Torsdag 3. desember var det digital presentasjon av alle prosjekta innafor “Villreinfjellet som verdiskaper”. Presentasjonane viste at mangfaldet er stort både geografisk og tematisk, pluss at nokon er i sluttfasen medan andre så vidt har begynt.
Sist møte i 2019
Opphaveleg skulle det ha vore ei samling for alle verdiskapingsprosjekta i april 2020, då det var nesten eit heilt år sidan førre samling våren 2019, den gong med fysisk frammøte. Så skjedde det som alle veit, og alt blei skuva på inn i framtida. Men no fann dei sentrale aktørane, Norsk villreinsenter og Miljødirektoratet, ut at tida var mogen for å samlast att, og det på den måten som er mogleg i desse tider: Å møtest på ei digital plattform der alle får høyre om kvarandre sine prosjekt. 10 minutt var sett av til kvart prosjekt. Det var nøye tilmålt tid og avviklinga gjekk etter planen. Etter tre timar der Raymond Sørensen styrte med stø hand, var alle eit godt hakk betre informert om kva som rører seg rundt om i villrein-Noreg når det gjeld villrein og verdiskaping. Ein god del handla om økonomi, ein må gå inn på dei ulike prosjekta for å få meir informasjon om akkurat dette.
Miljødirektoratet – endringar
Vemund Jaren frå Miljødirektoratet stod for den generelle innleiinga, eit stykke på veg identisk med det han la fram under Fagdagane i Bykle. Viktigast var sjølvsagt nyhendet frå Klima- og miljødepartementet om meir varige løyvingar til verdiskapingsprosjektet, ikkje berre frå år til år. Desse viktige og positive endringane har Jaren fått stadfest etter kontakt med departementet. Ei anna viktig endring er at ein har opna opp for at mindre og meir kortvarige prosjekt på 1 til 3 år òg skal kunne få støtte. Og nemninga ”hovudprosjekt” skal vekk. Tilskot skal framleis berre gjevast for eitt år av gongen, men det er råd å søkje om vidareføring samtidig med at ein rapporterer frå fyrste prosjektåret.
Ikkje gje auka belastning på villreinen
Jaren tok eit tilbakeblikk på oppstarten i 2017, då dei fyrste løyvingane kom. Og han tok opp att basispunkta i prosjektet: Alle søknader som kjem inn og skal godkjennast, må ha i seg element av desse fire ”knaggane”: økonomisk verdiskaping, miljømessig verdiskaping, kulturell verdiskaping og sosial verdiskaping. Og ikkje minst understreka han ein viktig føresetnad for alle: Prosjekta skal ikkje gje auka negativt press på villreinen og sårbare leveområde. Det er snarare svært positivt dersom tiltak og prosjekt reduserer negativ belastning frå ferdsel og bruk som alt eksisterer. Han var òg innom at i løpet av dette «koronaåret» har Visit Norway dreia fokus etter at utanlandske turistar forsvann, slik at ein no i større grad må konsentrere seg om ”den norske turisten”. Les meir av Vemund Jarens presentasjon her.
Mange ulike prosjekt
Så kom dei etter tur, både dei som har drive på ei stund og kanskje er i avslutningsfasen, dei som er midt i med mange ballar i lufta, og dei som så vidt har kome i gang, og der mykje enno er på idé- og planleggingsstadiet.
Her er resymé av presentasjonane:
Torill Olsson tok for seg ”Menneske og reinen” som omfattar Hardangervidda og Nordfjella. Om ein tek med ei omorganisering undervegs, har dei vore med frå fyrste året. Dei har fire pilotprosjekt: Halne Fjellstugu på Rv7, Finse, Solheimstulen og Vasstulan 1100. Viktige mål for prosjektet er auka villreinkompetanse og etablering av reiselivsaktørar som villreinambassadørar. I samarbeid med Norsk villreinsenter Sør (NVS) skal ein tilby kurs for eigarar og tilsette i reiselivsbedrifter. Ein ser for seg at ein tilpassa versjon av denne ”kurspakka” òg kan koma til nytte i andre villreinområde. Delar av prosjektet har kome godt i gang, blant anna har ein fått bygd ein kopi av ei dyregrav inne på turisthytta Vasstulan på Dagalifjellet. I det heile handlar det her om kulturminne knytt til både jakt/fangst og tamreindrift. Les meir av Torill Olssons presentasjon her.
Jørn Haug frå Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane, SVR, la fram deira prosjekt ”Kunnskapsformidling om villrein og villreinfjell”. Også SVR har vore med i fleire år. Dei har fire delprosjekt.:
-
Kunnskapsformidling
-
Møteplass villreinfjellet
-
Villreinen og kulturarven
-
Sti- og løypeplan
Mange aktørar er involvert, prosjekteigar er verneområdestyret i SVR. Haug gav oss smakebitar på ymse konkrete tiltak som er gjennomført, men innrømte samtidig at dei kanskje hadde ”putta litt vel mykje i gryta”. Samtidig har dei fått til aktivitet som har blitt lagt merke til, blant anna har ein kome godt i gang med sti- og løypeplanarbeid rundt om i kommunane. Dei har òg prøvd ut pedagogiske prosjekt mot ungdom på fleire alderstrinn, blant anna i samarbeid med Fjellreinskulen. Les meir av Jørn Haugs presentasjon her.
Frå Setesdal gjekk turen til nasjonalparksforvaltar Astrid Alise Haug og prosjektet ”Forollhogna – det hele fjellet” – som omfattar film og digitale forteljingar, samt temamøte og nettmøte. Og sjølv om det er nasjonalparkstyret som er prosjekteigar, handlar det ikkje berre om nasjonalparken i Forollhogna, som har 20 årsjubileum i 2021, men òg om stølsdalane opp mot fjellet. Eit døme er Budalen og Storbekklia, der ein har fått til ein kultursti og har planar, når koronaperioden er over, om å utarbeide eigne digitale skjermar langs kulturstigen. Eit anna delprosjekt i Budalen er å utvikle Storbekkøya museumsseter. Her samarbeider ein med lokale aktørar og fjelloppsynet. Tilrettelegging av kulturminne i Kvikne knytt til turområde, er eit anna delprosjekt, også her er ein godt i gang og har planar om ferdigstilling i 2021. Uteskule i Dalsbygda må òg nemnast. Lokal verdiskaping er stikkordet. Les meir av Astrid Alise Haugs presentasjon her.
”Villreinfjellet Rondane som verdiskaper” er sett i gang av Innlandet fylke og blei presentert av Tuva Eikeli. Fyrste delprosjekt, flytting av Gråhøgdbu, er snart gjennomført. Delprosjekt 2 handlar om å utvikle Rondane villreinområde, særleg innretta mot reiselivet, der villreinen skal vera teken godt vare på. Mysuseter som innfallsport og knutepukt står sentralt. Kanalisering av trafikk er stikkord, men ei utfordring her er at ulike interesser støyter mot kvarande, lokale ynskje står mot nasjonale rammer for vern av villreinen. Forvaltning og formidling av kulturarven står sentralt i delprosjekt 3, dette handlar om fangstminne og kva ein skal velje ut, og kva ein skal velje vekk. Å oppdatere ein kulturminnedatabase er eit grunnlag for vidare forvaltning og formidling knytt til nasjonalparken. Oppsummert handlar dette mykje om å formidle kulturarven utanfor desse sårbare villreinområda. Les meir av Tuva Eikelis presentasjon her.
Hans-Jacob Dahl stod for presentasjonen av «Dovrefjellaksen – samarbeid om formidling». Prosjektleiar for dette prosjektet er Trøndelag fylke. Samarbeidspartnarar er NVS Nord og Pilegrimssenter Dovrefjell. Prosjektet er delt i tre separate delprosjekt. 1. Det eine handlar om Kongevegen over Dovrefjell. Her er det fokus på kanalisering av ferdsel med målretta tilrettelegging og formidling. Turen over Hjerkinnhø og langs Vårstigen er viktige i dette delprosjektet. Overordna er det også eit ynskje om at formidlinga av alle Kongevegar – som var namnet på den tids hovudvegar – skal ha same design over heile landet.
2. Det andre delprosjektet er NVS Nord sitt arbeid med guidehefte. Det blir tre ulike guidehefte som skal vera til hjelp for dei som tek med seg besøkande på turar i Dovrefjellområdet. Det eine heftet handlar om Dovrefjell generelt. Det andre heftet tek for seg turen opp til viewpoint SNØHETTA. Der får dei som guidar «meir kjøt på beinet» til historia som blir fortalt gjennom dei 20 steinhellene i stien på vegen opp. Det tredje heftet handlar om innhaldet i NVS Nord sin nye attraksjon Fjellportalen. Denne skal stå ferdig i løpet av 2021.
3. Det tredje delprosjektet heiter «Gravfeltet på Vang: Standardheving med målretta tilrettelegging og formidling. I dette prosjektet er m.a. formidling av filmar gjennom Kulmin.no. Dette er Trøndelag fylkes digitale formidling av kulturminne. På Vang er det også sett opp eit nytt servicebygg. Dovrefjellaksen er eit prosjekt som har kome langt og som har mange medaktørar. Målet er å fullføre mykje i løpet av 2021. Som i Rondane handlar det i «Dovrefjellaksen» mykje om kulturminne, og mange av dei er knytt til «fjellets og utmarkas rikdom» – villreinfangsten. Les meir av Hans-Jacob Dahls presentasjon her.
Villreinløypa er knytt opp mot Gudbrandsdalsmusea. Line Horvli la fram dette prosjektet, som handlar om tradisjon og identitet, auka kompetanse knytt til rein – tam eller vill. Næringsutvikling i bygdene er målet, og som i Viken fylke (”Mennesket og reinen”) handlar det her òg om reislivsaktørane, som skal kartleggjast og involverast ved hjelp av kurs og seminar. Formidling av fagkunnskap er stikkord. Konkrete destinasjonar i samband med formidling er Bygdatunet i Lesja, Slådalen med Verket, dyrefigurar langs ruta til Tussheim. Samarbeidspartnar er i tillegg til dei ulike musea, Norsk Villreinsenter Nord. Les meir av Line Horvilis presentasjon her.
Raymond Sørensen orienterte om Norsk villreinsenter si rolle i dei ulike prosjekta, han var innom guideheftet for Dovrefjell, Besøkssenter Villrein på Hjerkinn, naturrettleiing i ulike former, NVS som knutepunkt/møteplass, og ikkje minst den rolla som NVS har i verdiskapingsprosjektet som rådgjevar og ansvarleg for oppfylgjing, gjennomføring av samlingar m.m. Og som me alt har høyrt, NVS kan òg vera direkte involvert som partnar i einskilde prosjekt. Les meir av Raymond Sørensens presentasjon her.
Kristin Aa, naturrettleiar ved Hardangervidda nasjonalparksenter, presenterte Forbedring av sti- og løypenettet på Skinnarbu, eitt av dei mindre prosjekta. Prosjektet er fullført i 2020. Samarbeidspartnar har vore Grasfjell tur- og løypelag som har bidrege med dugnadstimar i form av utbetring av turstigane i området med klopper og skilt. Vidare har ein utvikla ein app for naturstigen (Voice of Norway) som skal gje tilbod til dei besøkjande på Hardangervidda nasjonalparksenter. Gjennom bruk av denne appen kan ein kartlegge til dømes kvar dei besøkjande kjem i frå, når på året dei kjem og kor mange som har lasta ned appen. Les meir av Kristin Aas presentasjon her.
Eit prosjekt som er i oppstartfasen er ”Budeiene og villreinfjellet”, som Olav Ulleren frå Tinn la fram. Initiativet har kome frå det som heiter Budeieveven, eit samarbeid mellom tre aktive stølsbruk i området i nærleiken av Rjukan. Utgangspunktet er aktiviteten på desse stølane, men at ein set dette inn i ein større samanheng der ein fyrst skal kartleggje kva som finst av lokal kompetanse, særleg knytt til villrein og verdiskaping. Målet er å få med fleire aktørar og byggje vidare på det engasjementet og den begeistringa som er skapt gjennom Budeieveven, og med det òg styrke næringsgrunnlaget for stølsbruk og beitebruk i området. Ein har samarbeidd med Hardangervidda nasjonalparksenter om ei spørjeundersøking om kva dei som kjem dit etterspør av naturopplevingar, kulturopplevingar og lokal matkultur. Dette for å leggje til rette for meir målretta tiltak. Stikkord er kunnskap og oppleving knytt til villrein, og samspel mellom landbruk og naturforvaltning. Les meir av Olav Ullerens presentasjon her.
DNT i villreinfjellet handlar om korleis DNT kan bidra til ei berekraftig forvaltning av villreinen ved å leggje til rette for eit friluftsliv som tek meir omsyn til villreinen. Ingeborg Wessel Findstad stod for presentasjonen der det kom fram at DNT er viljuge til å redusere ferdsla i ekstra sårbare område, vidare vil dei informere gjestene sine om å ta omsyn til både tamrein og villrein og ikkje minst bidra til auka kunnskap om reinsdyr og ferdsle. Seks ulike tiltak er i gang: 1. Flytting av Gråhøgdbu er alt nemnt. 2. Omlegging av stig ved Reinvassbu i Romsdalsfjella er gjort og ei mogleg flytting kan skje. 3. Ein skal auke formidlinga gjennom nettsida ut.no og er alt i gang med å setje opp plakater m.m. på hyttene til DNT. 4. DNT legg stor vekt på samarbeid med ulike aktørar basert på regionale planar og besøksstrategiar. 5. Fokus på lokal mat er alt i gang, her blei to DNT-hytter nemnde: Sota Sæter og Rauhelleren. I denne samanheng er reinsdyrkjøt og kunnskap om reinsdyrkjøt viktig. Dette skal knytast opp mot kunnskap om jakt og fangst av villrein. 6. Kulturminne ved DNT sine hytter skal sikrast og formidlast av bestyrarar eller lokale foreningar, konkret døme: Fangstanlegg ved Krækkja og Vetåbua. Les meir av Ingeborg Wessel Findstads presentasjon her.
”Tradisjon og destinasjon” er tittelen på eit prosjekt knytt til fjellbygd og villreinfjell med Vinje kommune som konkret aktør. Norsk Villreinsenter Sør er sentral i prosjektet, samarbeidspartnarar er Universitetet i Sørøst-Norge (USN) og Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU). Ein vil hente inn kompetanse frå Norsk institutt for naturforskning (NINA) og Telemarkforsking. Marianne Singsaas la fram dette prosjektet, som har blitt noko forsinka pga. koronasituasjonen, særleg gjeld dette planlagte folkemøte med opne diskusjonar. Prosjektet handlar om sosial berekraft med tanke på moglege konfliktar mellom hyttefolk og lokal befolkning. Mange fjellbygder opplever press på den lokale kulturen og naturen, arealplanlegging er eit stikkord. Målet er å opparbeide ein rettleiar/ein guide der villrein og reiseliv står sentralt. Ringebu og Stor-Elvdal er òg med som relevante kommunar. Besøkssstrategi er eit anna stikkord i denne samanhengen. Vegar Gundersen frå NINA er med i prosjektet, han vil vera kjent for mange gjennom omfattande studiar av ferdsel i villreinfjellet. Ei viktig målsetting med prosjektet er å vise kva for verkemiddel kommunane har for å balansere verdiskaping og bevaring av naturgrunnlaget på hardt pressa utmarksareal. Les meir av Marianne Singsaas’ presentasjon her.
Sist ute av prosjekta var Olav Strand med Villrein og istid, det einaste verdiskapingsprosjektet som peikar ut av landet. Strand, som i denne samanhengen representerer både NINA og NVS, har alliert seg med Reidar Andersen, direktør ved Vitenskapsmuseet i Trondheim (NTNU). Ideen er å hente inn kunnskap og illustrasjonar for å formidle historia om istida, villrein og menneska i Europa. Innbakt i søknaden låg ein del utgifter til reising, men reising var uaktuelt i dette koronaåret. Difor har ein ikkje kome så langt. Utgangspunktet er at ein kjenner til brotstykke av historia tilbake i tid. Strand la vekt på at me her i Noreg kjenner ein del til kva som skjedde lenger tilbake i tid på kontinentet, men at at kunnskapen om ”vår” del av historia er lite kjent hin vegen. Ein klar referanse til det som i Noreg heiter europeiske villreinregioner høyrer med her. I tillegg til digital nettbasert forteljing, ser ein for seg at eit temahefte kan gjera stoffet meir tilgjengeleg. Ein vil òg etablere kontaktar med fleire aktuelle institusjonar ute i Europa. Klima og klimaendringar vil vera ei viktig side av denne historieforteljinga. Les meir av Olav Strands presentasjon her.
Oppsummering
Ei viktig avklaring frå Miljødirektoratet kom mot slutten av møtet: Prosjekt som har blitt forsinka på grunn av koronasituasjonen kan få overført ubrukte midlar frå det eine året til det andre. Elles oppsummerte ein med at desse presentasjonane vitnar om eit stort mangfald av tiltak, og at Verdiskapingprogrammet genererer stor aktivitet og engasjement lokalt, både sosialt og kulturelt. Ord som trivsel og bulyst blei òg brukt.
villrein.no – Kjell Bitustøyl
Skrevet for: Turgåere, jegere, grunneiere, forvaltere
Tags: reinsdyr, rein, villrein, tamrein, norsk villreinsenter, verdiskaping, verdiskapingsprogrammet, miljødirektoratet, prosjekter, prosjektleder, villreinfjellet, organisering, nettverk, midler, kontakt, kontaktpersoner, prestasjoner, samarbeid,