Vandring mot kalvingsplassane


Reinsimler på veg mot kalvingsplassane i Vinje sin del av Hardangervidda, der kalvinga har vore i ein del år no. Foto: Kjell Bitustøyl

Reinsimler på veg mot kalvingsplassane i Vinje sin del av Hardangervidda, der kalvinga har vore i ein del år no. Foto: Kjell Bitustøyl

I desse dagar er reinsdyra på vandring mot kalvingsplassane, i mange villreinområde er dette dei same år etter år. Men det finst òg område der reinen har fleire val, alt etter snøforhold og tilgang på beite. Det største villreinområdet vårt, Hardangervidda, er eit slikt område. Og ingen fjellområde har vel hatt slik fokus på kalvingsområda som nettopp Hardangervidda.

Kalvingsområda på Hardangervidda fekk ekstra mykje merksemd på 1970-talet då striden om utbygging av Veigdalen rasa. Reinsdyrforskar Terje Skogland hadde ei sentral rolle som den fremste forsvarar av dette unike urørte område som i hans samtid var så viktig for reinkalvinga. I denne artikkelen er det sjølve trekket mot kalvingsplassane me skal konsentrere oss om. I NOU 1974 finst ei grei oppsummering av kvar det årlege hovudtrekket gjekk: «Sent på høsten begynner dyrene å innta de snøfattige vinterbeitene på østvidda. Herfra trekker dyrene i løpet av mars og april vestover igjen til kalvingsplassene.» 

Det bør nemnast at nettopp forskinga til Skogland på villreinens vandringar og kalvingsplassar i vest var avgjerande då Veigdalen blei spara og grensene for opprettinga av nasjonalparken på Hardangervidda blei bestemt.


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

Terje Skogland

Terje Skogland blei med i villreinforskinga frå tidleg på 1970-talet, og dette dyret skulle fylgje han livet ut. Sjå https://www.villrein.no/aktuelt/med-terje-skogland-p-vestvidda-i-kalvinga

Hardangervidda blei eitt av dei viktigaste forskingsområda for Skogland, saman med Forollhogna og Dovrefjell. Han fylgde dyra året rundt og fekk slik ein unik kunnskap om trekkvegane ikkje minst. Og han var årviss på kalvingsplassane på vidda i vest. I boka Villreinen – fra urinnvåner til miljøbarometer (1993) skriv Skogland om Hardangervidda: «Rundt påsketider begynner som regel et mer målbevisst vårtrekk, ledet av drektige simler. Fra store deler av østvidda kanaliseres trekket vestover på sørsiden av Bjornesfjorden, eller over Kvenna ved Hansbu. Etter hvert finner vi hundrevis av dyr i gåsegang mot vest. De første dagene i mai har de kalvetunge simlene som regel passert Nordmannslågen. Nå er de urolige og vandrer ofte 5-20 km daglig på stadig søk etter beite. Selv etter at de har kommet til kalvingslandet, vandrer de rastløst fra rabbe til rabbe.» 


Liten tvil om kven som har fare her. Foto: Kjell Bitustøyl

Liten tvil om kven som har fare her. Foto: Kjell Bitustøyl

Dramatisk endring 

I heile perioden Skogland forska på kalvinga på Hardangervidda, heldt dyra seg mykje i dei vestlege områda, sjølv om dei flytte seg noko stadig vekk. Men dette skulle ikkje varig evig. På andre halvdel 1990-talet drog kalvingsområdet i vest seg sørover, og då ein frå 2001 fekk etablert GPS-registrering, har ein kunne dokumentere korleis hovudkalvingsområdet for Hardangerviddareinen har flytt på seg, nærast år for år. Desse dataene viser ei tildels dramatisk endring av villreinens kalvingsområde, og med det i trekket mot kalvingsplassane, mot Songa og Bitdalsområdet i Vinje. Reinsdyrforskar Olav Strand har stått i spissen for arbeidet med GPS-overvåkinga og er den i dag som har den mest inngåande kunnskap om dette temaet. Han har blant anna publiserte eit kart, ein habitatmodell, som viser veleigna kalvingsområde på Hardangervidda. 

Vinterbeita på Hardangervidda har ikkje endra seg i tilsvarande grad, det er austvidda og områda i Tinn og Uvdal som til vanleg framleis utgjer dei viktigaste vinterbeita. Dette betyr at kalvingstrekket har gått fyrst vestover, men så mot sør og med det kryssing av Kvenna før kalvinga. Me har ikkje noko eintydige trekkruter frå år til år, blant avhengig av snøforhold, men tendensen har vore den same no over lengre tid. Og sjølv om ein på 2000-talet har sett at dyra trekkjer i eit slikt mønster, er det dei aller siste åra teikn som tyder på at dyra er på veg lenger vest enn før på vårparten, men at dei, når det nærmar seg kalvingstidspunktet, likevel hamner nedi Telemark att på dei meir eller mindre kjende kalvingsplassane. Med dagens omfattande GPS-merking er det spennande å finne ut av når skiftet skjer att, og i neste omgang kanskje finne meir ut om kvifor.

Olav Strand og vårsimla

Olav Strand har, som inspirator Terje Skogland, gjeve ut bok der han kjem med personlege erfaringar frå eit langt liv i villreinfjellet: Midt i flokken (2015) er skrive saman med journalist Frid Kvalskarpmo Hansen. I denne boka får me blant anna innblikk i vandringane, reintrekket. Og desse vandringane til reinsdyra har fått ein ekstra dimensjon i og med bruken av videokamera/fotoapparat der simlene har filma og fotografert «seg sjølve» året gjennom, eit pioneerarbeid i villreinforskinga. Men dette handlar ikkje berre om det tekniske, Olav Strand har vist eit stort hjarte og omsorg for dyra, ikkje minst simlene som har «formidla» denne visuelle kunnskapen. I boka får me òg innblikk i opplevingane som det har vore mange av for forfattaren ute i felt. Mykje har gjort inntrykk på reinforskaren, men det er den magre vårsimla som imponerer mest:  «Hun gror nytt liv i egen kropp i de lange, utmattende vintermånadene. Før vinteren helt har sluppet taket, trekker hun mot kalvingsplassene. Noen steder er det bare en kort vandring, andre steder ufattelig langt. Rundt hele polområdet skjer det samme. Simlene søker mot områder der tidligere generasjoner fant det best å gi nytt liv. Gjennom dette gir de landskapet en egen rytme og puls, de er fjellets ville hjerte. Så fødes kalven. Noen ganger i sol, andre ganger i isende snøfokk. Målrettet leter simla opp de første grønne spirene som sørger for at både hun og kalven overlever. Det hun som er fjellet på det sterkeste.»


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl