Kva betyr bukken for simlene vinterstid?


Frå Brattefjell-Vindeggen villreinområde i november, mesteparten simler. Foto: Kjell Bitustøyl

Frå Brattefjell-Vindeggen villreinområde i november, mesteparten simler. Foto: Kjell Bitustøyl

Eit tema som opptek fleire er kor viktig det er med bukk og storbukk for ein reinsflokk vinterstid når det gjeld å grave fram beite til simler og kalvar. Men kva er sant og kva er myte? I denne artikkelen skal me prøve å nærme oss eit slags svar på dette spørsmålet.

Terje Skogland

Om ein startar med reinsdyrforskar Terje Skogland, er han innom temaet vinterbeiting i boka si «Villreinen – fra urinnvåner til miljøbarometer». Skogland fylgde villreinen heile året og skaffa seg slik ein kunnskap som ikkje så mange andre i samtida kunne måle seg med. Han skriv til dømes om ein tur han har i nærleiken av Mårvatn vinterstid: «Bukkene har mistet sine store gevir og sin status. De har søkt ut av simleflokkene og beiter for seg sjøl for ikke bli dominert av de drektige simlene. Det er bare disse som har gevir å denne årstiden. De bruker dem til å true til seg de beste beitegropene, noe som kommer de voksende fostrene til gode.» Lenger ute i boka skriv han meir om temaet under overskrifta «Kamp om maten», her stadfester han langt på veg observasjonane sine. Han skriv òg om at det er sjeldan at beitegroper er djupare  30 cm i høgfjellet. Han skriv vidare: «Dyr av lav rang taper oftest og må vike plass i kampen om beitet. Når en drektig simle er ferdig med en grop, vurderer hun status på de nærmeste individer. På avstander opptil 30 m ser hun om det er dyr som er underlegne, går mot dem og gjør en rask sleng med geviret hvis gropholderen nøler, og overtar deretter gropen.» Vidare fortel han om bukkane at «For å unngå for mange overordnede, fortrekker voksne bukker å beite i småflokker med «likemenn». 

Det er verdt å merke seg at Skogland ikkje nemner noko om at bukkane kan vera viktige ved å grave fram beite for simlene. 


Her må det gravast for å koma ned til beitet. Foto: Anders Mossing

Her må det gravast for å koma ned til beitet. Foto: Anders Mossing

Magne Hallanger frå Ulvik i Hardanger var fjelloppsyn på Hardangervidda mange år, frå 1982 og framover. Han var blant anna med Terje Skogland i fleire år då dei dreiv med kalveundersøkingar/kalveteljing I Veigdalen og områda omkring. Han stadfester det som Skogland skriv at bukkane samlar seg i eigne flokkar på ettervinteren for å beite. Han er klar på dette med simlene: dei greier heilt fint å finne seg mat på eiga hand utan hjelp frå bukkane. Jon Mårdalen frå Tinn, mangeårig villreinjeger og erfaren fjellmann, gjev uttrykk for noko liknande. Han vil i tillegg understreke at slik saken er no på Hardangervidda, er det sommarbeitet og ikkje vinterbeitet som er problemet.

Erfaring frå tamreindrifta

Geir Egil Slettom er sjefsgjetar i Lom tamreinlag og har drive som reinsgjetar i mange år. Han stadfester langt på veg det som Skogland er inne på, bukkane skil seg frå simlene og dannar eigne flokkar på ettervinteren. Han fortel at Lom, som så mange andre tamreinlag, innførte ny flokkstruktur i 1984 og nesten ikkje har eldre bukk i flokkane. Større bukk har tradisjonelt vore bruka til leiebukk eller køyrebukk, det siste særleg blant samane. Det høyrer med til historia at Lom tamreinlag er av dei som har høgast kalvevekter her i landet.

 Men Slettom har eit anna poeng når det gjeld bukkens rolle, bukkeflokkane er «flinkare» til å søkje seg ut i utkantane av eit beiteområde og på den måten utnytte eit beite som elles ikkje er i bruk. Han fortel elles at det er mindre kamp mellom bukkane når dei har 11/2-årige bukkar i avlen. Eldre bukk har han observert er svakare til å tole vinteren. Frå tida då dei hadde meir storbukk  i flokkane, hugsar han at dei kunne finne attliggjande bukkar når dei flytte med flokken, han meiner der var eit stort svinn etter brunsten. I tillegg meiner han at for dei som driv med tamrein har det vore ein annan stor fordel med yngre bukk, nemleg mindre problem med at bukkar på våren bryt seg inn på seterkve o.l. på våren.


Vinterbeiting i januar, Lom Tamreinlag. Foto: Kjell Bitustøyl

Vinterbeiting i januar, Lom Tamreinlag. Foto: Kjell Bitustøyl

Professor ved NMBU Øystein Holand har publisert mykje knytt til reinens livshistorie, han står blant anna bak artikkelen «Villreinen – en suksessfull art» saman med Tor Punsvik i boka om «Villreinen»  (2016). Han seier at han sjølv ikkje kjenner godt nok til denne problematikken, men at der er ein forskjell på tam og vill rein i den forstand at hjå samane i nord, som han kjenner best til, har vore ein tradisjon med å styre bukkeflokkane dit dei andre dyra held seg, og at ein ser for seg at større og sterkare dyr kan ha ein funksjon i høve til graving av beitegroper. Ivar Tørresdal frå Røros, som har drive innafor sørsamisk reindrift ein mannsalder, hugsar godt tida då dei hadde storbukk. Slik han hugsar det hadde dei storbukk utifrå ein tanke om at store bukkar avlar store kalvar, noko ein heilt har gått bort frå i avlen dei seinare åra, nokon stad heilt sidan 1960-åra. Tørresdal meiner at storbukkane ikkje har nokon funksjon på denne måten, bukkane blir jaga bort av simlene som greier seg godt på eiga hand, seier han.

Litteratur om rein

Ein gjennomgang av litteratur om emnet både når det gjeld tam og vill rein, har ikkje ført fram med tanke på å dokumentere at bukkane er viktige for å grave fram mat for simlene vinterstid, heller ikkje i samband med at isdekke og vanskelege gravetilhøve er nemnt. Det faktum at reindrifta etter strukturendringa i nyare tid, berre nyttar seg av 1 1/2 -åringar i avlen, stadfester dette. Vinterstid er der svært få storbukk i tamreinflokkane, det er nesten berre årskalvar i bukkesegmentet. Konklusjonen blir at det er lite hald i påstandane om at ein er avhengig av storbukk i flokkane vinterstid, altså er dette langt på veg ein myte. 

villrein.no – Kjell Bitustøyl