Vest-Jotunheimen – Noregs “villaste” villreinområde?


Frå Tindevegen, fjellvegen mellom Årdal og Turtagrø, mot dei mektige Austanbottstindane som ligg langt vest i Hurrungane. Foto: Kjell Bitustøyl

Frå Tindevegen, fjellvegen mellom Årdal og Turtagrø, mot dei mektige Austanbottstindane som ligg langt vest i Hurrungane. Foto: Kjell Bitustøyl

Vest-Jotunheimen er eitt av 23 villreinområde her i landet. Det er eit av dei mindre områda med ei vinterstamme på 3-400 dyr. Denne reinstamma er etterkomarar av den siste tamreinstamma som var i området. Dette fjellområdet er grovt rekna avgrensa av Årdalsfjorden og Lusterfjorden i vest, Sognefjellet i nord, fylkesgrensa mot Oppland i aust og riksveg 53 Tyin-Årdal i den sørlege delen av det austare området. I byrjinga av 1970-talet blei det opna opp for villreinjakt i den vestre delen av området. Før den tid, dvs. i over 130 år, var dette området meir og mindre i bruk til tamreindrift.

Norsk villreinsenter ynskjer i fleire artiklar å rette fokus mot dei villreinområda som tidlegare har hatt tamrein. Her kjem andre artikkel, som omhandlar Vest-Jotunheimen. Les også “Norefjell – frå svensk skogsrein til villrein” (villrein.no).

Langt tilbake i tid var dette området ein naturleg del av eit større villreinområde som omfatta Jotunheimen, fjellområde nord for Ottadalen og område sørover mot Hardangervidda. Kulturminne som fangstgraver og bogestille i trekkvegane er i dag synlege vitne om villreinjakt og villreingfangst før 1840. Det er på denne tida dei fyrste tamreinlaga blir skipa i Årdal, til liks med i andre bygder i Sogn. I 1850 var det i alt omlag 3000 tamrein i indre Sogn. Kjøtet blei salta og selt i tønner til marknaden i Oslo og Bergen, heitest det.

Tamrein og villrein
Me veit ikkje så mykje om denne tidlege tamreindrifta, berre at overproduksjon, rovdyrplage og krypskyting førte til at den fyrste bylja av tamreindrift blei avvikla ca. 1855, dette i fylgje ein rapport frå amtmannen. Og som med villreinfangsten, har også denne tidlege tamreindrifta etterlete seg spor, blant anna restar etter innhegningar mura av stein. Steingardane ein har bygd opp var laga for å samle reinen om natta, som sikring mot ulv og andre rovdyr. Ny tamreindrift blei etablert att ca. 1880, utan at ein kjenner til kven det var som stod bak. Ein del lag i området sør for Vest-Jotunheimen, dvs. i området mellom Tyin, Årdal og Lærdal, er kjent, men me må til nyare tid for å få vita meir om tamreindrifta i Vest-Jotunheimen.

Elles var det slik her som i fleire område, at då det var slutt på tamreindrifta i eitt område, voks det raskt opp ei ny villreinstamme. Og motsett; då eit tamreinlag starta opp, blei villreinen anten skremd bort eller rydda ut.


Tamrein frå Lom Tamreinlag søkjer seg mot snøfennene høgt til fjells ved Tverrbotntindane. Foto: Kjell Bitustøyl

Tamrein frå Lom Tamreinlag søkjer seg mot snøfennene høgt til fjells ved Tverrbotntindane. Foto: Kjell Bitustøyl

1930-talet
Nils Fuglesteg frå Fortun hadde vakse opp på fjellgarden Fuglesteg i Fortun. I 1935 kjøpte han saman med nokre andre 200 tamrein av Lom Tamreinlag og starta opp med tamreindrift i Vest-Jotunheimen, med utgangspunkt i fjellområda inn frå Fuglesteg, dvs. Berdalen. Men gjetinga var krevjande, då området er svært kupert. Og reinen dei hadde kjøpt frå Lom var til dels “trårein”, dvs. at reinen opphavleg var kjøpt i Sverige og “trådde” tilbake. Det var særleg om våren reinen måtte passast ekstra godt på, og gjeting måtte til dag og natt. Nevøen til Nils Fuglesteg, reinsgjetaren Jens Fuglesteg, har fortalt at fjellområdet mellom Luster og Årdal var godt eigna for tamreindrift, innelukka berre med ein smal passasje forbi Hurrungtindane. Men reinen blei aldri godt nok dressert, og i 1940 blei dei om lag 900 dyra selde til Fram Reinlag i Valdres.

Fuglestegbrørne
Jens Fuglesteg var gjetar ein periode under krigen for Lom Tamreinselskap, men etter 2-3 år gjekk han over til valdresselskapet Fram Reinlag. Der kom han blant anna saman med valdrisen Nils Ødegaard, reinseigar og gjetar. Dette selskapet hadde ein periode vinterbeite i Vest-Jotunheimen i Turtagrøområdet. I denne perioden arbeidde Jens òg til dels i lag med brørne sine, Kristen, Karl og Erling Fuglesteg. Våren 1943 var Jens Fuglesteg i heimetraktene for å leite opp rein som hadde blitt att i dette mest ulendte området i heile Jotunheimen, Fardalsnosi-Maradalane. Reinsgjetarane i Fram “pendla” mellom vinterbeita i vest og sommarbeite mellom Tyin, Bygdin og Vangsfjella. Onkelen Nils heldt på å omkoma i eit snøras i Utladalen denne same våren.

Breikvam Reinselskap
I 1944 bestemte nokre gjetarar i Fram seg for å skilje ut sine eigne dyr og starte opp med eit eige lag, Breiekvam Reinselskap. Namnet kjem av området vest for Tyin. Jens Fuglesteg var med blant stiftarane, det same var tre valdresar og ein bykar. Desse hadde leigd beite for reinen sin i Sørheimsfjellet i Luster, også dette ein del av dagens villreinområde. To av brørne til Jens blei etter kvart med, Kristen og Karl. Sommarbeite til det nye laget blei dette området i Luster, medan Fardalen mellom Årdal og Turtagrø og Maradalane inn mot Hurrungane, var vår- og haustbeite. Vinterbeite leigde dei på Aurdalsåsen i Valdres. Flyttingane mellom beiteområda gjekk med leiebukk.


Frå Gravdalen i nærleiken av Leirvassbu, retning vest mot Storutledalen og Vest-Jotunheimen med Hurrungane. Foto: Kjell Bitustøyl

Frå Gravdalen i nærleiken av Leirvassbu, retning vest mot Storutledalen og Vest-Jotunheimen med Hurrungane. Foto: Kjell Bitustøyl

Gjennom isen
Det kuperte området i vest baud på utfordringar, og historiene er mange om strabasiøse turar for reinsgjetarane til ulike årstider. I 1946 overtok Breiekvam ein annan flokk, Ivar Opdal frå Vang sin flokk. Og dei kjøpte litt ny rein undervegs. Så hadde dei hatt samgjeting med eit tamreinlag frå Hemsedal som leigde sommarbeite i Offerdal, ikkje langt frå Årdal på same tangen i vest. Flokkane hadde kome saman og blanda seg. Dette blei problematisk og saman med ein del andre faktorar, blant anna mangel på beite, blei Breikvam Reinselskap bestemt lagt ned sommaren 1947. Litt utpå hausten same året drog dei sørover mot Søbekksetra nær Vassfaret der flokkane skulle skiljast ut. Fuglestegkarane hadde då alt bestemt seg for å ta med ein flokk til Tinn i Telemark etter skiljing. Men på vegen råka dei ut for ei dramatisk hending på Tyinisen. Reinsflokken på om lag 2500 dyr blei skremt medan dei for over isen på Tyin og byrja å gå i ring. 4-500 dyr brast gjennom isen og eit fleirtal av desse drukna, eit stort tap for reinseigarane. Likevel gjekk ferda sørover vidare til nye utfordringar.

Nytt lag: Vest-Jotunheimen Tamreinlag
Så gjekk det nokre år utan at noko form for organisert tamreindrift er dokumentert, men i 1951 tok lokale grunneigarar i Luster med lensmann Jakob Eikenes i spissen initiativ til eit nytt tamreinlag som fekk namnet Vest-Jotunheimen Tamreinlag. Hamneområdet var tangen mellom Årdal og Luster, og sommarbeita var gode, men vinterbeita var meir ustabile, og som fleire lag før dei, måtte dei austover for å leige seg vinterbeite, denne gongen heilt til Gausdal. Reinen blei kjøpt inn frå eit selskap i Borgund, Vestfjell Reinselskap, og av reinseigaren Torstein Grøv i selskapet Sletningen i Vang kommune. Dei hadde hatt reinen sin sør for riksvegen mellom Tyin og Årdal og skulle no leggje ned. Gjetarane i Vest-Jotunheimen Tamreinlag var for ein stor del gudbrandsdølar, frå Skjåk og Lom. Litt spesiell var sommarsesongen 1956, då blei det mangel på folk og fleire samiske gjetarar blei hyra inn. Elles var blant andre Karl Fuglesteg med her òg. Ein annan profilert gjetar, sørsamen Odin Daneborg, var òg med og gjette her.

Det høyrer med til historia at i desse åra var der ei villreinstemme vest i Jotunheimen, mot Utladalen. Men denne reinen vart jakta på og blei borte i løpet av midten av 1950-talet. Når Vest-Jotunheimen Tamreinlag måtte avvikle i 1960, og reinen blei seld til Lom Tamreinlag, var det i fylgje pålitelege kjelder lokalt, berre tamrein att i området som no er Vest-Jotunheimen villreinområde. Grunnen til at tamreindrifta denne gong måtte avviklast, var at det hadde blitt for mykje dyr og at det var vanskeleg å halde kontroll på reinen.


Tamrein frå Lom Tamreinlag søkjer seg mot snøfennene høgt til fjells ved Tverrbotntindane. Foto: Kjell Bitustøyl

Tamrein frå Lom Tamreinlag søkjer seg mot snøfennene høgt til fjells ved Tverrbotntindane. Foto: Kjell Bitustøyl

Etablering av villreinstamme
Kor mange dyr det var i flokken som Lom Tamreinlag kjøpte, er ikkje gjeve opp, men i rekneskapet opererer dei med ein kjøpesum på kr. 90 000,-, noko som skulle tilseie ca. 4-500 dyr. Lomværane var fleire turar vest i fjella for å hente ut dyra. Men dei greidde ikkje samle saman alle, og om lag 100 dyr blei gåande att. Det er desse som er basisen for villreinstamma som no er i området. Lokale interesser i Luster viste stor interesse for å få bygd opp ei villreinstamme, og det blei opna opp for jakt i heile området frå 1985, men så har det svinga opp og ned. Stamma voks raskt og det blei jakta godt ein god del år, men talet på felte villrein var for høgt, og fellingskvotene blei sett dramatisk ned tidleg på 1990-talet. Då la ein seg på eit bestandsmål på ca. 400 dyr. I 2006-2007 kom det ein kraftig nedgang, stamma var sterkt redusert og blei freda i heile sju år, frå og med 2007 til og med 2013. Årsaka til denne store nedgangen trur ein kan vera sjukdom, men vinterbeita der fostringsflokkane heldt seg, var sterkt nedslitne. Jerv og ørn kan òg ha hatt sitt å seie. Etter eit par-tre år med “normal” jakt, var stamma nede på 290 vinterdyr att i 2017. Difor blei det ikkje noko jakt i 2017. Vinteren 2017/2018 har ein rekna ut at stamma er omlag 320 dyr. Det blir difor opna opp for jakt med ein kvote på 53 dyr komande haust.

Etter at det hadde blitt etablert ei villreinstamme tett på beiteområdet til Lom Tamreinlag, kom det til konfliktar, for alt tidleg på 1970-talet hadde Luster opna opp for villreinjakt i sine område. Det blei rettsaker, men etter kvart roa det seg, og i dag er det god dialog og lågt konfliktnivå mellom partane, Luster fjellstyre, Utladalen sameige og Lom Tamreinlag.

I tredje del av denne artikkelserien vil me rette fokus mot Setesdal Austhei og Våmur Roan. Denne kjem på trykk mot slutten av august.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing