Der reinen går er jorda freda

Under paraplyen “Villreinfjellet som verdiskaper” har det vakse fram eit bokprosjekt i Bykle i Setesdal. Dei som står bak er fjellstovedrivar, bonde og forfattar Ragnhild Bjåen, og biletkunstnar Tove Hertzberg. Dei har no snart klart eit pedagogisk opplegg om reinen, ei bok tilrettelagt for undervisning på mellomtrinnet. Tittelen på boka er “Der reinen går er jorda freda”.


Illustrasjonane er henta frå boka.

Illustrasjonane er henta frå boka.

Samarbeidet mellom Ragnhild Bjåen og Tove Hertzberg starta med ei utstilling på Hovden i Setesdal, “Fjellreinskulen”. Dette var ei utstilling der dei to inviterte barnehagar og skuleklasser, men òg vaksne til å bli betre kjent med mennesket og reinsdyret, både i høve til dei lokale villreinstammene  i Setesdal, men òg med eit historisk blikk på det samiske, som i si tid var ein viktig del av tamreinhaldet i  Setesdalsheiane. (link til artikkel om Fjellreinskulen 19.juli 2019). Dette prosjektet skaut fart då dei to fekk positivt svar på fleire søknader, både lokalt og i særleg grad frå Miljødirektoratet, der Norsk villreinsenter Sør spela ei viktig rolle i søknadsprosessen. Dette blei vidareført i bokprosjektet som no snart ser dagens ljos.

Oppsummert kan ein hevde at av dei mange prosjekta som har kome i gang etter at “Villreinfjellet som verdiskaper” blei starta opp, er kanskje Fjellreinskulen og no bokprosjektet dette har enda opp med, av dei som har kome lengst med å setje ut i livet tankane som låg bak verdiskapingsprosjektet.


Fjellreinskulen.jpg

Kva handlar boka om?

Boka “Der reinen går er jorda freda” tek, som utstillinga til Fjellreinskulen, utgangspunkt i dei åtte årstidene reinsdyret går gjennom. Tove Hertzberg står for illustrasjonane der både foto og måleri blir brukt, gjerne i saman, medan Ragnhild Bjåen står for det tekstlege. Innhaldet, teksten, som er delt i tre, er ei tredeling som går om kvarandre undervegs, og som blir synleggjort i form av forskjellig farge/form på dei  ulike tekstdelane. Det som står med raudt er historia om “fjellreinjenta”, skrive i eit poetisk språk og med klare skjønnlitterære drag. Stutt sagt er dette Ragnhild Bjåen si eiga historie, oppvaksen som ho er på fjellgarden Bjåen der næraste familie var sterkt involvert i tamreindrift, seinare i villreinjakt og villreinproblematikk.

Det som står i kursiv i boka er det som går djupare i innhaldet, eit slags ekstrastoff, medan det som er i grønt er faktaboksar om reinsdyret. Ulike tabellar er med på å halde orden på stoffet, til dømes ordforklaringar eller oversiktar over ulike villreinområde. I høve til det samiske er her t.d. teke med samisk tradisjonskunnskap om reinen. Møtet mellom bygdefolk og samar høyrer òg med, slik Ragnhild opplevde det i oppveksten.


Fjellreinskulen.jpg

Ikkje berre Setesdal

Boka er meint som eit pedagogisk verktøy og er i høve til nettopp dette, den fyrste i sitt slag her i landet. Det heile er sett inn i ein kunstnarisk kontekst, og illustrasjonane skal hjelpe lesaren med å oppleva og forstå både villreinen og tamreinen betre. Ikkje minst gjeld dette kulturen som knyter seg til dette dyret, både lokalt og i det samiske.

Kunnskapen om reinsdyret og møtet mellom menneske og reinen er sjølvsagt ikkje typisk berre for Setesdal, difor er boka tenkt å kunne brukast i andre område der ein har eit nært forhold til villreinen eller reinsdyret. I høve til skulebruk vil lærarar slik kunne bruke boka og tilpasse innhaldet og formidlinga til lokale forhold rundt omkring.

 Planen er at boka skal vera klar til skulestart i august.

villrein.no – Kjell Bitustøyl