Jakt som vanleg i Brattefjell-Vindeggen villreinområde


Dyra i Brattefjell-Vindeggen har i no for tida gode dagar i vinterbeitet nord i området, det er sparsamt med snø og lett tilgang til lavbeita. Foto: Kjell Bitustøyl

Dyra i Brattefjell-Vindeggen har i no for tida gode dagar i vinterbeitet nord i området, det er sparsamt med snø og lett tilgang til lavbeita. Foto: Kjell Bitustøyl

Brattefjell-Vindeggen er eit relativt lite villreinområde sud-aust for Møsvatn i Telemark. Utanom Hardangervidda, er dette det viktigaste villreinområdet i fylket. Fjellområdet ligg grovt rekna mellom Rjukan i nord, Tuddal i aust, Hjartdal og Seljord i sør og Rauland i vest. Eit landskapsvernområde blei oppretta i 2000, dette er delt mellom fire kommunar: Vinje, Tinn, Hjartdal og Seljord. Villreinområdet er på 357 km2 og fyrste gong det blei opna for jakt her var i 1980. Området har ein områdeforvaltar, Peter C. A. Køller, som er underlagt Fylkesmannen i Telemark og har kontor ved Norsk Villreinsenter Sør på Skinnarbu.

Målet for vinterstamma i Brattefjell-Vindeggen er 500-550 dyr. Kvotene for årets jakt var 240 dyr, resultatet blei 83 dyr, ein fellingsprosent på 34,5%, eit resultat  som er i nærleiken av ”det vanlege”. Av dei 83 dyra var det 14 ”frie” bukkar, 46 simler/ungdyr og 23 kalvar. Med dette resultatet ligg ein etter årets jakt tett opptil ei vinterstamme på ca 500 dyr.

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl / Anders Mossing