Frå den eine villreinjobben til den andre


Morten Elgaaen på jaktoppsyn i Brattefjell-Vindeggen villreinområde, i bakgrunnen Gaustatoppen. Foto: Kjell Bitustøyl

Morten Elgaaen på jaktoppsyn i Brattefjell-Vindeggen villreinområde, i bakgrunnen Gaustatoppen. Foto: Kjell Bitustøyl

Frå og med 1. mars er Morten Elgaaen, busett i Rauland, tilsett ved Norsk villreinsenter Sør som fagkonsulent i 50% stilling. Etter 14 år i SNO med den offisielle tittelen seniorrådgjevar, har han no bytt beite. Men eitt står fast: Han skal framleis arbeide med villrein. 

Oppsynsdrakta til SNO er erstatta av fagkonsulentfrakken eller kanskje anorakken, for som medansvarleg for gjennomføring av kvalitetsnormen for villrein, skal Morten Elgaaen drive ein del med feltarbeid: GPS-oppfylgjing, beiteregistering og liknande. Og er det noko han er vane med den erfarne utmarksforvaltaren, så er det å ha arbeidet sitt utandørs. Dette har han hatt med seg heilt sidan han som gutunge trødde i hælane på faren på jakt- og fisketurar heime i Elgå.  

Åmot utmarksråd

Gutedraumen for Morten Elgaaen var å bli oppsynsmann i Femundsmarka nasjonalpark. Slik hamna han på ei fireårig utdanning innanfor utmarksforvaltning på Evenstad, ei utdanning der økologi, biologi og all slags viltforvaltning var på timeplanen. Fyrste jobben var for Åmot utmarksråd i Rena i Østerdalen, her handla det mest om viltforvaltning og oppsyn knytt til elg, småvilt og fiske. I tillegg til dette hadde han hatt sesongarbeid to år som fjelloppsyn i Femundsmarka for Engerdal fjellstyre.

Til Setesdal

Men lagnaden ville det annleis enn gutedraumen, og Morten Elgaaen hamna i Bykle kommune der han fekk arbeid på planavdelinga og med reguleringsplanar. Her blei han kjent med eit villreinområde for fyrste gong, og forvaltning inn mot Setesdalsheiane blei ein del av arbeidsområdet


Morten Elgaaen på oppdrag for SNO - her handlar det om å peile ei bortkomen simle med radiosendar, dyret har falle utanfor ein skrent. Foto: Kjell Bitustøyl

Morten Elgaaen på oppdrag for SNO – her handlar det om å peile ei bortkomen simle med radiosendar, dyret har falle utanfor ein skrent. Foto: Kjell Bitustøyl

SNO i 14 år

1. januar 2007 blei eit vendepunkt, for då blei det lyst ut full stilling i SNO Skinnarbu. Morten Elgaaen søkte jobben og fekk han. Dei geografiske arbeidsområda har for ein stor del vore Hardangervidda og Brattefjell-Vindeggen, men òg mindre verneområde i Telemark. På Skinnarbu har han halde hus med kollega Knut Nylend over lang tid og under same tak som Norsk villreinsenter. Det er slik sett ikkje behov for bli-kjent-med veke for Elgaaen når han no går over i ein ny jobb. 50%-stilling har han hatt dei siste to åra òg innafor SNO, med permisjon frå halve stillinga. Grunnen er enkel: Han har enda opp med gard og stifta familie i Rauland, der storfehald har blitt ein viktig del av tilværet, ikkje heilt ulikt oppveksten i Elgå der sauen var husdyret.

Kva beste minna frå desse åra i SNO er? Han tenkjer tilbake på ei tid med spennande og interessante oppgåver, ikkje minst alle folk han har møtt og hatt med å gjera. Men der er òg ting han ikkje kjem til å sakne, aller mest er det kontrollarbeid i høve til motorferdsle i utmark. Elles inneheldt arbeidet desse åra, i tillegg til sjølve oppsynet, ein informasjonsbit samt det han kallar registreringsarbeid og skjøtsel. Eit prosjekt i så måte har vore knytt til utsetjing av fjellrev på Hardangervidda.   

Kvalitetsnormen

Elgaaen gler seg til å ta fatt i den nye jobben, han ser òg at ein fast 50% stilling er meir ideell for han. I SNO har han vore meir avhengig av å måtta ta omsyn til vekslande vêr og slikt. No med ein annan type jobb pluss fast stilling i 50% kan han lettare kombinere arbeid og gardsdrift og omsyn til familien. Arbeidet med kvalitetsnormen vil vera den viktigaste oppgåva for NVS dei komande åra, kvart villreinområde skal få ein type trafikkljos med grøn, gul eller raud status. Og Elgaaen vil vera ein del av teamet som skal drive dette arbeidet framover. Skal tru om reinsdyra i Brattefjell-Vindeggen og på Hardangervidda vil kjenne att Morten Elgaaen, no når SNO-habitten er lagt vekk for godt?

villrein.no – Kjell Bitustøyl