Kartlegging av skrantesjuke i 2020


Det skal takast prøve av alle villrein eit år og eldre felt under jakt i alle villreinområde. Foto: Anders Mossing

Det skal takast prøve av alle villrein eit år og eldre felt under jakt i alle villreinområde. Foto: Anders Mossing

Sidan skrantesjuke (CWD) blei oppdaga i 2016, har det blitt brukt mykje ressursar på kartlegging. NINA har fått i oppdrag å fylgje opp denne kartlegginga, og det har nyleg gått ut eit informasjonsskriv til kommunar og viltnemnder for 2020.

Målet for ei slik kartlegging er å finne meir ut om ev. geografisk utbreiing av både klassisk og såkalla atypisk skrantesjuke. Dette for å betre å kunne setje i verk gode forvaltningsmessige tiltak for å avgrense eller bekjempe sjukdomen. Reint praktisk vil ein at jegerar, ettersøkspersonell og andre i heile landet skal ta prøver frå eit utval hjortevilt. Det skal i tillegg takast prøver på slakteri og viltbehandlingsanlegg. Mykje vil handle om område som ligg nært stadar der skrantesjuke er påvist, men òg andre utvalde stadar. Fallvilt er viktig å få testa i heile landet etter som det er meir sannsynleg at desse dyra kan vera smitta av ulike sjukdommar.

Medan alderen på dei smitta dyra i Nordfjella var mellom eit og åtte år, var hjorten og elgane med påvist atypisk skrantesjuke 13 år og eldre. Innsamling av fleire prøver vil kunne føre til at ein kan seie meir sikkert at atypisk skrantesjuke rammar dyr av høg alder. I tillegg ser ein for seg at kunnskap om alder vil kunne auke nytteverdien av data frå fallvilt og jakt i høve til hjorteforvaltninga.

Det er sju “grupper” som inngår i kartleggingsprogrammet:

  • Fallvilt frå elg, hjortevilt, rådyr og villrein i alle kommunar

  • Villrein eit år eller eldre felt under jakt i alle villreinområde

  • Elg og hjort frå område der atypisk skrantesjuke er påvist, og rundt Nordfjella

  • Bestandsovervåkingskommunar m.fl.

  • Tilfeldig utvalde kommunar

  • Heimkommunar for sau som beiter i Nordfjella villreinområde

  • Viltbehandlingsanlegg

For villrein skal det altså takast prøver av alle dyr eit år eller eldre felt under jakt i alle villreinområde. I tillegg skal det i Nordfjella sone 2, i Raudafjell og på Hardangervidda (nord for Rv 7) også takast prøve av kalv.

Les meir i NINAs informasjonsbrev til kommunar og villreinnnemnder, samt vedlegg 1 (for villrein) og vedlegg 2 (for elg/hjort).

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing