ein reinsflokk?
Ei av øvingane som elevane gjekk gjennom fyrst på dagen, var å øve på korleis reinsdyra er svært vare for lukt frå menneske. Dersom ein enten er jeger eller nærmar seg ein reinsflokk på andre måtar, må ein lære seg korleis lukt blir spreidd gjennom vinden. Altså må ein sjekke vindretninga grundig. Dette blei effektivt demonstrert ved at naturrettleiaren hadde med seg ein boks parfymespray med sterk lukt. Elevane fekk spela reinsdyr og skulle springe med ein gong dei kjende ei “framand” lukt. Ved å variere retningane lærte dei korleis lukt på ein svært så effektiv måte blir spreidd med vinden, og korleis lukt ikkje når fram til reinsdyra om ein nærmar seg dei slik at vinden kjem frå reinsdyra mot deg. Dette er elementær kunnskap for ein villreinjeger, men ikkje sjølvsagt for ein sjetteklassing.


Å lære om korleis reinen reagerer på lukt frå menneske var ei viktig øving. Parfymespray gjorde nytten då elevane fekk agere reinsdyr og skulle springe når dei kjende ei "framand " lukt, Tuva Flor Lien med sprayboksen. Foto: Kjell Bitustøyl

Å lære om korleis reinen reagerer på lukt frå menneske var ei viktig øving. Parfymespray gjorde nytten då elevane fekk agere reinsdyr og skulle springe når dei kjende ei “framand ” lukt, Tuva Flor Lien med sprayboksen. Foto: Kjell Bitustøyl

Informasjon om CWD
I den lengste økta var klassa delt i to, den eine delen fekk prøve seg på bogeskyting mot blinkar som “var”
reinsdyr, medan den andre delen blei tekne med så vidt over grensa og gjerdet til Nordfjella villreinområde. Her fekk dei sjå sjølve korleis CWD-en har ført til strenge restriksjonar med omsyn til smittespreiing, dei måtte t.d. vaske skoene sine i bekken på vegen tilbake frå “sona”. Dette gav naturrettleiaren eit godt høve til å fortelje litt om det som har skjedd og likeins om kva tiltak mot spreiing av CWD ein har sett i verk i Nordfjella.


Elevane fekk lov til å krysse Mørkedøla og reingjerdet og så vidt inn i Nordfjella-sona der det er restriksjonar i høve til CWD. Ut att måtte alle vaske skoene sine i bekken. Foto: Kjell Bitustøyl

Elevane fekk lov til å krysse Mørkedøla og reingjerdet og så vidt inn i Nordfjella-sona der det er restriksjonar i høve til CWD. Ut att måtte alle vaske skoene sine i bekken. Foto: Kjell Bitustøyl

Dyregrav og rollespel
Så skulle dei finne ei eldgamal dyregrav like over bekken, innafor gjerdet. Dyregrava blei ei ramme omkring spørsmål om farne tider i fjellheimen, korleis ein fanga rein for fleire tusen år sidan, og kor viktig dette dyret har vore for menneska i fjellbygdene. Å få kunnskap servert ute i naturen på denne måten gav ein god læresituasjon. Gruppa fekk òg prøve seg på eit rollespel der moglege trugsmål mot reinsdyrstamma blei gjort synlege: vasskraftutbygging, vindkraft, hyttebygging, auka trafikk i fjellet osv. Elevane fekk vidare lære om forskjellen på tam og vill rein, at der på austsida av Hemsedalsfjellet er ei høgst levande tamreinstamme, og at villreinen har hatt sitt område på vestsida av dalen, og at gjerdet er sett opp for å hindre at dyr kryssar denne grensa.

Bogeskyting uhyre populært
Skyting med pil og boge fanga elevane ekstra sterkt, gutar som jenter. Alle fekk prøve seg i fleire omgangar. Læringskurva var bratt, frå dei fyrste famlande pilskota til meir og meir treffsikre skot. Verdt å merke seg var at einskilde snakka seg imellom om dataspel som Minecraft, noko som denne aldersgruppa sjølvsagt er fortrulege med. Her fekk dei prøve å skyte og treffe eit mål på ein annleis og meir “jordnær” måte enn i den virtuelle verda.


Bogeskyting var populært, Maiken Gjære (t.v.) og Vilma Eikre på standplass.  Foto: Kjell Bitustøyl

Bogeskyting var populært, Maiken Gjære (t.v.) og Vilma Eikre på standplass.
Foto: Kjell Bitustøyl

Skulane som hadde tilsvarande opplegg var: Hallingskarvet i Hol, Nordbygdene og Torpo i Ål, Lærdalsøyri og Borgund i Lærdal, Aurland og Flåm i Aurland. Til saman deltok 109 elevar i dette undervisningsopplegget. Nokre klasser hadde på grunn av strenge korona-tiltak valt å ha undervisningsopplegget på sjølve skulen, medan andre, som Hemsedal skule, hadde undervisninga ute i terrenget. Kombinasjonen ute i finvêret i fleire timar, eit smakfullt måltid, stor aktivitet, mykje å lære og ei undervisningsøkt som blei avslutta med smaksprøver på spekekjøt av rein, gjorde sitt til at dette blei ein heilt spesiell dag for elevane.

Dette er neste generasjon som kanskje vil ta Nordfjella i bruk på ein “normal” måte att når reinsdyra truleg er tilbake etter ein femårsperiode. Då vil dei vera gamle nok til å ta skyteprøve, og kanskje vil fleire prøve seg som villreinjegerar?

Får bok
I etterkant vil elevane få eit klassesett frå Norsk villreinsenter i form av ei fersk bok om reinsdyret: “Der reinen går er jorda freda” av Ragnhild Bjåen og Tove Hertzberg. I boka får ein møte reinsdyret gjennom åtte årstider i ein kombinasjon av eit kunstnarisk uttrykk, forteljingar og harde fakta. Boka er spesielt retta mot denne aldersgruppa, men kan òg brukast i høve til andre aldersgrupper og andre klassetrinn.

Lars Nesse tok ein parallell til Lærdalselva, der nærast ein heil generasjon unge ikkje fekk oppleva eller lære om laksen ettersom elva blei utsett for rotenon-behandling, og laksen var borte i 20 år. Han ynskjer ikkje at denne feilen skal gjerast ein gong til og ser difor svært positivt på dette undervisningsopplegget. Dette er ein god måte å halde kunnskapen om reinsdyra i Nordfjella levande for den oppveksande slekt, meiner han.

Bakgrunn for prosjektet
Kimen til dette prosjektet er å finne i eit arbeidsdokument utforma av ei arbeidsgruppe sett saman av representantar frå Landbruksdepartementet, Klima- og Miljødepartementet, Mattilsynet, Miljødirektoratet, Nordfjellarådet og dei aktuelle kommunane. Dette handla om eit meir heilskapleg program i høve til skrantesjukdomen og tida fram til reetablering. Intensjonen bak er at born og unge som veks opp rundt Nordfjella framleis skal få kunnskap om og kjennskap til villreinen, sjølv om han vil vera borte i ein periode.

Prosjektet fekk i 2019 midlar av Miljødirektoratet til eit forprosjekt der forma på opplegget skulle utformast,
og i 2020 fikk ein 200 000 kr. til gjennomføring av fyrste år med undervisningsopplegg. Midlane kjem direkte fra Klima- og Miljødepartementets øyremerka pott for villrein og tiltak i Nordfjella. Det uttalte målet var å vidareføre prosjektet med årlege undervisningsdagar fram til stamma er reetablert, samt involvere lokale ressurspersonar for å fremje auka rekruttering av framtidige villreinjegerar i dei aktuelle kommunene, Lærdal, Aurland, Hol, Ål og Hemsedal.

villrein.no – Kjell Bitustøyl