Godt nytt om skrantesjuke


Frå og med hausten 2016 til og med hausten 2019, altså tre år med intens prøvetaking i høve til skrantesjuke innafor dei fire tamreinlaga i Jotunheimen og Filefjell, er det berre negative prøver, altså ingen smitte påvist. Foto: Kjell Bitustøyl

Frå og med hausten 2016 til og med hausten 2019, altså tre år med intens prøvetaking i høve til skrantesjuke innafor dei fire tamreinlaga i Jotunheimen og Filefjell, er det berre negative prøver, altså ingen smitte påvist. Foto: Kjell Bitustøyl

Sidan prøvetakinga knytt til på reinsdyr begynte i 2016, har tamreinlaga i Filefjell og Jotunheimen gjennomført årleg testing av alle slaktedyr. Prøvene frå slaktinga 2019 gav, som tidlegare år, ingen positive utslag, fortel leiar for Filefjell Reinlag, Asgrim Opdal.

Berre negative prøver

At ingen positive prøver er funne innafor desse tamreinlaga så langt, er sjølvsagt ein god nyheit. Og i fylgje leiar for Filefjell Reinlag, Asgrim Opdal, er dette kanskje ein indikator på at ein har greidd å stoppe smittespreiinga av denne sjukdomen gjennom dei tiltaka som har vore gjennomført i Nordfjella sone 1. Det er ingen løyndom at då sjukdomen skrantejsjuke blei påvist på villrein i Nordfjella i 2016, gjekk det sterkt inn på dei som dreiv med tamrein i Filefjell Reinlag, deira sommarbeite grensar tett opp mot Nordfjella. Ein var redd for smitte og at dette kunne ramme tamreindrifta i dette området hardt. Med smitte i Filefjell ville sjukdomen òg kunne ha spreidd seg vidare nordover og austover. Opdal håpar og trur at ein no har greidd å avgrense sjukdomstilfella til Nordfjella gjennom den effektive nedslaktinga som blei fullført våren 2018. Samarbeidet mellom villreininteressene og tamreinlaga, som blant anna førte til sperregjerdet over Hemsedalsfjellet, kan òg ha medverka positivt til at ein så langt ikkje har funne tilfelle av skrantesjuke i Filefjellområdet eller lenger nord. Opdal kan elles opplyse om at dette gjerdet blei finansiert gjennom midlar frå reindrifta.


Asgrim Opdal, leiar av Filefjell Reinlag. Foto: Kjell Bitustøyl

Ein suksess

Opdal kallar det arbeidet som blei gjennomført av Mattilsynet for ein suksess, dette sjølvsagt med det atterhald at ingen smitte blir påvist i andre område. For kvart år som går med negative testar av slaktedyr frå desse tamreinlaga og sjølvsagt negative testar frå andre villreinområde, blir det meir og meir sannsynleg at ein har greidd å teke knekken på skrantesjuke, meiner Asgrim Opdal. Han viser blant anna til USA der ein ikkje har greidd å stoppe denne sjukdomen.

Opdal vedgår at det framleis står att utfordringar, blant anna med saltsteinar i terrenget. Filefjell Reinlag slutta med å leggje ut salt til simlene med ein gong skrantesjuke blei oppdaga, men det er eit problem med salting av vegen over Hemsedalsfjellet. Dette lokkar dyra ut i vegbanen, noko som sjølvsagt ikkje er positivt. Reinlaget har sagt i frå om dette, men ingenting skjer, seier Opdal.

Red.anm: på Veterinærinstituttets nettsider kan ein sjølv finne statistikk for ulike år, ulike arter og ulike område.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing