Sekretariat for nye villreinnemnder i Vestland


Det lysast no etter sekretariat for villreinnemndene i Vestland fylke. Foto: Anders Mossing

Det lysast no etter sekretariat for villreinnemndene i Vestland fylke. Foto: Anders Mossing

Etter kommunevalet 2019 blir det no vald nye medlemmer til alle dei ni statlege villreinnemndene i Noreg. I samband med dette blir det òg lyst ut etter nye sekretariater. Her kjem informasjon om utlysinga frå det nye fylket Vestland.

Vestland fylke har ansvar for to av dei ni villreinnemndene. Villreinnemnda for Sogn og Fjordane, som omfattar villreinområda Svartebotn, Sunnfjord, Førdefjella, Vest-Jotunheimen og Lårdal/Årdal. Og villreinnemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell som omfattar Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell villreinområde.

Vestland fylke ynskjer å inngå avtale om sekretariatfunksjon og opplyser at tilbod kan fremjast av enkeltmannsføretak eller anna registrert føretak, eller i form av frikjøp av arbeidstid som har anna hovudarbeidsgjevar, til dømes ein kommune.

Sekretariatet vil få ansvar for bestandsforvaltning i høve til naturmangfaldslova og viltlova, vidare arbeid med å med å ta vare på leveområda til villreinen, sett opp mot arealforvaltning, næringsutvikling og anna menneskeleg aktivitet. Samarbeid med offentlege instansar høyrer naturleg med her.

Kvalifikasjonar som er etterspurd, konkurransegrunnlag og krav til tilbydar finn ein i desse dokumenta:

Frist for å fremje tilbod er 14. februar 2020. Noverande sekretariat gjeld inntil nytt er på plass.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing