Å, nå telte han deg også!

…. rauta kalven i eventyret om Geitekillingen som kunne telle til ti. Villreinkalvane blir også tald, ettersom forvaltninga kvart år gjennomfører ulike tellingar av villreinen i Norge; minimumstellingar, kalvetellingar og strukturtellingar. I desse dagar er det minimumstelling i mange villreinområde. Men kva er ei minimumstelling? Og kvifor driv forvaltninga med tellingar til ulike årstider? Her kan du lære meir om det.

Minimumstelling
Minimumstellingar blir gjort om vinteren. Da blir det bruka småfly eller helikopter til å fly over heile villreinområdet. Målet er å finne alle flokkane i området og fotografere dei. For å finne dyra, er vêr og føre viktig. Det bør vera sol og lite vind. For å kunne sjå ferske spor av flokkane, er det best å gjennomføre tellinga 1 -3 dagar etter siste snøfall. Dyra tellast ikkje i felten, men ein tek bilde av alle dyra ein ser, slik at ein kan telle dei når ein kjem heim. Etterarbeidet skjer ved hjelp av eit eige telleprogram på datamaskina. Ein set ein prikk på kvart dyr på bildet, så tel programmet opp prikkane. Slik er det mogleg å halde styr på tellinga, og finne ut kor mange dyr det er i kvar flokk. Når alle flokkane er tald opp, har du bestandsstørrelsen i det aktuelle villreinområdet.


Minimumstelling. Foto: Kjell Bitustøyl

Minimumstelling. Foto: Kjell Bitustøyl

Kalvetelling
Kalvetellingar er viktige for å finne ut kor stor tilvekst det er i dei ulike villreinområda kvart år og korleis tilveksten svingar mellom år. Vanlegvis blir dette gjort i siste halvdel av juni/starten av juli. Da har dyra framleis den lyse vinterpelsen, og er lettare å oppdage. Fostringsflokkane blir fotografert frå fly. Ein fostringsflokk består av ungdyr og simler med kalvar. Dei vaksne bukkane held seg stort sett i eigne flokkar om sommaren. Resultatet av kalvetellinga blir ofte framstilt som talet på kalvar per 100 simle/ungdyr, og blir da omtala som kalveprosenten.


Kalvetelling. Foto: Anders Mossing, Norsk villreinsenter.

Kalvetelling. Foto: Anders Mossing, Norsk villreinsenter.

Strukturtelling
Minimums- og kalvetellingar fortel om storleiken på bestanden og produksjon, medan ein gjennom strukturtellingar får oversikt over kjønns- og alderssamansetninga i bestanden. I brunsten har bukkeflokkane slått seg saman med fostringsflokkane, og da blir eit representativt antal dyr i bestanden kjønns- og aldersbestemt. Desse strukturtellingane blir som regel gjort frå bakken. Tellemannskapet brukar kikkert og teleskop for å skilje dyra på kjønn og alder. For å kunne gjera denne jobben, krevst god opplæring og erfaring.


Strukturtelling. Foto: Ingrid Sønsterud Myren, Norsk villreinsenter.

Strukturtelling. Foto: Ingrid Sønsterud Myren, Norsk villreinsenter.

Over 80% av den ville europeiske fjellreinen lever i Norge. Vi har derfor eit særskild ansvar for å forvalte villreinen slik at arten har levedyktige bestandar også i framtida. Villreinforvaltninga er komplisert og har mange nivå og aktørar. For å kunne forvalte reinen på ein berekraftig måte, må ein ha kjennskap til både storleik, tilvekst og kjønns- og alderssamansetning av stammen. Villreinutvalget i kvart villreinområde har ansvaret for å gjennomføre dei årlege tellingane. Resultata av tellingane gjev grunnlag for å setje mål for bestandsutviklinga, utarbeide ein plan for å nå måla og å fastsetje dei årlege fellingskvotene. Gode og sikre tellingar er derfor ein viktig del av villreinforvaltninga. Tellingane vil også være viktige i arbeidet med kvalitetsnormen for villrein som no er i gang.