Reintrekket – livet som nomade har endra seg radikalt


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

Frå tidenes morgon har reinsdyret vore ein nomade, eit dyr som er på trekk fleire gonger i året, mellom sommarbeite og vinterbeite, mellom vidde og kyst i nokre område, mellom austlege vinterbeite og vestelege sommarbeite i andre område. I somme område er framleis delar av slike trekk intakte, i andre er desse trekka sterkt reduserte eller borte.

Reintrekket er kanskje noko av det som kjenneteiknar reinsdyret aller mest, og overalt der det finst villrein er det snakk om at ein må ta vare på og verne om dei gamle trekkrutene. Samtidig veit me at nettopp slike trekkruter er avskorne av utbygging av infrastruktur, forstyrringar osv., stutt sagt, det me kallar arealfragmentering. Korleis trekkrutene for reinen var før landet vårt blei utbygd med vegar, jernbane, kraftanlegg, hyttefelt m.m., veit me ein del om, men mykje er òg ukjent. Me skal her berre ta med døme frå tre område. 


Illustrasjon henta fra “Spor fra gamle fangstmarker”. Kartet viser Østerdalsfjella aust for Glomma og fangstanlegg i raudt . Kartillustarsjon: P.O. Mathisen. (Trykk på biletet for større versjon av kart)

Østerdalen

Metoden for å kartleggje korleis trekkruter har vore i eldre tid er oftast knytt til avdekking av fangstanlegg, og då gjerne store massefangstanlegg. Per Olav Mathisen er den som har arbeidd mest med å avdekke og kartlegge slike massefangstanlegg i Østerdalsfjella aust for Glomma. Han viser til historiske kjelder som kan fortelje om at ein alt på 1700-talet i store delar av Østerdalen gjekk inn for forbod mot vinterjakt på villrein og elg, dvs. forbod mot bruk av dyregraver òg. Dette må bety at ein har drive rovdrift på viltressursane, noko dei seinare funna av massefangstanlegga stadfester. 

Slike spor etter gamal villreinfangst avdekker trekkmønster og arealbruk gjennom tidene. Mathisen skriv at villrein frå sommarbeita i Forollhogna, Tydalsfjella og kanskje andre område i nord, har bevega seg sørover til vinterlandet, og det på ei farefull ferd, ettersom dei møtte rekkjer med fangstgroper på veg sørover. Slik dreiv veidefolk fangst i samband med trekket sørover seinhaustes, men òg i første del av vinteren. Det er vel kjent at Nord-Østerdalen har lite nedbør og gode lavbeite, og med det lettare tilgang  til gode vinterbeite. Korleis kan ein sjå at fangsten skjedde når dyra var på veg sørover? Fangarmane knytt til fangsgropene fortel oss dette, for dei ligg på nordsida av anlegget. Mathisen meiner at ikkje alle fangstfolka i fordums tid drog tilbake til kysten når det nærma seg vinter: «For et fangstfolk ville det jo egentlig være dumt å dra sin vei på den årstida da villreinen kom i mengder til dette vinterlandet, og den virkelige fangsten startet…».

Om ein ser på dagens trekkruter for dei som drive med tamrein i Røros-Femundområdet, er der stadig vandring langs gamle trekkruter mellom vinterbeita i sør i Femundsmarka og sommarbeita nord for Aursunden, retning meir kystnære strøk. Men sjølvsagt er dette i eit mindre omfang enn tidlegare. Me kan her sjå for oss eit villreintrekk som gjekk over langt fleire mil enn tamreintrekket i dag.


Leveområde og trekkvegar i Dovre- Rondane før og no. Kjelde: NINA (Trykk på biletet for større versjon av kart)

Dovreregionen

Per Jordhøy er den som har arbeidd mest med kartlegging av fangstanlegg i Dovreregionen. Han skriv at migrerande rein har kryssa over dalstrekningane mellom høgareliggjande fjellparti, til dømes mellom Snøhettaområdet og Knutshø. Han meiner at fangstsystema og økologiske haldepunkt/faktorar støttar hypotesen om eit eldre aust/vest-trekk i Dovreaksen, dvs. mellom sommarbeite i vest og vinterbeite i aust. Denne beitestyrte migrasjonen er eit trekk som det er heilt slutt på, grunna aukande tog- og biltrafikk over Dovre. I tillegg kjem det faktum at ein no har eit kontrollert og etter måten lågare dyretal. Ei side ved desse trekka er at kalvingslandet i regionen var i dei vestlege områda, nær reinens sommarbeiteområde, i fylgje Skogland som Jordhøy referer til. «Dette har truleg vore ein viktig faktor for reinen sin trekkmotivasjon på våren, frå vinterbeita i Rondane og Knutshø», skriv Jordhøy.


Kart som viser trekkvegane for villreinen mellom Jøkulområdet og flatvidda på Hardangervidd, på tvers av riksveg 7. Kartet er henta frå NOU Hardangervidda 1974. (Trykk på biletet for større versjon av kart)

Hardangervidda

Som det største villreinområdet i landet er Hardangervidda eitt av svært få område som er att med relativt intakte moglegheiter for ein nomadisk livsførsel. Ei side ved dette er at kalvingsområda har flytta på seg over tid. Samtidig finn me også på Hardangervidda eit tydleg trekkmønster mellom beiteområde med lett tilgjengelege lavmatter i aust og gode vår- og sommarbeite i sørvest og vest. Likevel finn me også rundt Vidda døme på tidlegare trekk som no er borte, eller som er i ferd med å bli borte. Arkeolog Svein Indrelid har forska på reinsdyrfangst på Hardangervidda i eldre tid. Gjennom utgravingane særleg på Sumtangen og ved Krækkja nord for riksveg 7, har ein kunna avdekke eit mønster som fortel om eit årvisst villreintrekk mellom Jøkulmassivet i nord og flatvidda i sør. Dette er ein godt dokumentert fangst basert på at dyra på veg sørover om hausten blei drivne ut i vatnet og avliva av veidemenn i båtar. Dyregraver og andre fangstfunn vitnar om veiding og fangst frå hundrevis av år tilbake i tid. Denne spesielle massefangsten fekk ein brå slutt rundt 1250-1300, og mykje talar for at denne rovdrifta førte til ein sterk reduksjon av villreinbestanden og med det ei mogleg endring av trekkrutene. Samtidig veit me at Jøkulområdet i manns minne blei rekna for å vera eit av dei beste jaktområda på Vidda, noko det blei slutt på då riksvegen mellom Eidfjord og Haugastøl kom, trekkrutene blei med det meir eller mindre avskorne. 

 (Mesteparten av stoffet i denne artikkelen er henta frå heftet «Spor fra gamle fangstmarker» av Per Olav Mathiesen og Torill Andreassen 2009.) 

I neste artikkel om reintrekk skal me sjå nærare på vandringa mot kalvingsplassane, eit trekk som no er i gang.

villrein.no – Kjell Bitustøyl