Den 15. Arctic Ungulate Conference (AUC) i Jokkmokk


Frå 2015 då Arctic Ungulate Conference blei arrangert på Røros, på talarstolen Vemund Jaren frå Miljødirektoratet som saman med NINA var vertskap for AUC dette året. Foto: Kjell Bitustøyl

Frå 2015 då Arctic Ungulate Conference blei arrangert på Røros, på talarstolen Vemund Jaren frå Miljødirektoratet som saman med NINA var vertskap for AUC dette året. Foto: Kjell Bitustøyl

Kvart fjerde år blir det arrangert ein internasjonal forskingskonferanse om reinsdyr/caribou og moskus, Arctic Ungulate Conference. I år har turen kome til Sverige og Jokkmokk. Konferansen går føre seg i veke 33, frå 12. – 16. august.

Sist gong AUC gjekk av stabelen var på Røros i 2015, vertskap den gongen var Miljødirektoratet og Norsk institutt for naturforskning (NINA). I år er det Sveriges lantbruksuniversitet (SLU) i Umeå som står for arrangementet med professor Birgitta Åhman som leiar. AUC fokuserer på klauvdyr i arktiske strøk, sårbare område som er i endring både på grunn av klimaendringar og industriell utvikling. Tap av areal er i fokus, ei svært aktuell problemstilling ikkje minst i høve til høve til FN’s relativt ferske rapport om biologisk mangfald. Der blir det i klartekst sagt at tap av areal er det største trugsmålet mot naturmangfaldet i dag.


Birgitta Åhman, professor ved Svensk lantbruksuniversitet i Umeå, og leiar for AUC 2019 i Jokkmokk. Foto: Kjell Bitustøyl

Ein slik konferanse handlar om ulike presentasjonar frå diverse delar av nordområda, frå Alaska i vest til Russland i aust. Mange ulike tema blir tatt opp, også til debatt. Det er ikkje noko overordna tema meir enn at dette handlar om reinsdyr/caribou og moskus. Men sjølvsagt blir konferansen naturleg nok prega av arrangørlandet, i år er det altså Sverige som er vertsland, og sidan Sverige korkje har moskus eller villrein, vil fokus for ein del rette seg mot tamrein og tamreindrift og dei som er utøvarar av denne – dei samiske samfunna. Den årlege utflukta går i år til Stora Sjöfallet nasjonalpark og Lapponia World Heritage – verdsarvområdet innafor kommunane Gällivare og Jokkmokk. Dette er Europas største samanhengande natur- og kulturområde utan større inngrep. Her finn me fleire nasjonalparkar der ein kan studere korleis økologiske og biologiske endringar skjer i dag. Samtidig inneheld Lapponia òg eit kulturlandskap prega over lang tid av den samiske kulturen knytt til rein og reindrift.

Elles byr konferansen på litt av kvart. Det handlar om forholdet mellom menneske og dyr, om genforsking, om beite, næringstilgang og klima, om kunnskap og formidling knytt til desse klovdyra, om helse og sjukdom, og om rovdyr- og miljøproblematikk. Eine dagen er det spesiell fokus på reindrift og reinsgjeting.


arctic_ungulate_logo_400px.jpg

Av norske innleiarar finn me professor Knut Røed som skal snakke om klassifikasjon og gener. Under “paraplyen” kunnskap og formidling finn me forskar ved Nordlandsforskning, Camilla Risvoll og leiar av Norsk villreinsenter Sør, Marianne Singsaas. Vidare forskar Manuela Panzacchi frå NINA innafor temaet samhandling mennesket og reinen, og sist men ikkje minst, veterinærprofessor Morten Tryland og leiar for Filefjell Reinlag Asgrim Opdal, som skal snakke om helse og sjukdom hjå reinsdyr, sjølvsagt inkludert skrantesjuke eller Chronic Wasting Disease (CWD). Ein kan òg ta med at professor Susan Kutz frå Canada, redaktør saman med Tryland i boka “Reindeer and caribou – Health and Disease” (2019), skal delta på konferansen.

Les heile programmet her.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing