Urealistiske tidsfristar for sanering


Reinen i Nordfjella skal bort, men sentral og lokal forvaltning er ikkje heilt samde om tidsaspektet. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Reinen i Nordfjella skal bort, men sentral og lokal forvaltning er ikkje heilt samde om tidsaspektet. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Mattilsynet sine tidsfristar er urealistiske, meiner lokalforvaltninga i Nordfjella. I eit brev til ansvarlege styresmakter og statlege organ underteikna av villreinnenmda for Nordfjella og Fjellheimen og villreinutvalet for Nordfjella, ynskjer ein å åtvare mot Mattilsynet sin nyleg framlagte saneringsplan for villreinstamma i Nordfjella sone 1.

Brevet ble sendt i forrige uke. Denne uka blei det klart at Landbruks- og matministeren har besluttet at Mattilsynets anbefalingar skal fylgjes opp. Grunngjevinga for skepsisen i brevet er at saneringsplanen med oppgjeven tidsfrist 1. mai 2018 i fylgje underskrivarane ligg langt frå dei naturgjevne realitetane og ikkje tek nok omsyn til dyrevelferd. Dei stiller òg spørsmål ved om ein i det heile greier å gjennomføre planen innan framsett dato.
 
Det lokale forvaltingsnivået i Nordfjella kjenner seg i fylgje nemnde brev ikkje heilt att i det biletet av stor semje som er skapt utover omkring strategien til Mattilsynet som baserer seg på den såkalla VKM-rapporten (frå Vitenskapskomiteen for mattrygghet). For sjølv om dei stiller seg bak at stamma lyt sanerast for å fjerne skrantesjuke, er dei ikkje samde i tidsfristane som Mattilsynet har kome opp med.
 
Kritiske til masseslakt på kort tid
Villreinforvaltinga for Nordfjella har spela inn framlegg om å auke løyve for jakt frå 900 dyr i 2016 til totalt 3800 dyr i 2017, dette utifrå ein plan om tilpassing i høve til ny kunnskap om skrantesjuke som kjem inn undervegs. Frå lokalt hald seier ein direkte ut at det ikkje er samsvar mellom dei føresetnadane som var lagt og dei tiltaka Mattilsynet no har planlagt. Konkret betyr dette at ein er kritisk til masseslakt på kort tid, og at ein meiner det finst alternativ der lokal forvalting, grunneigarstand og jegerstand kjem sterkare inn i biletet, i staden for å svekke samarbeidet med desse. Dette utspelet handlar såleis om å orientere involverte partar og det offentlege på breitt grunnlag.
 
Kor mykje hastar det?
Det lokale forvaltingsnivået meiner at den av Mattilsynet føreslegne ”lokale tiltaksgruppa” sjølve må kunne ha påverknad på tidspunktet for fullføring av saneringsplanen, ikkje minst av di ein skal fylgje opp evaluering av ny kunnskap undervegs. Ein viser òg til at smittespreiinga verkar til å gå langsamt, dette basert på dei erfaringane som finst frå andre stadar. Og så seier ein at der vil vera fullt høve til å handle raskt om smitteomfanget aukar på.
            
Kringliggjande område
”Håpet om at smitten har oppstått i Nordfjella må ikkje gjera oss blinde. Smittekjeldene er sterkt underkommuniserte,” står det å lesa i brevet. Ein er oppteken av at ei undersøking av andre kringliggjande område må vera første grepet, ikkje minst med tanke på at ein skal opprette ein ny bestand med friske dyr i Nordfjella, noko som er ein føresetnad for å lykkast.
 
Villreinforvaltinga for Nordfjella ber avslutningsvis om at det blir lagt ned ein maksimal innsats for å kartleggje i andre hjorteviltbestandar i Noreg. Dei skriv òg: ”Me vil be om at departementet og/eller dei ansvarlege direktorata ikkje låser framdriftsplanen i forkant av arbeidet med ein konkret bekjempingsplan.”

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing