Ferdselsrapport for Hardangervidda – dagsturar aukar mykje


ferdsel på ski-3992.jpg

Tilbake i 2016 blei det sett i gang eit prosjekt som skulle beskrive ferdselen på Hardangervidda. Rapporten skulle omfatte både dei positive sidene ved ferdselen, men òg kva for negativet påverknader ferdsla kan ha på villreinen. No er rapporten som dokumenterer denne ferdselen klar. Seniorforskar Vegard Gundersen i Norsk institutt for naturforskning (NINA) har stått i spissen for dette arbeidet.

Det er ein etterlengta rapport som no kjem, men når det gjeld framlegg til tiltak må me enno vente ei stund til. Dette er ikkje med i denne rapporten. Vegard Gundersen seier i ei pressemelding i samband med framlegging av rapporten at «hyttefolk og turister bruker stadig mer tid i fjellet. På Hardangervidda har særlig antall dagsturer økt voldsomt de siste årene.» Her trekkjer han fram blant anna den eksplosive auken i turistar på veg til Trolltunga. 


Talet på dagsturar til Trolltunga har stige dramatisk. Ferdselsrapporten fortel om at det er registrert omtrent like mange turistar på veg til Trolltunga som summen av 70 andre innfallsporter til Hardangervidda. Foto: Kjell Bitustøyl

Talet på dagsturar til Trolltunga har stige dramatisk. Ferdselsrapporten fortel om at det er registrert omtrent like mange turistar på veg til Trolltunga som summen av 70 andre innfallsporter til Hardangervidda. Foto: Kjell Bitustøyl

Dagsturar

Sett over litt tid har bruken av randsonene til Hardangervidda i fylgje rapporten endra karakter og auka drastisk mange stader. Dette har bakgrunn i satsing på lokal næringsutvikling, gjennom turisme og omfattande hyttebygging, noko som har gjort utmarksareala til dei nye fritidslandskapa for folk busett i byar og for tilreisande turistar. Ei slik todeling av arbeid/kvardag, og utmarksareal som arena for fritid, har ført med seg ein stor auke i talet på dagsturar frå stader der du kan parkere bilen. Kor langt ein går innover fjellet varierer sjølvsagt mykje, avhengig av kor tilgjengelege områda er. Tilrettelegging i dagstursona er ein viktig faktor i så måte, ikkje minst viktig for livskvalitet og naturoppleving for mange i fylgje rapporten.

Hytteutbygging kombinert med utbygging av anna infrastruktur har endra dagstursona dei seinare åra, samtidig med at tilrettelegging for friluftsliv og turisme har auka på. Rapporten konkluderer med at ein av dei viktigaste motivasjonane for å bruke Hardangervidda, er å få oppleve fred og ro i urørte omgjevnader der det er få folk. Gundersen skisserer opp dette dilemmaet: Korleis kombinere det at folk skal få gode opplevingar med å unngå ei uønskt utvikling av fjellområdet? Stikkord her er graden av tilrettelegging og kanalisering av trafikken.

Lokale folk

Undersøkingane som er gjort i samband med Ferdselsrapporten viser at lokale folk brukar Hardangervidda både på tradisjonelle og nye måtar. Her kan det oppstå konfliktar mellom dei lokale og turistar/hyttefolk i samband med dei store turistdestinasjonane og hyttefelta, konfliktar som handlar om bruken av areal. Det kan bli for folksamt samtidig med at lokale reagerer på slitasje og søppel i terrenget. Motsett kan òg turistar reagere på lokal byggjeaktivitet og motorferdsel.


Lokale folk brukar Hardangervidda blant anna i samband med fiske, både yrkesfiske og meir fritidsbasert fiske. Frå Langavatn.  Foto: Kjell Bitustøyl

Lokale folk brukar Hardangervidda blant anna i samband med fiske, både yrkesfiske og meir fritidsbasert fiske. Frå Langavatn. Foto: Kjell Bitustøyl

Telt og villmark

Når det gjeld bruk av dei meir sentrale delar av Hardangervidda, har denne halde seg meir stabil over dei siste tiåra, det vere seg fotturistar som går frå hytte til hytte, eller lokale folk som brukar buer og hytter i området. Likevel påpeikar rapporten at mykje tyder på at telting utanfor allfarveg har auka dei siste åra, på Hardangervidda er det mogleg med lange turar med telt og fiskestong og naturopplevingar langt frå folk der fred og ro rår, og der talet på besøkande er langt færre enn i randsona.  

Innsamling av data

Korleis har ein så greidd å kartleggje folks bruk av Hardangervidda? Forskarane har brukt data frå mange kjelder, rapporten nemner fleire spørjeundersøkingar, observasjonsstudiar i utvalde område, og automatiske teljingar på ei rad med stigar og skiløyper. I tillegg har ein registrert mobildata og overnattingsstatistikk. Stipendiat Sofie Selvaag i NINA seier dette: «I dag er det så mange som sporer turen sin med GPS at ferdselsmønsteret for Hardangervidda gjenspeiler fotturistene på en veldig god måte. Dette gir noen helt nye muligheter for å beskrive ferdselsmønteret i fremtiden.»

Kven er brukarne?

Rapporten gjev kunnskap om kven brukarane er, kva for aktivitetar dei driv med, kva for haldningar dei har til fjellet – naturen og forvaltninga, og kvifor dei dreg på tur. Denne kunnskapen skal i neste omgang brukast for å leggje til rette for gode opplevingar samtidig som ein skal vurdere korleis villreinen blir påverka. Gundersen understrekar at det er viktig at dei besøkande har gode opplevingar slik at det blir mogleg å ta vare på verneverdiane i fjellet på sikt. Det innsamla datamaterialet fortel om stor forståing frå folk med tanke på å setje i verk nødvendige tiltak. For dei som driv med tradisjonelt, enkelt friluftsliv er verneverdiane sjølve grunnlaget for dei gode naturopplevingane i fylgje Gundersen.

Rapporten er tilgjengeleg her: https://brage.nina.no/nina


Korleis kan ein sikre dei besøkande gode opplevingar samtidig som ein skal ta vare på villreinen? Foto: Kjell Bitustøyl

Korleis kan ein sikre dei besøkande gode opplevingar samtidig som ein skal ta vare på villreinen? Foto: Kjell Bitustøyl

villrein.no – Kjell Bitustøyl