Veterinærinstituttet inviterer til seminar 8. mai i høve 20-årsjubileet for Helseovervåkingsprogrammet for hjortevilt og moskus (HOP). Seminaret finn stad på Fellesauditoriet på Veterinærinstituttet, Ullevålsvegen 76 i Oslo.
Veterinærinstituttet ynskjer å invitere friluftsfolk, naturinteresserte og alle interesserte til eit seminar om kvifor Veterinærinstituttet satsar på vilthelse. Det vil bli informert om korleis 20 års drift av HOP har bidrege til god vilthelse, husdyrhelse og oppdaginga av den alvorlege prionsjukdomen CWD. Seminaret vil by på stutte, populærvitskaplege foredrag med smakebitar frå diagnostikk og forsking på sjukdomar hjå hjortevilt og moskus. Det vil òg bli musikalske innslag og jubileumshelsingar frå brukarane av kunnskapen som er generert gjennom HOP.
På meldingsfristen er 1. mai.
Arrangementet er gratis.
villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing