Sportsjegerane rundt 1900 – kva motiverte dei?


Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

“Drømmen om Vidda” heiter ei hovudoppgåve i etnologi frå 2007, ført i pennen av Elisabet Sveingar Amundsen. Undertittelen “Villreinjakt på Hardangervidda som rekreasjon og viltforvaltning 1870-1920” pensar oss inn på ein periode då sportsjakt var eit relativt nytt fenomen. Her fylgjer ein liten smakebit frå denne hovudfagsoppgåva.

Tittelen “Drømmen om Vidda” refererer seg til ei bok av Johannes Dahl og til ein tankegang blant dei tidlege sportsjegerane, som var velståande byfolk som enten kjøpte seg, eller leigde seg, fjelleigedomar for å drive med jakt og fiske for moro skuld, som rekreasjon og fritidssyssel. Dette i motsetning til dei lokale som på denne tida fyrst og fremst dreiv med matauk. Eit sentralt geografisk område for fleire av desse sportsjegerane var Hardangervidda, eit fjellområde som var relativt lett tilgjengeleg frå både aust og vest. Særleg etter at kommunikasjonar med tog og veg blei betre utbygde. Bergensbanen blei til dømes opna i 1909.

Elisabet Sveingar Amundsen har sett nærare på fem utvalde sportsjegerar, alle født mellom 1848 og 1872. Agent Johan N. Blytt frå Bergen, lege Hans Bruun frå Oslo, major Johannes Dahl frå Hakadal /Oslo, skuledirektør Oscar Guldberg, Nannestad, og høyesterettsadvokat Ludvig Lumholtz frå Fåberg/ Lillehammer. Dei fleste av dei fem var på ulikt vis aktive i NJFF (Norges Jeger- og Fiskerforbund), stifta i 1871. Nokon hadde òg drive med jakt i utlandet.

Motivasjon


Johannes Dahls “Drømmen om vidda” frå 1953.

Dette er eit omfattande materiale. Me skal her berre ta med ei lita flik. Kva var det som dreiv desse tidlege sportsjegerane? Kva var motivasjonen? Bruun snakkar om ei sterk “jaktlyst” som dreiv folk til fjells. Jakta gav etterlengta avkopling frå kvardagslivet. Andre ord som blei brukt, var mestring, nærleik til naturen og nytte. “Jeg kjenner ingen jakt, som stiller større fordringer til jægerens personlige ferdigheter og egenskaper”, skriv Bruun. Lumholtz trekkjer inn eit anna interessant element: “Samværet med vore raske jægere fra fjellbygderne har ogsaa spillet ind, disse troverdige, hjelpsomme karer.” Johannes Dahl var utgangspunktet ikkje reinsdyrjeger, men blei med etter kvart. For han appellerte reinjakta til friluftsinteressa, eit “herlig liv og guds frie natur”. Ein kunne kjenne nærleik til naturen og oppleve landskap på nye måtar. Det høyrer òg med at fascinasjon for det ville reinsdyret kom til uttrykk. Og ikkje minst handla dette om ein inngangsbillett til eit jegerfellesskap med forhistoriske røter.

Nytta ved reinsjakta var ikkje fyrst og fremst kjøtet, i 1910 var det billigare for ein sportsjeger å kjøpe kjøt enn å jakte sjølv. Bruun meinte at “Bygdelagene har hittil blot delvis nyttet villreinens kjøtværdi – dens sportsverdi er mangedobbelt stor.”

Villreinjakt kravde sitt, fysisk ikkje minst. Det var uvant mat, kulde og søvnunderskot. Men trass i påkjenningane handla det om jegerfellesskapet og at jakta skulle ha ein gunstig og rekreasjonsaktig verknad på kropp og sinn. Einskilde kjende seg i slekt med tidlegare tiders jegerar, jakt var “ei urgammal side av Viddas liv”, slik Dahl uttrykte seg. Desse fem har på ulikt vis fortalt om jegerlivet sitt i bøker, tidskrift og på møter.

Romantikk og rasjonalitet

Undervegs i oppgåva kjem Sveingar Amundsen med fylgjande velformulerte mellombels konklusjon: “Vi finner både romantiske og mer rasjonalistiske motiver for å drive jakt på vidda. I likhet med romantikerne verdsatte sportsjegeren landskapsopplevelser og han følte undring, ærefrykt og frihet i møte med naturen og det ville dyret. Urtilstanden hos dyr og mennesker fascinerte – inkludert jaktlyst, primitive egenskaper og aktiviteter med forhistoriske røtter. I tillegg har vi sett eksempler på sjargong fra amerikansk romantisk litteratur (‘eldorado’, ‘pioner’, ‘de store, stille sjøer’, evige jaktmarker’). Det rasjonalistiske idealet kommer til uttrykk i ønsket om å ta i bruk landets ressurser og legge til rette for rasjonell utnyttelse ved å kombinere sport og nytte. Reinjakt bød på opplevelser og utfordringer som ingen annen jakt og ble forbundet med mosjon, mestring, karakterdannelse og kameratskap. Slik handlet rekreasjon om mer enn å unnslippe hverdagens mas.”

Les heile oppgåva her.


Illustrasjon frå Johannes Dahl si bok.

I det avsluttande kapitlet oppsummerer Sveingar Amundsen at sportsjegerane fylgde ein felles draum om høgfjellsjakt. “Samtidig var de med på å legge grunnlaget for dagens villreinforvaltning”, skriv ho og siktar til at mange av sportjegerane var aktive innafor organisasjonar som arbeidde for å fornye forvaltninga av både villrein og anna vilt.

Villrein og tamrein

Det høyrer med til historia at i denne perioden kom det ofte til konflikt med tamreindrifta som var på sitt mest utbreidde på Hardangervidda rundt 1910. Og det ligg i sakens natur at dei som drøymde om vidda og villreinen, såg med skepsis på tamreinen som i ein del område tok over for villreinen. Sveingar Amundsen tek då òg opp denne problemstillinga. Eit sitat frå sportsjeger og lege Hans Bruun seier sitt, han var sterkt kritisk til tamreinen og formulerte seg på denne måten: “Og dyrenes holdning later til å være en følge av relasjonen til mennesket. Det ville dyret var fritt. Det tamme dyret var privat eiendom, nærmest ‘fe’. Villreinen var stolt og fri, den holdt hodet høyt, i motsetning til tamreinen, som var ‘duknakket’ og underkuet i sitt fangenskap. Dermed kunne tamreinens øremerke bli kalt ‘slavemerke'”.

I dette problemfeltet stod ofte by mot land, ettersom tamreindrifta langt på veg var ei rein bygdenæring, medan sportsjegerane mest kom frå meir urbane strøk. Men dette er ei annan historie.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing