Reinheimen-Breheimen: Viktig å vera føre var


Reinheimen mot Tverrådalskyrkja. Foto Per Dagsgard

Reinheimen mot Tverrådalskyrkja. Foto Per Dagsgard

Medan fokus den seinare tida har vore mykje på villreinområde som Hardangervidda, Nordfjella og Rondane, er det på høg tid òg å få ei oppdatering på korleis stoda er i Noregs tredje største villreinområde, Reinheimen-Breheimen. Stikkordet der er å vera føre var, eller sagt med andre ord: ein ynskjer ikkje å koma opp i same situasjon som dei verst ramma fjellområda i høve til belastning på villreinstammene frå auka ferdsel. 

Me har teke ein prat med to sentrale personar i forvaltninga av dette villreinområdet, Randi Rust frå Skjåk, nestleiar i villreinnemnda for Reinheimen-Breheimen, ho sit òg i Villreinrådet i Noreg. Og Knut Granum, også han frå Skjåk, sekretær for villreinutvalet og oppsyn i området gjennom mange år.

Randi Rust

Eg spør Randi Rust kva for utfordringar dei står overfor i deira villreinområde. Ho fortel at Reinheimen-Breheimen er prega av at dei ikkje har så mykje tilrettelegging for ferdsel i sine område samanlikna med andre villreinområde. Det er få og små DNT-hytter i nasjonalparkane og med det eit avgrensa nett av DNT-stigar. Reinheimen- Breheimen er slik mindre tilgjengeleg. 

Den store endringa i bruken er at folk dreg på turar og toppturar nærast til alle årstider no til dags. Bruken av utmarka har endra seg totalt ifylgje Rust, før var bruken tradisjonell hausting av utmarksressursar i form av jakt, fiske og ikkje minst sommarbeite for bufe, ei sesong-basert utnytting. Rust peikar på folk var ikkje var så mobile den gongen. Det er mykje villmark, Reinheimen Nasjonalpark er vel 1900 km2 og Breheimen Nasjonalpark er nesten 1700 km2 og Ottadalen ligg mellom desse to områda.  Det arealet som nå er nasjonalparkar, gjekk tidlegare under namnet  Ottadalen Villreinområde


Frå Breheimen - Tundradalen. Foto: Per Dagsgard

Frå Breheimen – Tundradalen. Foto: Per Dagsgard

Føre-var prinsippet

Villreinnemnda arbeider for at ein skal kunne leggje til rette for både rein og folk. Skjåk Almenning, som eig 95 % av arealet i Skjåk, ynskjer i likskap med andre grunneigarar inntekt på eigedomen. Og det er etablert hyttefelt i randsona til nasjonalparkane. 

– Korleis taklar de dette? spør eg.

– Det handlar om å balansere bruken av utmarka, lokal bulyst og lokal næringsutvikling er særdeles viktig, seier Rust.

Men med hyttefelt blir det meir folk i fjellet, og Rust poengterer kor viktig det er med samarbeid med alle partar. Det gjeld tilrettelegging av lokalt løypenett for å kanalisere ferdsel til robuste område og informasjon om korleis å ferdast i villreinfjellet. 

– Ferdsla til folk flest kan ofte bli styrt gjennom tilrettelegging av løyper og stigar. Slik kan ein til ein viss grad skjerme sårbare villreinområde sjølv med fleire folk til fjells.

Stikkord er her i fylgje Rust eit nært samarbeid med dei lokale løypelaga, hytteforeiningar og næringsutviklarar slik at ein kan bruke utmarka til beste både for villrein og folk. Og ho understrekar at dette har gjenge rimeleg greitt så langt. Reinheimen-Breheimen villreinområde ligg langt frå store befolkningskonsentrasjonar, dei næraste områda i så måte er Sunnmøre og Ålesund. Det er Grotli og Sota i Skjåk og Bjorli i Lesja som er hytteområda for både aust og vestland.

Rust opplyser elles at Villreinnemnda er ein høyringspart når til dømes  sjølvbetjente DNT hytter, beitelagsbuer og allmenningshytter skal endrast, renoverast eller det er andre tilretteleggingar i villreinområdet. 

– Me er kritiske og realistiske i innspela våre, avluttar Rust.  

Knut Granum

Ein som har lang fartstid i Reinheimen-Breheimen er sekretær for villreinutvalet og oppsynsmann Knut Granum. Det er naturleg å spørje han òg om kva for utfordringar villreinen her står overfor? Kva er nytt, kva er ved det gamle?

– Dei to siste åra har militæret tatt i bruk området her vinterstid, blant anna med litt bruk av snøskuter. Heimevernet i Møre- og Romsdal er blant dei som har vore med på dette. Dette kan fort bli ein uønskt aktivitet i villreinområdet, seier Granum, som føyer til at dei har god kontakt med nasjonalparkstyret, samt at dei òg kan hente erfaring frå miljøet på Hjerkinn der ein har lang erfaring med samarbeid med Forsvaret.


Breheimen - reinsbukk i nærleiken av Sota seter.  Foto: Per Dagsgard

Breheimen – reinsbukk i nærleiken av Sota seter. Foto: Per Dagsgard

Reiselivet – god dialog

Knut Granum snakkar òg om reiselivet og eit ønskje dei har for å ekspandere og ta meir av fjellet i bruk, noko som naturleg nok ikkje gagnar villreinen. Her ligg, som i mange andre område, ein kime til konflikt. Og slik har det vore lenge. Som Randi Rust nemner han at det er føre-var prinsippet som gjeld og som ein styrer etter, for her er fleire område med planar om meir hyttebygging.

Granum stadfester at dei siste åra har dette gått relativt bra, og nemner god planlegging av løyper vinterstid som eit døme på føre-var prinsippet. 

I høve til DNT har der vore forskjellige utfordringar.

– Me har hatt våre kampar med DNT, blant anna har det vore eit tema med auka trafikk på grunn av ei nyare turisthytte som ligg slik til at det er lettast å koma inn frå Skjåk. Her er det ei trekkrute aust-vest som kan vera ein barriere. Så har dei hatt tilfelle der turisthytter har måtte stenge 1. mai og fram til sommaren på grunn av kalvinga, fortel Granum.    

Men han legg vekt på at dei etter kvart har fått til ein god dialog både med DNT og grunneigarar og slik oppnådd større forståing for villreinens behov. Slik oppfattar han det òg i høve til reiselivet elles.


Reinsbukk i Lomshorrungen i Reinheimen. Foto: Per Dagsgard

Reinsbukk i Lomshorrungen i Reinheimen. Foto: Per Dagsgard

Villrein-tamrein

Breheimen grensar, som Vest-Jotunheimen, opp til Lom tamreinlag sitt beiteområde på Lomseggen og Sognefjellet Der har vore konfliktar lenger tilbake, men største utfordringa no er på sjølve Lomseggen der villreinbukkar frå Breheimen kan blande seg saman med lomsreinen. To bukkar gjorde dette i fjor, den eine bukken blei skoten av folk frå tamreinlaget – og hendinga førte til eit møte med bl.a. Miljødirektoratet og Statens naturoppsyn. Granum meiner at der er ein fare for at ein større villreinflokk kan koma saman med ein tamreinflokk dersom desse kjem inn i same område i 2000 m høgde og uvêr hindrar folk i koma inn og gjete flokkane.

Bestand

– Kva med villreinbestanden og svingingar der?

– Me har eit godt kontaktnett av folk og godt samarbeid med SNO for å fylgje med på bestanden. Og der er både plussar og minusar, kalvevektene har gått ned i både Reinheimen og i Breheimen, og i Breheimen har stamma vore litt for stor, slik at denne er justert ned. Slike svingingar har ført til årlege minimumsteljingar. I Breheimen prøvar me å snu ein negativ tendens. Eitt av grepa me har gjort er å få til eit uttak av små kalvar, slik at desse ikkje kjem inn i avlen.

Granum fortel elles at dei har hatt to år med fotròte i Breheimen, men i 2020 verka det som alle dyr har unngått denne sjukdommen. Som ei forklaring på fotròten nemner han dei to somrane 2018 og 2019, det var tørre somrar der reinen har flokka seg i myrhol, og med det lettare for utbrot av fotròte.

– Kva med klimaendringar?

– Med eit varmare klima vil områda i vest bli meir verdifulle, Stryn og Tafjordfjella særleg. Eit slikt trekk vestover vil kunne føre til at trekkrutene kan bli avskorne, der kan bli barrierar for villreinen.

Kvalitetsnormen

Knut Granum vil elles trekkje fram Kvalitetsnormen som eit positivt tiltak i regi av Norsk Villreinsenter. Dette handlar om tilstanden i dei ulike villreinområda, og der bidreg lokale folk med registreringsarbeid, seier han. Dette tiltaket vil kunne auke statusen til villreinen. Granum legg òg vekt på det gode samarbeidet dei har mellom villreinutval og villreinnemnd for Reinheimen-Breheimen. 

villrein.no – Kjell Bitustøyl