Miljødirektoratet gjev dispensasjon i høve til reinsjakta


Miljødirektoratet gjev dispensasjon i høve til reinsjakta på Hardangervidda. Foto: Anders Mossing

Miljødirektoratet gjev dispensasjon i høve til reinsjakta på Hardangervidda. Foto: Anders Mossing

Som ein konsekvens av at skrantesjuke (CWD) no er påvist på Hardangervidda, er det ynskjeleg at flest mogleg rein blir testa i samband årets jakt. Miljødirektoratet har difor gjeve dispensasjon frå ordninga med at det må liggje føre skriftleg avtale om fellesjakt, pluss at ein vil tillate at kontrollkort som er for vaksen bukk, kan brukast til å felle alle kategoriar dyr.

Miljødirektoratet opplyser at det fram til 15. september 2020 er tatt ut og analysert prøver av til saman 3660 villrein frå Hardangervidda. Og no har ein altså gjort eit positivt funn av skrantesjuke på ein bukk.

Kvotene i år er på 2500 vaksen bukk og 2500 valfrie dyr. Dette er eit avvik frå vanleg kvotefordeling og var i utgangspunktet gjort for å raskast mogleg oppnå at det var 95 % sannsynleg at bestanden var fri for skrantesjuke. Etter at det er blitt påvist eit smitta dyr, er situasjonen endra. Ein kan ikkje nå det opphavlege målet, men behovet for auka kunnskap om smitte i bestanden er samtidig blitt endå viktigare.

Bukkekort vil gjelde for alle kategoriar


Alle kategoriar dyr kan no fellast på kontrollkort for vaksen bukk, ikkje berre på dei valfrie korta. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Alle kategoriar dyr kan no fellast på kontrollkort for vaksen bukk, ikkje berre på dei valfrie korta. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Veterinærinstituttet seier at det er viktig med bestandsreduksjon så fort som mogleg, og at ettersom det går mot slutten av årets villreinjakt, må alle verkemiddel takast i bruk for å maksimere uttaket av dyr i den ordinære jaktperioden. Dei seier vidare at ettersom ein no er inne i brunstperioden, er det lite sannsynleg at bukkekorta vil bli brukt. Miljødirektoratet vil difor gje dispensasjon frå gjeldande regelverk slik at alle kategoriar dyr kan fellast på kontrollkort for vaksen bukk, altså at eit bukkekort vil gjelde på same måte som eit kontrollkort for valfritt dyr.

Fellesjaktavtaler

Ettersom Hardangervidda har 130 ulike vald er det inngått mange felles jaktavtaler mellom ulike vald. Og sidan ein no ynskjer å få eit størst mogleg jaktuttak av villrein, vil det bli gjeve dispensasjon i høve til at slike fellesjaktavtaler må vera skriftlege. For å ta vare på jaktrettshavars rettar, må det vera ein føresetnad at ei munnleg avtale om overføring av fellingsløyve til eit anna vald, må vera avklart med opphavleg jaktrettshavar.

Sannsynleg med større uttak

Miljødirektoratet held det ikkje for usannsynleg at denne endringa vil føre til eit større uttak i høve til dei analysar som villreinutvalet har gjort for bestanden og jaktuttaket. Dette handlar om både felling i høve til å nå planlagt uttak og felling for å avdekke eventuell spreiing av ein alvorleg dyresjukdom.

Utvida jakt?

Med basis i lovverket kan villreinnemnda utvide jakttida med 14 dagar inn i oktober, dersom der ligg føre behov i høve til bestanden. Miljødirektoratet tilrår at villreinnemnda nyttar seg av dette som eit tiltak for å auke uttaket.

Les Miljødirektoratets dispensasjon her.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing