Korleis går det med den adaptive løypeforvaltninga i Setesdal?


Frå Setesdal Austhei, Gavlen sett frå området ved Bukkenuten. Foto: Kjell Bitustøyl

Frå Setesdal Austhei, Gavlen sett frå området ved Bukkenuten. Foto: Kjell Bitustøyl

For om lag eitt år sidan blei det her på sida referert til eit seminar om sti- og løypeplanarbeidet i Setesdalsområdet. Omgrepet «adaptiv løypeforvaltning» har vore brukt. For mange kan dette vera litt forvirrande. Beste måten å få oppklart dette på er å få ei oppdatering frå ein som står sentralt i dette arbeidet, verneområdeforvaltar Jørn Haug i SVR – Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane.


Verneområdeforvaltar Jørn Haug i SVR. Foto: Kjell Bitustøyl

Verneområdeforvaltar Jørn Haug i SVR. Foto: Kjell Bitustøyl

I samband med den digitale samlinga knytt til Verdiskapingsprosjektet, fekk me ei oppdatering om SVR’s prosjekt «Kunnskapsformidling om villrein og villreinfjell». Innunder denne paraplyen ligg der eit punkt om «Sti og løypeplan – adaptiv forvaltning» som har ei eiga arbeidsgruppe (nr. 4) med representantar frå fleire kommunar, statsforvaltaren m.m. Jørn Haug fortel at så langt har desse kommunane fått tilsegn om tilskot frå prosjektet til arbeidet med slike sti-og løypeplanar: Hjelmeland, Suldal, Kvinesdal, Bygland og Åseral kommune. Konkret handlar dette om utarbeiding av enkle temakart ut frå den einskilde kommunes behov. Førebels er det berre Åseral som er ferdig, medan kommunane Bykle og Vinje har slike planar frå før. 

Adaptiv løypeforvaltning i Bykle kommune

Innunder arbeidsgruppe 4 i SVR’s prosjekt høyrer òg det lokale Adaptiv løypeforvaltning i Bykle. Jørn Haug skriv i ein epost at dette handlar om nokre få løypetrasear på Setesdal Austhei som er godkjende for preparering etter at dyra har trekt sørover sist i mars månad. Dette tre-årige prosjektet er omtalt i ein eigen rapport, og var i gang før Verdiskapingsprosjektet kom, då det kom inn under denne paraplyen.

I fylgje Haug blei fyrste året prega av lite snø, medan 2020 var spesielt i den forstand at koranasituasjonen førte til eit noko amputert opplegg. Likevel blei 2020 definert som det fyrste av dei tre åra i planen. I år har dei som eit konkret tiltak plassert ut tre ferdselsteljarar ved Berdalsbu turisthytte, dette ut i frå at reinen her har ein smal korridor på veg sørover.


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

Besøksstrategi

Omgrepet besøksstrategi er kjent frå fleire område, Haug seier at der er ei klar kopling med kommunale sti- og løypelanar. Eit døme: Ein føresetnad for å opprette nye trasear i verneområde både sommar og vinter, er at desse skal vera avklart gjennom sti-og løypeplanane i kommunen. SVR har gjeve konkrete føringar for kor ein ikkje vil ha nye løyper, noko som også DNT sitt løypenett må rette seg etter, i tråd med dei kommunale sti- og løypeplanane, seier Jørn Haug. 

villrein.no – Kjell Bitustøyl