Korleis oppfattar ungar reinsdyr?

Villrein.no har hatt ein liten serie om bilethoggarar og reinsdyr. Men korleis oppfattar den yngre garde reinsdyret? Me tek med tre unge teiknarar og deira reinsdyr.

To av teikningane er vinnarteikningar frå teiknekonkurransen i villreinutstillinga til Hardangervidda nasjonalparksenter, Skinnarbu.

Teikning: Daniel 10 år. Rein og fjell høyrer saman, og den raude nasen har sjølvsagt bakgrunn i historia om Rudolf.



Teikning: Erik 9 år. Denne teiknaren har fått med seg vesentlege ting: geviret og klaven rundt halsen med kameraet som reinssimla Bella gjekk rundt med i ca 1 år. Vinnar av teiknekonkurransen mai månad.



Teikning: Tiril 9 år. Bella er simla som dei besøkande blir kjent med på Hardangervidda Nasjonalparksenter på Skinnarbu. Reinsdyret med gevir og fjell er typisk. Vinnar av teiknekonkurransen juni månad.



Teikning: Daniel 9 år. At ungar har fått med seg reinsdyret via forteljinga om Rudolf og julenissen på amerikansk er nok typisk.



villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing