Innspel til regional plan innan 15. oktober


Høyringsdokumenta for rullering av regional plan for vidda er klare. Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Høyringsdokumenta for rullering av regional plan for vidda er klare. Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Høyringsdokumentet for rullering av regional plan for Hardangervidda har no blitt einstemmig vedtatt av dei respektive fylkesutvala i Hordaland, Buskerud og Telemark. Dei skal no ut på høyring og alle kan koma med innspel til planprogrammet. Høyringsfristen er 15. oktober.

I juli omtalte me på denne sida den komande rulleringa av regional plan for Hardangervidda (les “Reinen sentral i rullering på vidda”. Eit viktig spørsmål der vil vera om kommunane har tatt godt nok vare på villreinens behov. No har alle tre fylkesutvala, i Hordaland, Buskerud og Telemark, einstemmig slutta seg til høyringsdokumentet. Målet med planen er å gje villreinen gode levekår samtidig som ein skal leggje til rette for nærings- og bygdeutvikling og friluftsliv i lokalsamfunna rundt vidda. Rulleringa av planen skjer i nært samarbeid mellom dei tre fylkeskommunane, villreinnemnda og dei ni kommunane som er omfatta av planen.

Arbeidet skal byggje på gjeldande plan, og alt i sluttfasa av denne planen blei einskilde planspørsmål definert. Andre planspørsmål har oppstått i perioden etter dette. Planprogrammet inneheld konkrete forslag om kva som skal takast opp i rulleringa.

Dette er no til høyring. Og viktig: alle kan no koma med innspel til planprogrammet. Høyringsfristen er sett til 15. oktober. Meir info: www.regionalplan-hardangervidda.no.

I løpet av hausten vil det endelege planprogrammet bli vedtatt, deretter startar arbeidet med sjølve rulleringa, ein prosess der kommunane vil spela ei sentral rolle.

Innspel til høyringa kan sendast: Buskerud fylkeskommune, Postboks 3563, 3007 Drammen eller elektronisk til postmottak@bfk.no.

Spørsmål kan rettast til prosjektleiar Ellen Korvald, på tlf 32 80 87 28 eller epost ellen.korvald@bfk.no.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing