Eit omfattande forskingsprosjekt, «Govout», som inkluderer Nordfjella villreinområde, har vore i gang eitt års tid. Prosjektet er i regi av fleire forskingsinstitusjonar og samarbeidspartarar, og Nordfjella villreinområde er eitt av tre studieområde. Tema for prosjektet er «Norsk utmark i endring: Mellom tradisjonelt landbruk, moderne konsum og grønn industrialisering». Ei som er involvert i dette prosjektet i regi av Telemarkforsking, er Marianne Singsaas, tidlegare leiar ved Norsk Villreinsenter (NVS) Sør og no seniorforskar ved Telemarksforsking i Bø.
«Govout» er definert som eit kompetanse- og samarbeidsprosjekt, og det generelle målet for prosjektet er å evaluere ordningane rundt og presset på utmarka. Resultatet av forskingsprosjektet skal kunna gje gode råd til forvaltninga av slike område. Me skal her konsentrere oss om Nordfjella, som er det området som omhandlar villrein, og det med villreinproblematikk i ein heilt spesiell situasjon, ettersom stamma i sone 1 blei skoten ned i samband med forsøket på å slå ned CWD-smitten i området
Mange aktørar
Det breitt samansette prosjektet vitnar om ei undersøking som går grundig til verks. For lista er lang over partnarane i prosjektet: Ruralis (tidlegare Norske senter for bygdeforskning), NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi), Telemarksforsking, UiO, NTNU, NINA, Statsforvaltaren i Nordland, Trøndelag, Viken og Vestland, Norsk Villreinsenter Sør, University of Gloucestershire og Umeå universitet.
Tidlegare leiar ved NVS Sør og no seniorforskar ved Telemarkforsking i Bø, Marianne Singsaas, fortel at studieområda i tillegg til Nordfjella, som er «hennar» område, er Fosen og Orkland (Trøndelag) og Indre Salten (Nordland). Eirik Fuglestad i Ruralis er prosjektleiar. Eitt år er gjort unna, tre år står att. Singsaas skissere opp dei tre problemstillingane slik:
1. Korleis kan utmarksforvaltninga planlegge og forvalte den samla belastninga som er eit resultat av bit-for-bit politikken ført over mange år.
2. Korleis ta vare på og bygge opp tillit med tanke på den sosiale berekrafta i lokalsamfunna.
3. Korleis kan ein på best mogleg måte handtere dei interessekonfliktane i utmarka som ligg der.
Samfunnsblikk
Marianne Singsaas seier at målet om «anvendt forskning» står sentralt i dette prosjektet. Sjølv representerer ho samfunnsforskinga. Med tanke på problematikken knytt til CWD og Nordfjella, er hennar fokus eit samfunnsblikk på det som har skjedd. Samtidig vil ho arbeide tett på Norsk Villreinsenter og deira kompetansefelt. Eit viktig blikk er på tilhøvet og tilliten mellom lokal og sentral forvaltning. Har løysinga av CWD-saka i Nordfjella konkretisert ved nedslaktinga av 2000 dyr i 2017 svekka eller styrkt denne tilliten? spør Singsaas, eit typisk spørsmål ein forskar må stille seg.
Berekraftig utvikling
Singsaas understrekar det overordna med å få med folk inn i prosessen omkring omstillinga til ei berekraftig utvikling, og i den samanheng brukar forskarane omgrepet «sosial berekraft» – kanskje ei omskriving av det som politikarar ofte kallar livskraftige bygdesamfunn.
Konkrete oppgåver
Men kor langt har ein kome, midt i desse koronatider, for eitt år har alt gjenge? Til det svarar Singsaas at dei så langt har hatt éin intervjurunde i kommunane rundt Nordfjella: Hol, Ål, Hemsedal, Lærdal og Aurland. Intervjuobjekta har vore ymse: folk frå reiselivet, bønder, grunneigarar, kommunepolitikarar, oppsynsfolk m.m. Nokre grupper står att, blant anna representantar for tamreinnæringa, dvs. Filefjell reinlag, som grensar opp til Nordfjella.
Marianne Singsaas nemner ulike moment knytt til forskargruppa ho arbeider innafor: Dei har gått gjennom og analysert medieomtala av CWD-saka, både lokalmedia og media på nasjonalt plan. Mykje av reaksjonane ein har kartlagt handlar om kjenslemessige tilhøve: sinne, sorg, frustrasjon, men òg engasjement, seier ho. Eit «funn» ho nemner spesielt er kor sterkt villreinen kjenslemessig er og har vore for bygdefolk rundt Nordfjella. Villreinjakta er utover det reint matnyttige noko som bind generasjonane saman. For dei som har vakse opp i eit slikt miljø, er dette kanskje sjølvsagt, men det blir synleg på ein annan måte no når dette «fellesskapet» er borte, ifylgje Singsaas.
Ho har som observatør òg fått vore med på fyrste møtet i ekspertgruppa som skal arbeide for reetablering av ei reinstamme for Nordfjella sone 1. Dette var riktig nok eit digitalt møte, og Singsaas konkluderer med at det var gode samtaler, men at det framover vil vera kjempeviktig å møtast rundt eit bord, personlege frammøte, og at der bør etablerast fleire slike møteplassar.
Identitet knytt til villrein
Som tidlegare leiar av Norsk Villreinsenter Sør i åtte år har Singsaas blant anna fått erfare at der er mange ulike interesser i utmarka, interesser som ofte kjem i konflikt med kvarandre, for aktørane er mange: kraftutbyggjarar, vind- og vatn, kraftindustri, fritidsinteresser som vil nytte fjellet, lokale folk som har ei lang tradisjon med å utnytte utmarka osv. Og mange opplever frykt for at ting er i endring, ting forsvinn. I høve til villreinen i Nordfjella handlar det no om å halde levande ideen om Nordfjella som villreinområde, det handlar om ein identitet knytt til villreinen, ein del av kulturen i mange lokalsamfunn. Singsaas hevdar at det blir viktig for forvaltninga å ta omsyn til nettopp slike fenomen, og at ein må få til gode tiltak ved ta inn over seg denne kompleksiteten.
Singsaas er elles klar på at interessekonfliktane er der, og at forskarane ikkje ser på omgrepet «konflikt» som negativt, men at ein gjennom gode prosessar mellom det lokale og statlege forvaltningsnivået må få folk til å kjenne seg inkludert og tatt med på råd.
villrein.no – Kjell Bitustøyl