Klar tale frå NRL – Norske Reindriftssamers Landsforbund


Nestleiar i NRL Inge Even Danielsen krev handling. Foto: Kjell Bitustøyl

Nestleiar i NRL Inge Even Danielsen krev handling. Foto: Kjell Bitustøyl

Nesteleiar i NRL Inge Even Danielsen frå Røros, meiner at politisk leiing, dvs ansvarlege ministrar i regjeringa, til no har vore for tafatte i høve til å handtere skrantesjuke-problemet. Han etterlyser handling frå styresmaktene og fortel i eit intervju at NRL tek problemet med skrantesjuke veldig på alvor. Dette er ei sak dei vil køyre knallhardt på, og NRL skal ta opp skrantesjukeproblemet i samband med Reindriftsforhandlingane no i februar.

Inge Even Danielsen gjev Mattilsynet gode skussmål og seier at reindriftsnæringa har blitt godt informert på eit tidleg stadium, og at Mattilsynet gong etter gong har prøvd å innføre eit strengt regime for å kunne takle denne utfordringa. Men som han seier det: “Dessverre har ikkje politikarane, korkje i Landbruks- og matdepartementet eller Klima- og miljødepartementet fylgt opp dette, og det er ukjent for meg kva som er årsakene. NRL har prøvd å presse på, for utifrå den kunnskapen me har pr. i dag, meiner NRL at ein må gå drastisk til verks i høve til området smitten er påvist, altså i Nordfjella”.

Erfaringane frå USA og Canada
Danielsen viser til kunnskapen om skrantesjuke som ein har henta inn frå Nord-Amerika, der det ser ut som at det einaste som duger er å ta ut heile stamma i det aktuelle området. “Sjukdomen spreier seg i fyrste omgang ved at dyr går tett, og for å forhindre dét, må ein berre fjerne dyra eller isolere dei. Viss ein går til det steget å slakte ned stamma, noko som forhåpentlegvis skjer, må området liggje brakk ei stund, kor lenge veit eg ikkje. All kunnskap, alle erfaring seier at dette er måten å gjera det på”, seier Danielsen.

NRL-nestleiaren viser vidare til at i dei statane/områda i USA og Canada der ein har innført eit veldig strengt regime, ved å slakte ned heile stammer, har ein greidd å avgrense eller stoppe sjukdommen. Medan dei som ikkje har gjort dette, der har stadig fleire dyr blitt smitta. “I høve til den kunnskapen me har, meiner me at ein må handle raskt og ein må handle hardt”.

Filefjell Reinlag
NRL har engasjert i stoda for Filefjell Reinlag, som grensar til Nordfjella villreinområde, her er ingen naturleg grense, difor har Filefjell tamreinlag ynskt seg eit sperregjerde mellom villrein og tamrein. “Dette har vore eit konflikttema i mange område, og har skapt turbulens og konfliktar også i dette aktuelle området. Men dette ser eg på meir som eit ekstra tiltak”, seier Danielsen.


Vegen over Hemsedalsfjellet er eit sentralt skilje mellom Nordfjella villreinområde og Filefjell Reinlag sitt område. Foto: Kjell Bitustøyl

Vegen over Hemsedalsfjellet er eit sentralt skilje mellom Nordfjella villreinområde og Filefjell Reinlag sitt område. Foto: Kjell Bitustøyl

Villrein og tamrein
På spørsmål om dette vil kunne ramme både villrein og tamrein, svarar Danielsen: “Eg vil seie så sterkt at om me vil ha matproduksjon i utmarka i Noreg, så vedkjem dette alle som vil ha det. For sjølv om ein til no har trudd at sjukdommen har sterke artsbarrierer, er det ting som tyder på at artsbarrierene kanskje ikkje er så sterke likevel. Men alt det me veit per i dag tilseier at me bør handle, me kan ikkje vente på ny kunnskap”, avsluttar NRL-nestleiaren.

Norsk Villreinsenter støtter ikke nødvendigvis alle meninger og kritikker som fremkommer gjennom dette intervjuet. Skrantesjuke er potensielt en meget stor utfordring for norsk miljøforvaltning i årene som kommer, og den involverer veldig mange ulike aktører, både direkte og indirekte. Norsk Villreinsenter vil gjennom en “føljetong” i tiden fremover forsøke å belyse debatten fra ulike vinkler.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing