Vårmøtet Hardangervidda


Vårmøtet var i år lagt til Gaustablikk og samla mange engasjera deltakarar. Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Vårmøtet var i år lagt til Gaustablikk og samla mange engasjera deltakarar. Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Det årlege vårmøtet for Hardangervidda i regi av Hardangervidda villreinutval fann stad på Gaustablikk 7. april. På programmet stod ulike faglege innlegg både av generell karakter og sjølvsagt om Hardangervidda spesielt. Det som til vanleg vekkjer mest interesse og størst debatt på desse møta, var også i år alt som dreiar seg rundt bestandsvurdering, teljingar og neste års jaktkvoter.

Det var mange interesserte som hadde tatt turen til Gaustablikk denne dagen og nærare orientering om teljingar, bestandstal og kvoteforslag gav godt engasjement i salen.

Ferdsle
Sidan 2016 har ein hatt ferdselsregistreringar på vidda, dette er eit arbeid som skal halde fram i 2018. Vegard Gundersen frå Norsk institutt for naturforskning (NINA) snakka om erfaringane så langt og viste fram tal frå både ulike teljepunkt og resultat frå svarkassene som har vore plassert ved ulike innfallsportar rundt vidda. Hardangervidda utmerkar seg med eit høgt tal både utanlandske og også fyrstegongsbesøkande. Det er også stor skilnad mellom dei ulike innfallsportane og stisegmenta, på tal besøkande og kvar dei kjem ifrå. Dette vil vera eit særs viktig kunnskapsgrunnlag for verneområdeforvaltinga som er i gang med utarbeidinga av besøksstrategi for verneområda på Hardangervidda. Naturforvaltar Kjetil Heitmann, som er engasjert av Fylkesmannen i Hordaland, orienterte om dette arbeidet. Dette innlegget kjem me tilbake til i samband med referat frå informasjonsmøtet om forprosjektet i regi av ”Villreinfjellet som verdiskapar”.  Prosjektleiar Torill Olsson hadde eit innlegg om ”Villreinfjellet som verdiskapar”, også dette kjem me tilbake til i referatsform frå nemnde informasjonsmøte.

Fokusområder
Villreinforskar Olav Strand snakka om fokusområda på Hardangervidda som er peika ut gjennom lokale prosjekt og prosessar. Fokusområde er eit omgrep ein har valt å nytte om særleg sårbare areal i villreinområda, der konflikt mellom omsynet til villreinen og menneskeleg utbygging/aktivitet krev eit ekstra fokus frå forvaltinga. Alle slike fokusområde, i alle våre villreinområde, er vist i ei eiga kartforteljing på www.villrein.no. For Hardangervidda sin del dreier dette seg om område rundt vegane Rv7 over Hardangervidda, E134 over Haukelifjell, Fv124 over Imingfjell, og vegen inn til Tinnhølen. I tillegg har ein også peika på traseen lang DNT-løypa frå Haukeliseter til Hellevassbu, Stegaros, Graveidet og Songaområdet.

Miljøkvalitetsnorm
Vemund Jaren frå Miljødirektorat orienterte om ”Miljøkvalitetsnorm for villrein”, ein norm som skal heimlast i naturmangfaldsloven, og der ei ekspertgruppe frå Miljødirektoratet nyleg har lagt fram forslag til ein slik kvalitetsnorm. Rapporten med forslag til kvalitetsnormen kan du laste ned her.

Regional plan, helse og kontrollkort
Frå Buskerud fylkeskommune kom Ellen Korvald og snakka om rullering av regional plan for Hardangervidda. Dette arbeidet går no for fullt og ein har teke mål av seg om at dette skal vera fullført innan sommaren 2019. Det var òg eit innlegg frå Veterinærinstituttet ved Jørn Våge om siste nytt i høve skrantesjuke-arbeidet, både frå Nordfjella og i landet generelt. Og som kjent blei framlegget om ny kontrollkortordning forkasta, Vemund Jaren frå Miljødirektoratet orienterte om dette.  Det var komne mange innspel til høyringa og eit klart fleirtal meinte at dette ikkje var nokon god løysing. Det vil likevel bli sett på moglegheitene for å gå over på ei digital løysing for fellingsløyve og innrapportering i framtida.

Bestand, teljingar og kvoteforslag
Til slutt, etter ein lang dag, var det villreinutvalet sin tur til å leggje fram sine saker, fyrst ei orientering om fredingssoner i jakta. Dette er ei ordning som Hardangervidda har hatt meir eller mindre over same lesten sidan 2013. Etter jakta 2017 gjorde villreinutvalet ei vurdering av ordninga og kom med framlegg til justeringar og moglege nye soner i ein eigen rapport. Representantar frå både fjellstyre og private grunneigarar frå ulike delar av vidda orienterte som sine vedtak og haldningar, noko som gav ein del diskusjon. Det er semje om at nokre av fredingssonene tener til det føremålet å få reinen ut i støre delar av villreinområdet når vertilhøva tilseier det. Usemja står i hovudsak om kor vidt dette medfører auka felling, som var noko av bakteppet for tiltaket i 2013, samt kor vidt ein skal halde fram og eventuelt definere nye slike fredingssoner.

Heilt til slutt la Svein Erik Lund frå villreinutvalet fram tala for bestandsutvikling, teljingar og føreslegne kvoter for komande jaktsesong. Mange av dei frammøtte hadde nok venta på denne bolken og det kom mange innspel til utvalet om gjennomføringa av teljingar. Her var det mellom anna ynskje om breiare deltaking frå fleire rettighetshavarar, testing av nye metodar som satelittfoto og drøftingar om kvote inneverande og komande år. Alt i alt blei årets vårmøte for Hardangervidda eit informativt møte med breitt engasjement og stor deltaking.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Lena Romtveit/Anders Mossing