Svalbardreinen – innvandra frå aust?


Kvar kjem svalbardreinen frå? Foto: Anders Mossing

Kvar kjem svalbardreinen frå? Foto: Anders Mossing

I samband med NRK’s 100-årsmarkering av underteikninga av Svalbardtraktaten i 1920, blei det under “minutt for minutt-sendinga” retta fokus mot reinstamma på Svalbard. Dette skjedde blant anna i form av eit gjenhøyr av eit radioprogram frå 1961 om svalbardreinen. Her kom det fram interessante tankar knytt til kvar denne reinen kan ha vandra inn i frå.

På 1980-talet var ein dominerande teori at svalbardreinen (Rangifer tarandus platyrhynchus) mest sannsynleg hadde vandra over isen frå Grønland til Svalbard, og at næraste “slektning” var peary karibu (Rangifer tarandus pearyi) i Nord-Canada eller den no utdøydde arktiske reinen på nordaust Grønland (Rangifer tarandus eogroenlandicus). Denne konklusjonen bygde mest på likskap i utsjånad og storleik. Desse underartane av Rangifer tarandus har utvikla seg i dei høgarktiske områda og er karakteristiske ved å vera klompete, kortbeinte og meir langhåra enn reinen lenger sør.

Ulike teoriar

Så seint som i 2004 skriv Kjetil Bevanger og Per Jordhøy i boka “Villrein – fjellets nomade” at “DNA-analyser indikerer at dyrene har vært isolert over en lang periode, og at de har kommet fra vest.” Samtidig tek dei med den “gamle” teorien om at svalbardreinen i si tid skal ha vandra inn frå Novaja Semlja i aust.

Denne tidlege teorien blir omtalt i nettopp radioprogrammet frå NRK frå 1961, som blei sendt under “Svalbard minutt for minutt”. Her blir den norske fangstmannen, ishavsskipperen og båtbyggjaren Daniel Nøis (1880-1971) intervjua. Han fortel om reinsjakt i Sassendalen på Spitsbergen i 1912 der han skaut ein reinsbukk med ei ismåkeklo fastsurra med bomullsgarn til geviret. Nøis meiner at denne må vera surra fast til geviret ikkje særleg seinare enn mai. Reinen blei skoten i oktober.


Foto: Kjell Bitustøyl

Ofra eit reinsdyr

Fenomenet blei undersøkt og hornet blei fyrst sendt til Danmark og enda seinare opp i Pedrograd/Leningrad (no St. Petersburg), hjå ein russisk vitskapsmann. Denne konkluderte med at samojedane på Novaja Semlja, Asias nordlegaste folk, som dreiv med tamrein der, hadde ein skikk. Ei slags gudelære – at dei merka einskilde heilage dyr som dei måtte ofre kvart år til gudane for at dei skulle ha betre lykke, halde seg meir friske og få lykke med fangsten. I det heile for at alt skulle gå dei vel. Dei brukte å jage reinen utover isen, og det hende at dei sette vakt i fleire døgn for at reinen ikkje skulle koma tilbake til fastlandet att. Til slutt kan dyret ha vandra berre frå dei og teke ein kurs utover isen. Bevanger og Jordhøy nemner denne historia, men stiller seg litt kritiske til at reinsdyr kan ha vandra så langt som nærare 800 km, som er avstanden mellom Svalbard og Novaja Semlja. Samtidig viser dei til at året 1911 var kjent som eit kraftig isår, og at det difor kan ha vore mogleg at reinsdyr kan ha kome vandrande gjennom drivisen.

Kom reinen over Franz Josefs land?

I NRK-programmet frå 1961 blir konservator Bengt Kristiansen også intervjua, og han meiner at dette ikkje treng ha vore umogleg, når ein ser på andre vandringar som russiske polarforskarar har dokumentert. Han viser elles til at denne reinen og andre reinsdyr kan ha tatt vegen om Franz Josefs Land, og kanskje over Kong Karls Land til Spitsbergen og Sassendalen. Då blir avstanden høvesvis 380 km og 340 km, og dette over havstrekningar som oftare er islagt langt utover våren og sommaren.

Kristiansen kan opplyse at ingen har sett rein på Franz Josefs Land, men at der fleire gonger er funne horn og bein av rein. Dette kan vera restar av døde rein som har kome drivande. Men på den andre side viser Kristiansen til russiske forskarar som reknar med at det er rein som enkelte år har kome over frå Novaja Semlja til Franz Josefs Land, dyr som ikkje har greidd å overleva der, då Franz Josefs Land har det hardaste klimaet av alle polarstrøk. Kristiansen støttar teorien om at Nøis sin rein og andre merka rein som er skotne på Svalbard, kan ha kome over frå Novaja Semlja. Samtidig slår han fast at dagens rein på Novaja Semlja er heilt forskjellig frå svalbardreinen og høyrer til fjellreinen (Rangifer tarandus tarandus) me har i Skandinavia. Difor er også konklusjon hans at reinen på Svalbard må ha vore der over fleire tusen år, men at det frå tid til annan har kome friskt blod frå Novaja Semlja. Nærare eit svar på spørsmålet om opphavet til svalbardreinen kjem ein ikkje i dette programmet.


Foto: Anders Mossing

Foto: Anders Mossing

Nyare forsking

Det interessante med dette perspektivet er sjølvsagt kva forskarane i nyare tid har funne ut om opphavet til svalbardreinen. Moderne genforsking har kome fram til at teorien frå 1980-talet truleg må forkastast, og at ein no, meir i tråd med det som Kristiansen hevda i 1961, hellar mot at svalbardreinen er meir i slekt med reinen i Sibir og nordvestre delar av Russland, den same som vår rein. Ei kjelde som tidleg publiserte eit slikt standpunkt, var bladet Villreinen i 2003. Her blir det referert til naturvernrådgjevaren hjå Sysselmannen: “Nyere undersøkelser har vist at den (svalbardreinen) er mest i slekt med rein fra Novaja Semlja.”

Slik kan teoriar bylgje fram og tilbake, samtidig som at erfaringane frå jegerar og fangstfolk langt tilbake i tid må takast på alvor. Dette er eit godt døme på det.


Foto: Kjell Bitustøyl

Åshild Ønvik Pedersen

Innanfor vitskapen er ein kjent for å vera varsam med for bastante konklusjonar. Og tida er kanskje mogen for andre typar perspektiv. Ei av dei fremste ekspertane på svalbardrein i dag, Åshild Ønvik Pedersen, utrykkjer seg slik om opphavet til svalbardreinen i sin artikkel i boka “Villreinen Biologi – Historie – Forvaltning” (2016): “Svalbardreinen har sin opprinnelse i et forhistorisk tundralandskap der store deler av tundraen i Eurasia var bundet sammen med Beringia (landområdene mellom Asia og Nordamerika). Under siste istid fantes det trolig en stor reinbestand med kontinuerlig utberedelse i dette landskapet. Det er her svalbardreinen og de andre arktiske underartene på Grønland og i Canada stammer fra. På Svalbard har reinen levd i minst 5000 år uten menneskelig påvirkning og er usedvanlig tam og tilsynelatende lite påvirket av menneskelig ferdsel til fots og med snøscooter. Blant de høyarktiske underartene av reinsdyr er svalbardreinen den mest isolerte og stedbundne av alle.”

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing