Ny refusjonsordning for transport under villreinjakta på Hardangervidda


Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Som eit tiltak for å stimulere til meir effektiv jakt på Hardangervidda i haust, har Miljødirektoratet oppretta ei tilskotsordning for transport av reinslakt på Vidda.

Det er no mogleg å søkje om refusjon for utgifter i samband med transport med sjøfly eller helikopter i samband med jakta på Hardangervidda. Ein kan få refundert 80 % av kostnadane til utflyging av slakt, maksimalt 5000 kr pr. tur. Dette nye tilbodet, som gjeld i perioden 10. august til 10. oktober, omfattar både villrein, elg og hjort som er felt i Hardangervidda Villreinområde. Bakgrunnen for ordninga er at det er funne skrantesjuke på Hardangervidda og at ein ynskjer å auke uttaket av villrein, fyrst og fremst, men òg anna hjortevilt som elg og hjort. 

For Nordfjella gjeld det ei anna ordning, der er det Statens naturoppsyn som administrerer utflyginga.

Les meir om ordninga på Hardangervidda og kva krav som blir stilt:

 https://www.hjortevilt.no/tilskudd-til-helikoptertransport-pa-hardangervidda/

Om Nordfjella:

Inforskriv om utflyging av elg og hjort i Nordfjella

villrein.no – Kjell Bitustøyl