Reinens vinterbeite – ein same fortel


Dyra i denne reinflokken beitar på både hengelav og lavarter på bakken. Foto: Anders Mossing

Dyra i denne reinflokken beitar på både hengelav og lavarter på bakken. Foto: Anders Mossing

Mykje er kjent omkring vinterbeitet til reinen. Likevel kan det vera ting å hente frå dei som kjenner ekstra godt til beitetilhøve og korleis reinsdyret greier å overleva i vinterfjellet. Ein som kan mykje om dette, er reinsgjetaren Johan Rassa frå Jokkmokk i Nord-Sverige. I boka “Snø” der forfattaren Yngve Ryd har intervjua den uvanleg kunnskapsrike samen, er eit eige kapittel om vinterbeite. Det fylgjande er henta frå dette avsnittet i boka.

Johan Rassa (f. 1921) har drive med tamrein heile livet. Han har tileigna seg så mykje kunnskap om alt knytt til rein og fjell innafor den samiske tradisjonen i Nord-Sverige at han er einaste kjeldeperson forfattar Yngve Ryd har nytta i boka om “Snø” (2. utgåve 2007). Rassa fortel om reinen som vinterstid berre lever av lav. Dette til forskjell frå elgen som lever av bork, eller rype, tiur, orrfugl, hare og andre mindre dyr som et bjørkeknoppar, tunne kvistar, bar eller gneg litt bork. Får ikkje reinsdyra tak i lav, så svelt dei. Dei et bjørkeris på haustvinteren, men dei kan aldri overleva på dette om tilgangen på lav skulle bli umogleg vinterstid i fylgje Rassa.

Hengjelav


Hengjelav. Foto: Kjell Bitustøyl

Ulike artar av hengjelav – slahppo på samisk – på tre kan vera viktig mat for reinane om beitet på marka sviktar. Men det er fyrst når bakken er isete eller snøen for hard at reinen tyr til hengjelav. Rassa fortel at hengjelaven er eit tilskotsfôr, ikkje det som reinen helst vil ha. Likevel kan reinen i naudsår leve nesten ein heil vinter på hengjelav. Slikt lav finst både på furu og gran, best tilgang er det naturleg nok på gran, som har greiner som vekst nær bakken. Eit lav som òg veks på greiner er gadna, eit tunt lav som veks tett inn mot trestammene, kvist og stein, det heng ikkje i tynne trådar som hengjelavet. Stundom kan lav blåse ned på bakken og bli liggjande lett tilgjengeleg. Små grantre kan vera fulle av gadna. Også i fjellbjørkeskogen kan ein finne gadna, for i barskogen har bjørketrea for lang stamme og greinene sit for høgt. Gamle og morkne bjørketre og daude bjørketre er bra for reinen, for her finst lavet heilt ned mot marka.

I tidlegare tider, dersom det blei dårleg beite på bakken, kunne reinsgjetarane felle små grantre for at reinen skule få betre tilgang. Når det gjeld furu, var er det tørrkvist som er lett å slå av som blei brukt. Til å slå av desse greiene brukte dei ei lang stong. Likevel er det den naturlege beitinga som er det beste for reinflokken. Det reinsgjetaren kan gjera er å drive flokken til eit område med mykje hengjelav så reinen får finne lavet sjølve. Men medan det før i tida fanst mykje slik skog, er denne skogen no til dags for det meste hoggen, fortel forfattar Yngve Ryd.

Snøkonsistensen viktig

Det er ei kjent sak at konsistensen i snøen er avgjerande for om reinen greier å grava seg ned til lavbeitet. Dei beste tilhøva er naturleg nok når snøen er mjuk og laus frå overflata til botn. Er det derimot isaktig snø som har frose fast til bakken, kan reinen grava lavet fram, men då får dyra i seg mykje anna enn lav òg, mat som reinen ikkje kan nytte seg av. Om det skulle bli slik at regn har ført til at øvste laget med snø har frose til ei hard kake, kan ikkje reinen grave seg gjennom dette laget. Men dei kan slå med framføtene slik at dette islaget sprekk. Slik kan dei greie å grave seg ned til maten.

Heller enn i flatt lende finn reinen ofte fram til brattare parti der snøen ligg tynnare, då byrjar dei som regel å grave nedst i bakken slik at snøen rasar ned etter som dei grev. Slikt beiteland er svært viktig for reinen ifylgje Rassa.

Eit område som er grave ut og nedbeitt av reinen, kan vera problematisk i etterkant for den som skal bevege seg her, enten det gjeld ski eller snøskuter. Det kan vera hardt og humpete.

Djup snø


Sørsamiske reinsgjetarar frå Jomafjellfamilien i Tinn i Telemark på byrjinga av 1900-talet. Legg merke til dei to skistavane med ein skovl på toppen, dei er typiske innafor den sørsamiske reingjetartradisjonen. Foto utlånt av Sigmund Holte.

Når snøen er djup, men laus og lett å grava i, grev reinsdyra seg ei grop, dei snur seg rundt i gropa og kan bli neste borte i snøen. Då kan ein skiløypar koma på kloss hald på reinsdyret utan at reinen merkar noko. I slike tilfelle kan dyra bli eit lett bytte for gaupe og jerv. Reinen kan vera eit par dagar i ei slik grop, og når så dyret forlét gropa, kan mindre dyr, reinskalvar, koma til fordi her er det lett tilgang på beite om gropa er fersk. Reinsgjetarane er forsiktige med å nærme seg reinsdyra under slike forhold, dei fylgjer med på god avstand, og hundane får ikkje vera med i slike situasjonar.

Reinsgjetarens jobb er å undersøke kor djup snøen er og kva konsistens han har, kva slags snø det er. Til denne bruken hadde dei ein stav med skovl/ause i toppen, slik kunne ein lett kontrollere om der var beite og korleis tilgangen på beitet var. Slike stavar laga også reinsgjetarar frå fjellbygdene i sør seg, då dei lærte seg å gjete rein under tamreinperioden frå slutten av 1880-åra til godt innpå 1900-talet.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing