Villreinfangst i nord


Bilet av fangstgrop. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Bilet av fangstgrop. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Villreinfangst i tidlegare tider er gjerne noko me forbind med villreinområda i Sør-Noreg. Det er mindre kunnskap om slik fangst i nordlegare strøk, i alle fall i kjente tilgjengelege kjelder. Men i boka “Samisk nærvær på Hinnøya” gjeve ut av Harstad Historielag i 2016, er ein liten artikkel om nettopp dette: “Villreinfangst søri Harstad” av Kjell Erland Pedersen.

Harstad og Kvæfjord kommune utgjer den delen av Hinnøya som ligg i Troms fylke. Ved Haukebø som ligg inn mot Tjeldsundet ved Gausvika, er det i samband med vegbygging (E 10) avdekka to samlingar med fangstgroper og bogastille, i same befaring blei det òg funne eit fangstanlegg sør for Kongsvikdalen, ein dal som også ligg i nærleiken av Tjeldsundet.

Dei to fangstanlegga ved Haukebø ligg ca 60-100 meter over dagens havnivå, og forfattaren skriv at med tidlegare tiders havnivå kan desse anlegga ha lege nærare sjøen. Ein trur at reinen har kome trekkande nordfrå Kvæfjord eller vestfrå Kongsvika og at reinen kan ha vore på trekk for å koma over Tjeldsundet til fastlandet. Dagens tamreintrekk fylgjer sama ruta, desse trekkrutene er godt dokumenterte. Ved Haukebø, nærare bestemt ved ein morenerygg, Mølnkollen, startar rekkja på 10 fangstgroper, dei går nedover lia. I same område er elles funne ein samisk buplass som har vore i bruk i perioden 1685-1925, altså i tamreindriftas tid.


Kartillustrasjon henta frå artikkelen.

Det andre anlegget, som òg ligg i ein morenerygg, ligg ved Digermulen, ca 600 meter nord for Mølnkollen. Her er funne i alt 16 fangstgroper og fire bogastille. Fangstgroper ligg nedover lia nordover mot Gausvika.

Anlegga er ikkje grundig undersøkte, og heller ikkje tidfesta, men forfattaren meiner at dette må ha vore eit viktig fangstanlegg, og at dei to anlegga har vore i bruk samtidig. I det som heiter kulturminnesok.no er det notert at fangstanlegga er meir enn 100 år gamle, noko som indikerer at det som samisk kulturminne er automatisk freda.

Før tamreindrifta kom i gang i dette området var villreinen naturleg ein svært viktig matressurs som ein arbeidde mykje for å få tak i.

For meir lesnad om villreinfangst i Troms, finst der ei doktoravhandling frå 2009 frå Universitetet i Tromsø: “Villreinfangst og tamreindrift i Indre Troms” av Ingrid Sommerseth. Kan lastes ned her.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing