Nytt villreinprosjekt i Setesdal Austhei og Brattefjell-Vindeggen


Tor Punsvik var ein av foredragshaldarane under møtet på Skinnarbu før påske. Foto: Kjell Bitustøyl

Tor Punsvik var ein av foredragshaldarane under møtet på Skinnarbu før påske. Foto: Kjell Bitustøyl

Veka før påske var det konstituerande møte om eit komande villreinprosjekt med bruk av GPS-sendarar og kamera i Setesdal Austhei og Brattefjell-Vindeggen. Mange impliserte hadde møtt fram på Norsk villreinsenter Sør på Skinnarbu frå kommunane rundt båe villreinområda. Møtet gjekk som planlagt sjølv om merkinga av simler er utsett eitt år pga isingsproblema i Nordfjella.

Deltakarane på det to dagar lange møtet fekk både generell informasjon om villrein og GPS-merking, og meir lokalt retta informasjon om planane. Innleiarane var dei fremste ekspertane på området, villreinforskar Olav Strand frå Norsk institutt for naturforskning (NINA) – mangeårig leiar av GPS-prosjekt i mange av våre villreinområde, Bjørnar Ytrehus, veterinær ved NINA og Tor Punsvik, viltforvaltar hjå fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder. I tillegg orienterte Dag K. Bjerketvedt frå Høgskolen i Sørøst-Norge om deira bidrag inn i prosjektet i form av eit nyoppretta PhD-stipendiat med beiteundersøkingar som spesialitet. Lena Romtveit ved Norsk villreinsenter Sør (NVS Sør) koordinerte det heile, og ivaretek rolla som sekretariat for prosjektet. Olav Strand, som òg er knytt til NVS Sør i ei deltidsstilling, har den faglege leiinga i arbeidet.

Litt historikk
Målet for møtet var å konstituere ei styringsgruppe med ulike arbeidsgrupper, med både geografisk og tematisk inndeling. Mellom anna var det naturleg med ei eiga arbeidsgruppe for kvart av villreinområda. Medan ein tematisk ser desse to prosjekta i samanheng når det kjem til reinsdyras bruk- og beitepreferansar i skog.

Tor Punsvik gav eit historisk tilbakeblikk på GPS-merkinga i Setesdal Austhei og Setesdal Vesthei, der ein kom i gang relativt stutt tid etter Hardangervidda og det fyrste GPS-prosjektet der, knytt til riksveg 7. Dette som grunnlag for det nye prosjektet.
GPS-merkinga blei sett på som det nye vidundermidlet, det skapte halleluja-stemning, sa Punsvik.
Setesdalsheiane skilde seg ut frå Hardangervidda ved at ein fekk fleire aktørar på banen, ikkje minst regulantane. Mykje kom til å handle om korleis ein skulle avbøte dei store inngrepa på grunn av kraftutbyggingane.

Etterkvart kom NVS Sør med på sekretariatsida i tett samarbeid med NINA som fagleg ansvarleg, slik det er i dag. Olav Strand gav tilhøyrarane eit tilbakeblikk på utviklinga og erfaringane med slike prosjekt som samlande arena for kunnskapsbygging og god forvaltning.

Manglar kunnskap om bruk av skogsbeite
Punsvik skisserte opp den felles problemstillinga som ligg bak dette nye GPS-prosjektet og dei ulike delprosjekta. Bakgrunnen generelt er at ein manglar kunnskap om reinens beitevandringar og kva reinen beiter på i skogen. Og som elles i GPS-prosjekta er ei problemstilling i dette prosjektet også knytt til ferdsel og forstyrringar. Difor er òg ein organisasjon som t.d. Den Norske Turistforening invitert inn i dette prosjektarbeidet, saman med fleire andre organisasjonar.

Eit uttalt delmål er skaffe fram kunnskap om bruken av barmarksbeite under skoggrensa. Vidare står problematikken knytt til aktiviteten og vegen ved Bjørnevatn mellom Valle og Tokke sentralt i dét området. Her er det snakk om å ta vare på eit sårbart reinstrekk. Eit anna delmål for Setesdal Austhei er å skape ein arena for brukarar av heiane knytt opp til Heiplanen (felles regional plan for Setesdal Austhei og Setesdal Vesthei), dette handlar om kontinuerleg formidling av kunnskap. Tanken er òg at det innsamla materialet skal kunne brukast inn i bestandsforvaltinga, men òg i samanheng med prosjektet “Kunnskap om villrein og villreinfjellet”. Eit prosjekt som nyleg har blitt tildela midlar gjennom Miljødirektoratets verdiskapingsprogram «Villreinfjellet som verdiskaper». Eit delprosjekt her handlar om adaptiv løypeforvaltning, noko Punsvik også informera om.

Punsvik oppsummerte det overordna målet slik, dette gjeld sjølvsagt òg for Brattefjell-Vindeggen: “Kva er bereevna til eit slikt fjellområde i høve til villreinen?”.

Fagleg påfyll
I tillegg til informasjon og diskusjon knytt til det nye merkeprosjektet, blei det også satt av tid til litt fagleg påfyll. Veterinær i NINA, Bjørnar Ytrehus, heldt eit foredrag om dyrehelse og -sjukdommar hjå villrein. Dette har også vore eit sentral tema inn i arbeidet med utkast til kvalitetsnorm for villrein, noko Tor Punsvik orienterte om. Han var, til liks med nemnde Bjørnar Ytrehus og Olav Strand, bland deltakarane i ekspertgruppa for denne normen og fokusera i sitt innlegg på nytteverdi for forvaltningsaktørane.


Bjørnar Ytrehus fra NINA snakka om dyrehelse og -sjukdommar hjå rein. Foto: Kjell Bitustøyl

Bjørnar Ytrehus fra NINA snakka om dyrehelse og -sjukdommar hjå rein. Foto: Kjell Bitustøyl

Sjølv om instrumenteringa er utsett til vinteren 2019, er villreinprosjektet i Setesdal Austhei og Brattefjell-Vindeggen likevel godt i gang etter dette møtet. At ein nå får god tid til å få på plass overordna rammeverk og førebuingar i kvart område før merking, er truleg positivt for lokal forankring og engasjement for prosjektet.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing