Fjellreinskulen – noko heilt nytt


Frå fyrste utstillinga Fjellreinskulen hadde på Hovden i Bykle vinteren 2019, Tove Hertzberg (t.v.) og Ragnhild Bjåen. Foto: Kjell Bitustøyl

Frå fyrste utstillinga Fjellreinskulen hadde på Hovden i Bykle vinteren 2019, Tove Hertzberg (t.v.) og Ragnhild Bjåen. Foto: Kjell Bitustøyl

Har du høyrt om Fjellreinskulen i Hovden i Setesdal? Ikkje det? Då bør du lesa dette her, for her har to kreative kvinner lansert eit nytt pedagogisk opplegg om reinen og mennesket, natur- og kulturarven, som ingen har gjort før dei, i alle fall ikkje på same måten.

Naturarven

Dei to opphavskvinnene til Fjellreinskulen er fjelljenta Ragnhild Bjåen, drivar av Bjåen fjellstove og biletkunstnar Tove Hertzberg. Kvar fyrste ideen kom frå skal vera usagt, men båe desse to har vore opptekne av reinsdyr, kultur og folk på kvar sitt vis, Ragnhild Bjåen fordi ho har vakse opp på fjellgarden Bjåen der tamreinhald og seinare villreinjakt har vore ein viktig del av livet, Tove Hertzberg av di ho som hytteturist og skigåar blei fascinert av dette dyret som ho stundom møtte “innpå heia”.

Dei har funne kvarandre gjennom dette prosjektet, og ideen skaut fart då dei fekk positivt svar på fleire søknadar, både frå Bykle kommune og i forprosjektet frå verdiskapingsprogrammet “Villreinfjellet som verdiskaper” som Miljødirektoratet er ansvarleg for. Fjellreinskulen har etter siste søknadsrunde der Norsk villreinsenter Sør har vore delaktige i søknadsprosessen, hamna inn under ein annan “paraply”: “Tilskot til verdiskaping basert på naturarven” direkte underlagt Miljødirektoratet. I statuttane for denne søknaden står det bl.a.:

“Tilskuddsordningen skal medvirke til at verneområdene og andre verdifulle naturområde blir en del av en bred verdiskaping som har langsiktig positiv effekt for natur, lokalsamfunn (sosialt og kulturelt), økonomi og næringsutvikling.”

Og som i søknadskriteria for “Villreinfjellet som verdiskaper” ligg det inne ein eigendel på 50 %. For 2019 fekk Fjellreinskulen kr. 950.000,- tildelt frå Miljødirektoratet, eit skikkeleg gjennomslag for ein idé som verkeleg har vakse fram lokalt. Samarbeidspartnarane vidare er verneområdestyret i Setesdal Vesthei, Ryfylke- og Frafjordheiane landskapsvernområde og Norsk villreinsenter Sør.

Kva er fjellreinskulen?

På facebooksida til Fjellreinskulen står fylgjande å lesa: “Fjellreinskulen er å formidle kunnskap og opplevingar om lokal natur, kultur og historie, og på den måten vera med å skape bulyst, byggje opp kjensle av identitet, styrke den lokale forankringa og vise stadeigenhet ‘the sense of place'”.


Bilettekst: Frå heftet om Fjellreinskulen

Bilettekst: Frå heftet om Fjellreinskulen

Dette formidlar dei to kvinnene gjennom eit pedagogisk opplegg tilrettelagt for born og unge i utgangspunktet. Men også vaksne vil kunne ha stor glede av eit prosjekt som har potensiale til å nå lenger ut, ikkje minst no når Fjellreinskulen har fått økonomi til å satse framover og byggje vidare på ideen. Målsetjinga er slik: Å formidle kunnskap om viktige naturområde og naturverdiar til blant anna skuleelevar, lokalsamfunn, besøkande og turistar. Dette er eit prosjekt som kan bidra til en langsiktig positiv effekt på natur og lokalsamfunn. Siste nytt er at Fjellreinskulen deltek med ei utstilling m.m. under årets Røldalsmarknad 21. – 23. juni.

Kvar kjem reinen inn i biletet?

Utgangspunktet for Fjellreinskulen er fjellgardane i Bykle: Bjåen, Breive Hovden, Ørnefjell og Geiskelie. Midt oppi dette finst Hovden som har vakse seg til ein stor turiststad med reiseliv, turisme, løypenett og krav om utvikling, og den meir “stillferdige kulturen” med sine kvalitetar blir fort usynleg. Bjåen og Hertzberg skriv i heftet som dei har laga om Fjellreinskulen, at det blir vanskeleg å tale om “natur” utan å ta med “kultur” og omvendt. Dette handlar om alle forteljingane. Og reinen er og har vore viktig, både historisk som kulturarv og i dag som verneformål: “Det vert sagt at reinen er ein “paraplyart”. Tek ein vare på området til reinen, tek ein også vare på fleire artar.”


Beingrinda av ein forminska lavvo frå fyrste utstillinga på Hovden, Tove Hertzberg (t.v.) og Ragnhild Bjåen. Foto: Kjell Bitustøyl

Slik vil dei to at omgrepet “fjellrein” skal femne vidare om fjellet, kultur og natur, historie og forteljingar. Gjennom tekst og bilete, foto og måleri, blir temaet presentert, men like mykje i den levande forteljinga, i fyrste omgang retta inn mot grunnskulen, men med klare ambisjonar å nå ut til fleire. “Korleis kom reinen til heiane våre?” spør dei, og viser oss den gamle historia frå forhistorisk tid, gjennom ein periode med tamreindrift og fram til etterkomarane som har genar både frå tam og vill rein.

Eit pedagogisk grep er å fokusere på fjellets åtte årstider, slik samane gjer. Også dette er rikt illustrert med bilete og illustrasjonar av Tove Hertzberg og tekst av Ragnhild Bjåen.

I samband med lanseringa av Fjellreinskulen på Hovden var det laga til ei utstilling med bilete og tekst og gjenstandar relevante for forteljingane, blant anna beingrinda av ein forminska lavvo.

Lær meir om Fjellreinskulen her.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing