Regionale planar


Eit av måla med den regionale planen er å sikre leveområde til reinen. Foto: Anders Mossing

Eit av måla med den regionale planen er å sikre leveområde til reinen. Foto: Anders Mossing

I 2007 blei det satt i gang et program for å utarbeide regionale planar for dei nasjonale villreinområda. Planane avgrensar nasjonale villreinområde og fastsetjer ei langsiktig arealforvaltning som balanserer bruk og vern for dei aktuelle fjellområda med randområder.

Les meir om dei regionale planane på villrein.no.

I samband med utarbeiding av regionale planar for dei nasjonale villreinområde, blei det også peikt på eit mogleg behov for tilsvarande planar for dei 14 ikkje-nasjonale villreinområda. Nyleg kom fylkesrådet i Viken med si innstilling til regional plan for villreinområdet Norefjell-Reinsjøfjell. Natur og friluftsliv får prioritet, heiter det i ei pressemelding frå Viken fylkeskommune.

Norefjell-Reinsjøfjell er eit populært og naturskjønt reisemål for dei som er glade i friluftsliv, og eit område med relativt stutt reiseveg frå sentrale delar av Viken og Oslo. Villreinområdet har ei vinterstamme på nærare 600 dyr og omfattar fem kommunar: Sigdal, Krødsherad, Flå, Nesbyen og Nore- og Uvdal.

Finne ein god balanse

Fylkesråd Øyvind Solum (MDG) seier i ein kommentar at utfordringa har vore å finne ein god balanse mellom omsynet til natur, dyreliv og friluftsliv på den eine sida, og turisme, lokalsamfunn og næringsinteresser på den andre sida. Konkret handlar dette om å få ein heilskapleg plan som involverer utviklingsbehova til lokalsamfunna, samtidig som ein skal sikre leveområdet for villreinen og verdifulle natur- og friluftsområde.

Lokalt vil einskilde kommunar at planen skal omfatte fleire hytteområde, men dette kan koma i konflikt med villreinens leveområde, i og med at der i planområdet ligg vedtak om å doble talet på hytter. Fylkesrådet meiner det er viktig å avvente ytterlegare hyttefelt. Men det er Fylkestinget som skal gjera det endelege vedtaket til hausten.

Nokre hovudpunkt i planen


Norefjell-Reinsjøfjell er eit yndet reisemål for rekreasjon og turer. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Snaufjellet i dette området er ekstra sårbart og planen legg vekt på at det meste av snaufjellet og villreinens leveområde skal sikrast. Grøn struktur for natur og friluftsliv under tregrensa skal òg sikrast. Samtidig opnar planen for at ein kan ha ei viss form for utvikling av nye hytteområde ut over doblinga av mengda som alt er vedtatt. På same måte med næringsutvikling i eksisterande alpinanlegg. Ein vil òg opne opp for meir satsing på langrenn, sykling og vandring i fjellet, inkludert etablering av ein sti- og løypeplan for heile området.

Den regionale planen for Norefjell-Reinsjøfjell skal som nemnd opp til endeleg handsaming i Fylkestinget i Viken til hausten. Les meir i pressemeldinga frå Viken fylkeskommune.

Nytt frå Hardangervidda

Den regionale planen for Hardangervidda ble først vedtatt i 2011. Det er vanleg at slike planar rullerast med jamne mellomrom, og nå føreligg det i så måte politiske vedtak i alle tre fylkeskommunane Vestland, Viken og Vestfold og Telemark.

Dei politiske vedtaka frå dei tre fylkeskommunane er likelydanes, men det vil bli gitt en frist til statlege etatar og fylkesmann, samt kommunar, som har rett til å bringe saken inn for departementet. Dersom slike organ meiner at planens mål eller retningslinjer er i strid med nasjonale eller statlege interesser på vedkommandes ansvarsområde, kan dei krevje at saken bringes inn for departementet for naudsynte endringar.

Les meir om regional plan for Hardangervidda her.

villrein.no – Anders Mossing/Kjell Bitustøyl