Ny merking av villrein i Nordfjella sone 2


Inntil 10 nye villrein skal bli utstyrt med GPS-senderar i Nordfjella sone 2. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Inntil 10 nye villrein skal bli utstyrt med GPS-senderar i Nordfjella sone 2. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Vinteren 2018 og 2019 blei det sett i gang forvaltningsmerking av bukkar og simler i Nordfjella sone 2 og Raudafjell villreinområde, til saman 13 dyr. No er dette talet nede i 6 og Miljødirektoratet har difor bestemt at i vinter skal inntil 10 nye reinsdyr i desse områda bli utstyrt med GPS-sendarar.

Grunngjevinga for å merke inntil 10 nye villrein i desse områda er at i samband med saneringsplanen for Nordfjella, er det viktig å hindre at reinsdyr frå sone 2 kjem over i sone 1 i det ein kallar brakkleggingsperioden for å bli kvitt skrantesjuken. For sjølv om ein har sett opp “vintergjerde” mellom sone 1 og sone 2, må ein i tillegg ha god overvaking av reinsdyra i sone 2 og Raudafjell. Det seier seg sjølv at store snømengder fører til at dette gjerdet ikkje er tilstrekkeleg, det er difor nødvendig med hyppig tilsyn i heile perioden vinterstid. I periodar med dårleg vêr, når det ikkje er mogleg med tilsyn, vil GPS-merking vera einaste alternativ for å kunne fylgje med på kvar dyra vandrar.

Miljødirektoratet viser til saneringsplanen for Nordfjella sone 1 som seier at i brakkleggingsperioden for Nordfjella sone 1 bør 10-15 bukkar og 6-8 simler frå sone 2 vera utstyrt på GPS-sendarar. Villrein frå sone 2 brukar normalt også areal innafor Raudafjell villreinområde og området mellom Bergensbanen og Riksveg 7. Miljødirektoratet presiserer difor at merking med GPS-sendarar vil vera absolutt nødvendig i alle åra i brakkleggings- og reetableringsfasen. Sjølve merkinga vil gå føre seg frå midten av januar til 1. april.

Les Miljødirektoratets grunngjeving her.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing