Sommarferie innanlands – kva med ein liten reinguide?


Bølareinen i Snåsa - ei helleristning det er vel verdt å få med seg. Foto: Kjell Bitustøyl

Bølareinen i Snåsa – ei helleristning det er vel verdt å få med seg. Foto: Kjell Bitustøyl

Det er tid for å planlegge sommaren. Men dette er ikkje noko oppskrift på kvar du skal reise for å sjå rein. Nei, her skal det handle om kvar det er råd å oppleva helleristningar av rein, som ein del av ein norgesferie. For det er vel den mest aktuelle ferien for folk også denne sommaren. Me tek med nokre eksempel.

Bergkunst er eit samleomgrep for menneskelege kunstnariske uttrykk frå farne tider knytt til fjell: helleristningar, hellemåleri eller holemåleri. Me skal her avgrense oss til såkalla veideristningar, kulturminne med reinsdyr som motiv som me finn enten hogge inn eller slipa inn i fjell. Skal du ut på ferie i sommar i Norge og tenkjer deg til dømes nordover i landet, kan det vera greitt med litt informasjon om kvar det er interessant å stoppe for å sjå på slik bergkunst, som er av dei eldste kulturminna knytt til villrein me har her i landet. 

Noko ein må vita om er at mange helleristningar er sårbare og lite eigna for besøk, difor finn me heller ikkje tilrettelegging på slike stadar. Mykje er skrive om helleristningane me har, dette fortel oss at mange av dei har vore kjent lenge, samtidig som der òg i nyare tid har blitt funne ristningar som ikkje har vore kjent frå før, sjå til dømes www.villrein.no/aktuelt/nytt-helleristningsfunn-med-reinmotiv?rq=helleristningar

Arkeolog Anders Hagen har skrive fleire bøker om bergkunst, blant andre: Bergkunst: Jegerfolkets helleristninger og malninger i norsk steinalder (1976). Hagen var tidleg ute med å lage ein systematisk oversikt over kvar me finn helleristningar med ulike dyremotiv, deriblant reinsdyr. Kvar finn me helleristningar av reinsdyr? 


Helleristning Sporanes i Rauland, elg øvst, så dyregrav og ein rein. Foto: Kjell Bitustøyl

Helleristning Sporanes i Rauland, elg øvst, så dyregrav og ein rein. Foto: Kjell Bitustøyl

Reinsdyr og dyregrav i Rauland

I fylgje Hagen finst der ikkje helleristningar med reinmotiv sør for Trøndeleg. Dette synest Hagen er merkeleg, i og med at villreinen har vore kjent i sørnorske fjell i uminnelege tider, men han finn inga god forklaring. Det fenomen at Hagen snakkar om steinalder, kan vera ei forklaring på at han ikkje har teke med den lenge kjente helleristninga frå Sporanes i Rauland. Dette helleristningsfeltet blir tolka som eit møte mellom jordbrukskultur og veidekultur. Helleristningane her er såkalla prikkhogne med enkle strekar. Der er blant anna avbilda to dyregraver, éin reinfigur og fleire elgfigurar. Dette må, så langt det er råd å finne ut, vera den sørlegaste helleristninga med reinsdyrmotiv i landet. Tidfestinga er i nyare tid oppdatert til bronsealder, nærare bestemt 7-600 år f. Kr. trur ekspertane, men ingenting er heilt sikkert. 

Om tilrettelegginga ikkje er all verda på Sporanes og heller ikkje er ynskjeleg, er det likevel mogleg å sjå denne helleristninga, beste tidspunktet er om kvelden med ei sterk lommelykt.

Bardal i Beitstaden

Frå Rauland har du ein lang køyretur framom deg til næraste helleristning med reinsdyr, og aller helst er det vel best å setje kursen rett mot nord, om du kjem sørfrå. Då kan omvegen om Rauland vera heller stor. Ved Bardal i Beitstaden i Nord-Trøndelag er eit felt som er tilrettelagt for publikum, her finn ein ei av dei største samlingane av bergbilete i Norden. Feltet består av rundt 400 figurar. Det spesielle ved feltet er at det består av helleristningar både frå steinalder og bronsealder. 60 av ristningane høyrer til veidekulturen frå steinalderen. Desse er i naturleg storleik, som mange andre ristningar i Trøndelag og nordover i Nordland. På Bardal finst kval, bjørn, elg, sjøfugl og rein. Veideristningane er altså dei eldste i dette feltet, medan jordbruksristningar er frå bronselader. Ting tyder på at dette har vore ein kultplass over tid.


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

Bølareinen i Snåsa – kanskje den flottaste av alle

Den mest berømte av alle helleristningar av reinsdyr, Bølareinen, ligg ved Snåsavatnet. Denne naturalistiske avbildinga er vel verdt eit besøk og tilrettelegginga her er då òg upåklageleg, med butikk og matservering ved parkeringsplassen. Figuren er kanskje den mest naturtro attgjeving av eit reinsdyr som finst i heile Norden. Helleristninga er konturhoggen og er ca 1.80 m lang, altså i naturleg storleik. Ein trur at Bølareinen er hoggen inn i berget for ca. 6000 år sidan. Hellerisninga av reinen blei oppdaga i 1842, og ein trur at slike ristningar kan ha blitt laga for å auke jaktlykka. Det har blitt spekulert om kva kjønn dyret er, men på dei offisielle sidene til Innherred opererer ein med at det er ei reinsimle.

Så seint som i 2001 blei det oppdaga ei ny helleristning i området, ei ristning av ein person med truger (eller ski) og ein stav – Bølamannen.


Desse to slipte reinane ved Sagelv I Hamarøy blei oppdaga i 1906. Foto: Kjell Bitustøyl

Desse to slipte reinane ved Sagelv I Hamarøy blei oppdaga i 1906. Foto: Kjell Bitustøyl


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

Sagelv – slipte helleristningar frå eldre steinalder

Nordover i Nordland finn ein fleire helleristningsfelt med reinsdyr, og me gjer eit langt hopp til Hamarøy og lokaliteten Sagelva, eit bratt helleristningsfelt som ligg ved Tømmerneset der riksveg 835 tek av frå E6 mot Steigen. Motivet, opphavleg to slipte reinsdyr, blei oppdaga i 1906 og ligg ca 50 meter over havet. Ein trur difor at dei kan vera så gamle som over 9000 år, basert på gamalt havnivå. I 2009 oppdaga ein fleire reinsdyr i feltet, slik at det no er snakk om fire-fem reinsdyr i feltet. Alle figurane er naturalistiske. Dei fint forma dyrefigurane fortel ei enkel historie om dyr på flukt, skriv Hagen. 

 

Leiknes – største samlinga i sitt slag i Nord-Noreg

Vel så fem mil nordover frå Sagelv ligg nok eit unikt helleristningsfelt, Leiknes i Tysfjord, eit område med tre kjente felt. Leiknes finn du når du kjem sørfrå og du tek av frå E6 litt før ferjeleiet på Bognes. Her er god skilting til ein parkeringsplass. Dette er den største samlinga av den aller eldste typen helleristningar i Nord-Noreg, «utan samanlikning det største og flottaste slipte helleristningsfelt i vår del av verden», skriv forfattar av boka Bergkunst nord for polarsirkelen (2016), Bjørn Hebba Helberg.


Figurer av reinsdyr slipte inn i svaberga på Leiknes. Foto: Kjell Bitustøyl

Figurer av reinsdyr slipte inn i svaberga på Leiknes. Foto: Kjell Bitustøyl


Utsyn over Tysfjord og helleristningsfeltet på Leiknes Foto: Kjell Bitustøyl

Utsyn over Tysfjord og helleristningsfeltet på Leiknes Foto: Kjell Bitustøyl

Her finn du eit mylder av dyrefigurar i enkel, elegant strek, eit felt som dannar ei samanhengande frise ned mot Tysfjorden. Også desse ristningane er slipte, og slik sett kan det vera vanskeleg å få auga på figurane med det same, men med det rette lyset ser ein dei lettare. Også dette helleristningsfeltet blir rekna for å kunne vera omlag 9000 år gamalt. Figurane er teikna over kvarandre, så det eine dyret overlappar det andre. Ein reknar med at også dyreberget ved Leiknes i si tid låg nede ved fjorden. Det er slik ein reknar seg fram til ein sannsynleg alder. 

Som rimeleg er så langt mot nord, dominerer reinsdyra i dette feltet, i alt er her 12 reinsdyrfigurar. Arkeologane tolkar helleristningane her, som fleire andre stadar, til å vera avbildingar av dyr i rørsle, difor ser me beitande dyr eller dyr som er på vakt.

Me har presentert nokre av dei mest kjende helleristningane, men der er mange fleire, særleg i Nord-Noreg. Boka til Bjørn Hebba Helberg er ein god rettleiar i så måte.

villrein.no – Kjell Bitustøyl