Arkiv - nettsaker fra gamle villrein.no

Jotunheimen reinsdyrfestival – til inspirasjon for villreinmiljøet?


Laurdagen under Jotunheimen Reinsdyrfestival gjekk det meste føre seg ved Gjendisheim, der ein blant anna hadde sett opp eit stort telt, og folk kosa seg i finveret. Foto: Kjell Bitustøyl

Laurdagen under Jotunheimen Reinsdyrfestival gjekk det meste føre seg ved Gjendisheim, der ein blant anna hadde sett opp eit stort telt, og folk kosa seg i finveret. Foto: Kjell Bitustøyl

Jotunheimen Reinsdyrfestival blei avslutta laurdag 8. oktober, arrangør var prosjektet ”Reinens rike – Sjodalen”. I fylgje to sentrale personar i festivalen, Bjørn Ekrebakke – vertskap på Bessheim Fjellstue, og Pål Grev – leiar i Vågå Tamreinlag, blei festivalen ein suksess. Mykje folk deltok på det største arrangementet, ”Rock’n’rein” – ein stor mat- og musikkfest siste dagen ved Gjendesheim som blei avvikla i eit fabelaktig flott haustver.

 


Den fyrste reinsdyrfestivalen i Jotunheimen / Sjodalen gjekk føre seg i eit nydleg haustvêr, dette er frå Gjende. Foto: Kjell Bitustøyl

Den fyrste reinsdyrfestivalen i Jotunheimen / Sjodalen gjekk føre seg i eit nydleg haustvêr, dette er frå Gjende. Foto: Kjell Bitustøyl

Innafor villreinmiljøet har det over tid vore snakk om villrein og reiseliv. Dette har blant anna resultert i rapporten ”Europeiske villreinregioner – en strategi basert på villreinfjellet som ressurs for reiselivet”, etter eit initiativ frå Klima- og miljødepartementet. Rapporten kom i 2015, redaktør var Hans Olav Bråtå frå Østlandsforskning. Kort samanfatta handlar dette om at ”villreinen, og den historiske og nåtidige bruk av den kan bli en ressurs for reiselivet og gi grunnlag for en bred verdiskaping.”

Reinens rike
Temaet har vore drøfta både sentralt og lokalt, men førebels er det ikkje så mange konkrete resultat som har kome ut av denne rapporten. I mellomtida har altså Reines rike i Sjodalen sett dagens ljos, eit svært så konkret prosjekt som har sett reinsdyret i sentrum. Og i fylgje arrangøren har ein planar om å vidareføre dette også utover sjølve festivalen. Bjørn Ekrebakke på Bessheim Fjellstue fortel at ein har planar om leggje opp til blant anna guiding til tamreinflokkar med to unge reinsgjetarar i løpet av vinteren.

Jotunheimen Reinsdyrfestival hadde mange ulike tema på programmet, ikkje minst la ein stor vekt på det ein kalla ”rein mat” med råvarer frå øvste hylle: Lokal fjellaure, økologisk vilt frå jegeren, seintveksande fjellurter, bær og grønsaker, og naturlegvis perfekt mørna reinskjøt, ”henta frå dyr som aldri har streifa lengre enn tre mil frå bordet der du nyter smaken av ureist villmark” som dei heitte i programmet.

Festivalen gjekk over ei heil veke og hadde mykje forskjellig sto på programmet, også historisk stoff om villreinjakt og villreinjegerar. Den legendariske Jo Gjende sto naturleg i sentrum, der var eit eige foredrag om han. Under marknadsdagen laurdag ved Gjendesheim var blant anna ulike mat- og handverksprodukt knytt til reinsdyret å få kjøpt, me kunne òg sjå rett over på jaktbua til Jo Gjende ved Gjendeosen. Dei to svært tamme reinsbukkane Iver og Peder fekk elles mykje merksemd, dei var til og med om bord i samband med Reinscruise med Gjendebåten.

Reinsdyret
I Østlandsforsking sin rapport under punktet ”Verdiskaping i forbindelse med villreinen og villreinfjellet”, står omtalt det bedriftsøkonomiske potensialet knytt til villrein kopla opp mot aktørar innan reiseliv. Konkret kjem ein her med framlegg om blant anna at ”Reinskjøtt serveres i reiselivsbedrifter samtidig med at historien om reinen fortelles, selv om det er tamrein som ligger på tallerken”.  Vidare er nemnd at matprodukt og handverksprodukt basert på villrein bør utviklast. Parallellen til det som faktisk skjedde på denne festivalen er påfallande. At Jotunheimen Reinsdyrfestival ikkje brukar nemninga tamrein, syner at dei ynskjer å inkludere både vill og tam rein i sitt reiselivsprodukt. Nemnde rapport legg også opp til at det til ein viss grad handlar om reinsdyret. Kanskje det kunne vera mogleg å få til eit samarbeid med tamreinnæringa omkring dette med verdiskaping rundt villrein og guiding? Det å koma nært innpå eit levande reinsdyr er noko som absolutt bør vera interessant også for dei som er opptatt av villrein.


Reinsbukken Iver var ein av hovudpersonane under festivalen, han født i mai 2014, men blei forlaten av mor si, og ein gjetar frå Vågå Tamreinlag fann han.  Iver måtte få mjølk av flaske, men no et han lav, mose og vier som andre reinsdyr. Foto:…

Reinsbukken Iver var ein av hovudpersonane under festivalen, han født i mai 2014, men blei forlaten av mor si, og ein gjetar frå Vågå Tamreinlag fann han.  Iver måtte få mjølk av flaske, men no et han lav, mose og vier som andre reinsdyr. Foto: Kjell Bitustøyl


Frå festivalområdet ved Gjendesheim såg me over til jaktbua til reinsjegeren Jo Gjende. Foto: Kjell Bitustøyl

Frå festivalområdet ved Gjendesheim såg me over til jaktbua til reinsjegeren Jo Gjende. Foto: Kjell Bitustøyl

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl

 

Fangstanlegg på Kruk i Valdres


Bogastille i nærleiken av Kruk, i bakgrunnen ser me Krukknappen. Foto: Kjell Bitustøyl

Bogastille i nærleiken av Kruk, i bakgrunnen ser me Krukknappen. Foto: Kjell Bitustøyl

Like i nærleiken av Kruk, vesttoppen på Gilafjellet som ligg halveges i Vestre Slidre og halveges i Vang i Valdres, ligg det eit fangstanlegg for rein som ikkje er særleg kjent utanfor Valdres.  Anlegget ligg nær toppen og me finn fleire dyregraver og 10-11 bogastille, eller bogahi som dei seier i Valdres.

Dyregraver er eit velkjent kulturminne i mange fjell. På fjellryggen Kruk (1582 moh) finn me fleire dyregraver, belgjearmane er over 100 meter lange med belgjemur med fleire oppbygde reinsgraver. To av dei ligg like i nærleiken av ein stig gjennom området og er lette å finne. I samband med dyregravene finn me òg mange bogastille.  Dei er i dette anlegget halvsirkelforma steinmurar, ikkje særleg høge, men framleis svært tydelege. Arkeolog Bjørn Hougen har teke mål av desse og omtalar dei i Valdres Bygdebok bind 2. Lengda frå arm til arm på desse bogastilla er 1 – 2 meter, medan høgda på midten er frå 40 til 90 cm. Høgda minkar ut mot sidene av bogastillet.

Knut Hermundstad skriv i Valdres Bygdebok bind 5 at veidemennene fanga villrein på tre ulike tider: Om våren når villreinen trekte ned i Svørsbotn etter gras og groe, om hausten når dei for ned i Svørsbotn og Helestrøndliene etter sopp, og når reinen hadde sett sørover i Tangefjellet på grunn av sønnavêr. Merka jegerane eller veidarane, at reinen heldt seg på ein av desse tre stadane, la dei seg til i bogastillet, samtidig sende dei av garde folk for å skræme reinen, som då la på sprang mot Kruk. Det er vel kjent at reinen søkjer oppover når han blir skræmd. Komen nær toppen på Kruk blei dyra møtt med piler og truleg kastespjot frå bogastilla, andre gjekk i dyregravene. Gravene kunne vera dekte av mjuke greiner av dvergbjørk og vier, over dette kunne ein leggje eit lag med reinmose. Hermundstad fortel at der er ei segn om at der på Helestrønd budde 12 bønder fast heile året, kanskje var det desse som åtte og dreiv dette store fangstanlegget.

I dag er det tamrein som held til i dette området, tamrein frå Filefjell tamreinlag.


To av dei mest synlege dyregravene på Kruk, me ser over mot Hemsedalsfjella med Ranastongi (t.v.) og Rankonosi som dei mest markante. Me ser òg litt av Smådalsfjellet på framsida av Rankonosi. Til høgre i biletet nært ser me litt av den bratte nedga…

To av dei mest synlege dyregravene på Kruk, me ser over mot Hemsedalsfjella med Ranastongi (t.v.) og Rankonosi som dei mest markante. Me ser òg litt av Smådalsfjellet på framsida av Rankonosi. Til høgre i biletet nært ser me litt av den bratte nedgangen til Svørsbotn. Foto: Kjell Bitustøyl


Kart over fangstanlegget på Kruk

 

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Heiplansamling: Reiselivet i fjellet i vekst


Ragnhild Bjåen på Heiplansamlinga på Haukeliseter. Ho er drivar av familiebedrifta Bjåen Fjellstove, som ligg i Bykle, men eigedomen strekker seg òg eit godt stykke inn på Vinje-sida. Familien driv og med mjølkekyr, og Bjåen Fjellstove ligg nært på …

Ragnhild Bjåen på Heiplansamlinga på Haukeliseter. Ho er drivar av familiebedrifta Bjåen Fjellstove, som ligg i Bykle, men eigedomen strekker seg òg eit godt stykke inn på Vinje-sida. Familien driv og med mjølkekyr, og Bjåen Fjellstove ligg nært på villreinområdet, med villreintrekk på båe sider. Dei satsar økologisk og ”grønt”, men legg òg vekt på kunnskap om lokal natur og kultur. Foto: Kjell Bitustøyl

21. og 22. september var det Heiplansamling på Haukeliseter fjellstove. Dette er ei årleg samling. Arrangør var Rogaland, Hordaland, Aust- og Vest-Agder og Telemark fylke, med Vinje kommune som vertskap. Tema for samlinga var attraktiv reisemålsutvikling i fjellet. Målgruppa var alle som er opptekne av korleis ein skal forvalte og utvikle Setesdalsheiane i vest og aust, til det beste for bygdene, næringslivet og villreinen. Fokuset på villreinen kom kanskje litt i bakgrunnen, mykje handla om ei reiselivsnæring i vekst. Likevel var omgrepsparet ’bruk og vern’ eit gjennomgangstema.


Haukeliseter fjellstove. Foto: Kjell Bitustøyl

Haukeliseter fjellstove. Foto: Kjell Bitustøyl

”Heiene som arena for lokal vekst og framtidstru”
Heiplanen er regionplan for Setesdal Vesthei og Setesdal Austhei og Ryfylkeheiane og blei godkjent av dåverande Miljøverndepartement i 2014. Handlingsprogram for 2015-2018 blei vedteke i fylkestinga våren 2015: ”Hensiktener at planen skal være et godt verktøy for god forvaltning av Norges sørligste villreinstamme og arealbehov for planområdet.”

Eit sentralt tema formulert i planen byggjer på ”Heiene som arena for lokal vekst og framtidstru”, dette som ein del av eit nasjonalt målom å leggje til rette for likeverdige levekår i heile landet og å oppretthalde busetnaden. Dette handlar om å ”..betre grunnlaget i dei enkelte ved å styrkje kompetansen, leggje til rette for nyskaping og næringsutvikling, redusere avstandshindre, utvikle livskraftige lokalsamfunn og fremme berekraftig bruk av naturressursane. Regional- og distriktspolitiske omsyn skal bli tillagde sterkare vekt i politikken på dei enkelte sektorane.”


Planområdet (Kjelde: Regional plan for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei).

Planområdet (Kjelde: Regional plan for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei).

 

Eventyret Trolltunga
Reiselivsaktørar , både private og offentlege, frå Agder/Setesdal, Telemark, Odda og Stavanger var på banen fyrste dagen av Heiplansamlinga. Me fekk døme frå ulike delar av planområdet, men òg frå område utanfor, t.d. Trolltunga i Hardanger. Den eksepsjonelle tilstrøyminga av folk til denne turistattraksjonen ein dryg dagsmarsj inn på Vidda får stå som eit døme kor ekstremt det kan bli når ”alle” skal til same plassen. Ikkje minst har trykket frå utlandet vore stort. I fylgje representanten for Odda kommune er marknadsføringa fullstendig ute av kontroll, mykje takka vera sosiale media.

Vandre Telemark og Bjåen Fjellstoge
I Telemark har ein ikkje opplevd liknande ”boom”, men her kunne blant anna prosjektet Vandre Telemark vise til ein fin auke på åtte utvalde turstigar som er tilrettelagd for turistar. Største kontrasten til Trolltunga fekk ein kanskje i form av innlegget frå Ragnhild Bjåen frå Bjåen Fjellstove, ei familiebedrift som ligg i Bykle, men eigedomen ligg òg dels i Vinje. Her kombinerer ein gardsdrift med mjølkeproduksjon med kortreist mat, med vekt på den økologiske, grøne turismen, og overnatting i eit tradisjonsrik gamal fjellstove. Ein legg òg vekt på lokal kunnskap om natur og kultur. Ikkje så store økonomiske vyer som dei tyngre satsingane, men viktig nok i eit Heiplanperspektiv. Omsynet til naturområda med villreinen tett på ser Bjåenfolket på som svært viktig.


Villrein på Setesdal Austhei. Foto: Britt-Elin Ekre

Villrein på Setesdal Austhei. Foto: Britt-Elin Ekre

Bruk og vern
Ordet berekraftig utvikling, berekraftig satsing, var elles eit omgrep som gjekk att i fleire innlegg. Med eit stort trykk frå ei veksande turistnæring er kanskje dét viktigare enn nokon gong, i fylgje fleire innleiarar. Det blei elles referert til at norske nasjonalparkar (og landskapsvernområde) over lang tid har skilt seg frå satsingar og tilretteleggingar me finn i dei fleste andre land, og at ein også frå det offentlege no ser at ein i komande planlegging må tenkje nytt i høve til bruk og vern. Meir konkret handlar dette bl.a. om kommunal oppfylging i høve til å styre ferdsel, turløyper og skiløyper. Her er det sterk etterspørsel frå turistnæringa, samtidig skal Heiplanen ha med seg dei såkalla omsynssonene i det nasjonale villreinområdet, trekkområde osv.

Eit konkret døme på tilrettelegging som i fylgje Stavanger Turistforening absolutt er i tråd med med bruk og vern-prinsippet, er dei såkalla ”sherpastigane”, som hindrar erosjon og styrer trafikken til bestemte reisemål, for Rogaland sin del gjeld dette t.d. Preikestolen og Kjerag.

Frå reiselivet blei det opplyst at turistane svært ofte etterlyser aktivitetar, enten i form av t.d. kiting, fjellklatring eller enkle organiserte fotturar. I det heile var næringsfokuset sterkt framme denne fyrste dagen.

Frå forsamlinga blei det elles etterlyst at fleire frå forvaltninga av desse naturområda hadde møtt opp, t.d. frå SVR – Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylke- og Frafjordheiane.
    
Stigar og løyper
Dag to var meir via til representantar for det offentlege. Ein fekk blant anna med seg Vinje kommune si erfaring med stig- og løypeplanlegging. Dorthe Huitfeldt frå Vinje tok opp temaet korleisein må kombinere dei ulike interessene, blant anna ved å få til eit samarbeid med grunneigarane og lytte til deira ynskje og planar. Ho gav uttrykk for at det var litt synd at mange av reiselivsaktørane reiste etter dag èin, og med det i mindre grad fekk med seg det offentlege sine erfaringar og planar omkring ei vidareføring av Heiplanen (og tilsvarande planar i andre område). Ho slo fast at einskilde område opplever eit vanvittig press frå turistnæringa om fleire stigar og løyper. Slik får det offentlege ei kjempeutfordring, både ved at ein skal ta omsyn til verneområda, samtidig som det skal vera ”forutsigbarthet” for reiselivet. For Vinje sin del handlar det elles ikkje berre om villreinen, men òg om beitenæringa i fylgje Hiutfeldt

GPS-prosjektet for villrein i Setesdal Vesthei
Lena Romtveit frå Norsk Villreinsenter på Skinnarbu orienterte om kva som bør arbeidast vidare med i høve til utfordringane for villreinen. GPS-prosjektet, dvs. radiomerkinga av villrein som har vart i fleire år, er blant anna no trekt inn i samband med vasskraftrevisjonane i desse områda. Eit nybrottsarbeid er at langt fleire aktørar no er med i prosjektet, til dømes er regulantane no med i styringsgruppa, dei er òg med på den finansielle sida. GPS- merking finst i mange fjellområde, for Setesdal Vesthei er dette eit lokalt pilotprosjekt der ein søkjer å finne avbøtande tiltak, t.d. løysing på korleis ein skal få reinen til å bruke større delar av villreinområdet. GPS-prosjektet kan i fylgje Romtveit kanskje gje svar på kva det er for barrierar som hindrar reinen å nytte ulike trekkruter? Nytt i Setesdal er at ein no som eit prøveprosjekt med ny teknologi også merker ein del bukk, tidlegare har det vore mest simler.

At forvaltingsorgana kan nytte av GPS-merkinga, er likevel ikkje aktuelt. GPS-merking er til for forskinga sin del, altså eit forskingsbehov, men at forskingsresultata kan brukast som eit forvaltingsverktøy er likevel naturleg i fylgje Romtveit.

Oppsummert spelar nok desse årlege Heiplansamlingane ei viktig rolle, men sett frå utsida snakka ein kanskje litt forbi kvarandre, ein del aktørar var der kanskje mest for å snakke om eigne prosjekt, meir enn at ein lytta til kva andre hadde å  fortelje.


Lena Romtveit. (Arkivfoto: Arne Nyaas)

Lena Romtveit. (Arkivfoto: Arne Nyaas)

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl

 

 

Villrein på raudlista


Villrein frå Brattefjell Vindeggen på vinterbeite. Dette villreinområdet er av dei mindre områda med eiga villreinstamme, tidlegare var det utveksling mellom Hardangervidda og dette området. Foto: Kjell Bitustøyl

Villrein frå Brattefjell Vindeggen på vinterbeite. Dette villreinområdet er av dei mindre områda med eiga villreinstamme, tidlegare var det utveksling mellom Hardangervidda og dette området. Foto: Kjell Bitustøyl

Den nyleg avslutta IUCN-kongressen – den Internasjonale naturvernunionens verdskongress – kom med ei oppdatering av den globale raudlista for truga artar, og på denne lista blir no villrein for fyrst gong vurdert som truga. Dette skriv leiar for Norsk Villreinsenter Sør, Marianne Singsaas, i ein kronikk i avisa Nationen.

Bakgrunnen er at på verdsbasis har villreinbestanden dei siste 25 åra blitt redusert med ca 40 % i fylgje IUCN sitt ekspertpanel, frå om lag 4,8 millionar individ til 2,9 millionar individ. Ei av dei viktige årsakene er i fylgje Singsaas at villreinen blir sterkt påvirka av arealendringar, som infrastruktur, hogst og industriutbygging. Halvparten av villreinen sine leveområde har forsvunne dei siste 150 år, dette gjeld over heile den nordlege halvkule , skriv Singsaas.

 I Noreg har me villrein i 23 meir eller mindre isolerte område, og den totale bestanden er på ca 35 000 vinterdyr. Noreg har med det dei siste restane av den europeiske tundrareinen i fylgje Singsaas, noko som gjer at Noreg har eit særleg internasjonalt ansvar for å ta vare på villreinen.

Auka fragmentering
Eit auka energibehov legg press på utbygging av dei siste vasskraftressursane og også vindkraftanlegg i villreinområda. Saman med utbygging av infrastruktur har dette ført til auka fragmentering av villreinen sine leveområde. GPS-merking av villrein viser at faren er stor for at me vil få ei ytterlegare fragmentering, ei fragmentering som langt på veg kan knytast til auka turisme og ferdsel i fjellet, skriv Singsaas.

Bestanden i Noreg har over tid vore relativt stabil i Noreg, noko Singsaas meiner er eit resultat av solid og velfungerande bestandsforvalting gjennom jakt. Når ho no tek til orde for at varsellamper lyser, er det av di fleire beiteområde blir redusert gjennom stadig fragmentering. I tillegg kjem fleire tilfelle av fotråte, svelgbrems og hjernemark hjå reinen, og i vår kom fyrste tilfellet av CWD – skarantesjuke- i Europa, på ein villrein frå Nordfjella. Dette kan ifylgje Singsaas ha ein samanheng med tettare bestandar kombinert med klimaendringar.

Tiltak
For å motvirke denne negative utviklinga for villreinen er det ikkje er tilstrekkeleg med enkeltvise verna område, skriv Singsaas, ho meiner at eit tiltak vil vera å opne opp att nokon av dei barrierane infrastrukturen har ført med seg, og med det opne for migrasjon mellom områda.

Kvalitetsnorm
Miljødirektoratet har no fått ansvar for oppfylging av ei kvalitetsnorm for villrein sett i lys av Naturmangfaldmeldinga som kom i fjor. Ei slik kvalitetsnorm vil i fylgje Singsaas få oss til å sjå meir heilskapleg på miljøkvalitet for villreinbestandane og med det setje i verk tiltak for bestandar som ikkje oppnår ein slik god miljøstandard. I fylgje Singsaas kan Noreg unngå å bli ein del av den internasjonale trenden der villreinen hamnar på raudlista.  Ei kvalitetsnorm kan slik vera med å sikre villreinen leveområde og med det overleving i framtida.

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Utvidet jakttid på Hardangervidda


Villreinjakta på Hardangervidda utvides med ni dager, f.o.m. lørdag 1. oktober t.o.m. søndag 9. oktober. Foto: Halvor Nordjordet (fra boka "Reinen på Hardangervidda", utgitt i 2012).

Villreinjakta på Hardangervidda utvides med ni dager, f.o.m. lørdag 1. oktober t.o.m. søndag 9. oktober. Foto: Halvor Nordjordet (fra boka “Reinen på Hardangervidda”, utgitt i 2012).

Årets jaktuttak på Hardangervidda, så langt, er lavere enn det som er nødvendig for å kunne nå vedtatte bestandsmål.  Ved ordinær jaktslutt fredag 30. september regner Hardangervidda villreinutval med ei felling på  cirka 1400 dyr (medregnet 323 dyr som ble drept av lynet). Årets jaktkvote er på 8000 dyr (1200 fridyrkort og 6800 simle/ungdyrkort med kalv inkludert i kortet). Etter ønske fra villreinutvalet og vedtak i nemnda utvides jakttida med ni dager, fra og med lørdag 1. oktober til og med søndag 9. oktober.

 

I anmodningen om utvidet jakttid påpeker Hardangervidda villreinutval blant annet følgende:

“Det nærmer seg slutten på ordinær jakttid og hovedtyngden av dyr har til nå i jakta brukt et begrenset område. Det har vært jakt i de nordvestre deler av Tinn, noe jakt i Nore og Uvdal, og nesten ingen jakt i Hordaland. Vinje har hatt dyr på store deler av sine områder og vil ut fra hvor dyra står i dag trolig få dyr på alle sine områder i løpet av jakta. Det forventes derfor normal felling i Vinje. Langtidsvarselet tilsier fortsatt sørlig vindretning fram til fredag 23/9, noe som vil bety at dyra vil bli stående sør i Vinje der de i dag befinner seg. Selv med værskifte siste uka i jakta vil det erfaringsmessig bli vanskelig å få reinen inn i store nok områder som pr. i dag har hatt dårlig jakt.”

Og videre: “Lenger jakttid vil medføre økt stress og energitap for dyra. Jaktpresset sent i jakta vil imidlertid sjeldent bli like stort som i begynnelsen av jakta og temperaturen vil være vesentlig lavere. Med begynnende brunst vil også dyra ha kortere fluktstrekninger. En kortere utvidelse av jakttiden vurderes derfor ikke å være av vesentlig betydning, sett opp mot kostnaden med å få en for stor bestand. Ved en eventuell lang utvidelse av jakttiden kan det bli problematisk å få gjennomført en god strukturtelling. Siden det i dagens situasjon er svært viktig å få gjennomført strukturtelling, taler dette mot en lang utvidelse av jakttiden.

Utvidet jakttid ble på Hardangervidda benyttet i årene 1999 og 2000 hvor jakttiden ble forlenget med fjorten dager (1. – 14. oktober). Dette resulterte i hhv. 600 og 360 felte dyr i den utvidede jaktperioden disse to årene. Jakttiden ble også utvidet høsten 2014 i perioden 1. – 12. oktober. Det ble mye dårlig vær og snø i den utvidede jaktperioden og derfor lite jakt. Totalt 210 dyr ble felt. En utvidelse først i oktober vurderes å ha størst potensial for økt felling. Jakt i siste del av oktober kan fort bli vanskelig pga. snø.”

 

 

villrein.no – Arne Nyaas

 

Forlenga jakt på Blefjell


Villreinjakta i Blefjell er utvida frå og med 1. oktober til og med 9. oktober. Foto: Kjell Bitustøyl

Villreinjakta i Blefjell er utvida frå og med 1. oktober til og med 9. oktober. Foto: Kjell Bitustøyl

Blefjell villreinutvalg kan opplyse at årets villreinjakt pr 20.9 har ført til at 23 dyr er felt på Blefjell. Dette er ei så lågt tal at jakta difor er utvida frå og med 1. oktober til og med  9 oktober.

Hausten 2015 blei det felt 26 dyr i Blefjell villreinområde, mot forventa 35 dyr.
Blefjell Villreinutvalg søkte difor i april Blefjell Villreinnemnd om utvida villreinjakt hausten 2016 frå og med 1. oktober til og med 9. oktober, for å få med to helgar, dersom ein i 2016 enda på eit tal under 25. Og pr 20.9 i år hadde det altså blitt felt berre 23 dyr. 

Bakgrunnen er denne: Bestandsplanen for Blefjell er å ha ei vinterstamme på 150 dyr. I vedtaket frå villreinnemnda heiter det at ein auke på 10-15 vinterdyr kan vera for mykje for det beitegrunnlaget som finst, og at problemet vil eskalere det neste året på grunn av auka reproduksjon. Driftsplanen for Blefjell villreinområde 2013-2015 var å ha ei årleg felling på 35 dyr, dvs til saman 105 dyr i denne perioden.  Talet ein enda opp med var totalt 79 dyr.

Villreinnemnda skriv: ”Grunnen til den lave fellinga antas å være at dyra holdt seg mye nede i skogen på vestsiden i villreinområdet, og var kun i korte perioder oppe på fjellet, helt mot slutten av jakta. Årsaken kan være bedre tilgang på beite, f. eks. sopp, samt forstyrrelser av fotturister på fjellet.”

 

Heimeside for Blefjell Villreinutvalg er : www.blerein.net


Frå Sigridsfjell mot Nordstulvatn, lengst sør på Blefjell. Foto: Kjell Bitustøyl

Frå Sigridsfjell mot Nordstulvatn, lengst sør på Blefjell. Foto: Kjell Bitustøyl

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl

 

 

 

Reinheimen-Breheimen: Vurderer å kutte ut fellesjakta


Uheldig jakt: Oppsynskorpset under årets reinsjakt kan fortelje om fleire uheldige episodar i Reinheimen. Foto: Fjuken/Arkivfoto: Hans Erik Kjosbakken

Uheldig jakt: Oppsynskorpset under årets reinsjakt kan fortelje om fleire uheldige episodar i Reinheimen. Foto: Fjuken/Arkivfoto: Hans Erik Kjosbakken

Lokalavisa Fjuken, som er ei avis for dei tre kommunane Vågå, Lom og Skjåk, skriv om uheldige jaktepisodar i samband med årets reinsjakt som blei avslutta 14. september.  ”Mange jegerar på reinsflokkane, bomskot og skadeskyting gjer at villreinutvalet for Reinheimen-Breheimen vurderer  tiltak før neste jakt,” skriv Fjuken.

Jegerkonsentrasjon
Fenomenet er truleg ikkje eineståande for dette villreinområdet, signal frå andre villreinområde tyder på at liknande episodar har funne stad. Mange jegerar er samla i same området, mange stadar skjer dette i helgane. Journalist Maria Kampesæter Kleiven i Fjuken har intervjua sekretær i Villreinutvalet for Reinheimen og Breheimen, Knut Granum, som fortel at dei hadde fellesjakt onsdagar og torsdagar i veke 34-36, og at når store reinflokkar har samla seg i lett tilgjengelege område, har mange jegerar oppsøkt området på grunn av at alle då kan jakte fritt utover kommunegrensene. ”Da er det lett for at det blir uheldige episodar”, fortel Granum.
Slik jegerkonsentrasjon fører til at reinen anar fare og flokkar seg, og då blir det vanskeleg å skilje ut dei rette dyra ifylgje Granum. Dagleg leiar i Lesja fjellstyre Tommy Sønsterud fortel at det har vore ein aukande negativ tendens, og at der blant anna har vore episodar der jegerar går forbi andre jegerar for å koma inn til flokkane, noko som skaper misnøye.

Manglar kunnskap
Granum meiner at somme jegerar manglar basiskunnskap om korleis dei skal nærme seg ein reinsflokk, altså at forståinga av jakta ikkje er god nok. ”Mange går opp til reinen med vind i ryggen og øydelegg for seg sjølv og andre”, seier han.

Vurderer tiltak
Resultatet av årets jakt kan bli at det neste år blir slutt på denne fellesjakta, ifylgje Fjuken, som òg refererer at moglege alternative tiltak kan vera å utvide jakttida, slik at flokkane har større sjanse for å bevege seg innafor dei fleste områda. Knut Granum trur at det skal vera mogleg å få fylt kvotane betre med ei utvida jakttid. I fyrste omgang skal årets jakt evaluerast saman med oppsynet og fjellstyra, så skal eventuelle tiltak diskuterast med rettigheitshavarar og til slutt er det villreinutvalet som skal ha det siste ordet.

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Nytt av året: Jotunheimen reinsdyrfestival


Bessheim Fjellstue er ein av fire fjellstover som står bak Jotunheimen Reinsdyrfestival. Foto: Kjell Bitustøyl

Bessheim Fjellstue er ein av fire fjellstover som står bak Jotunheimen Reinsdyrfestival. Foto: Kjell Bitustøyl

I dagane 30. september til 8. oktober blir det arrangert ein eigen reinsdyrfestival i Sjodalen i Jotunheimen. Tiltaket er dratt i gang av fjellstovene i Sjodalen: Bessheim Fjellstue og Hytter, Besseggen Fjellpark, Gjendisheim Turisthytte, Hindsæter og Gjendebåten. Dei har oppretta eit samarbeid med Vågå tamreinlag. Heile 60 ulike aktivitetar skal det bli i løpet av veka med stikkord: rein mat, rein avkopling, rein oppleving og rock’n’rein.

Reinens rike – ditt skattkammer
Den nystarta festivalen har som motto: Reinens rike – ditt skattkammer. Kjøkensjef Bjørn Ekerbakke på Bessheim Fjellstue er ein av initiativtakarane, han seier til avisa Valdres: ”Store og små kan velje mellom reincruise med Gjendebåten, reinsdyrsafari på Valdresflye og barnecamp kvar dag ved Gjende der ein lokal skinnmeister lærer bort urgamle handverksteknikkar med skinn og bein frå reinsdyr som råvare. Blant anna. I tillegg byr vi på masse mat- og kulturopplevingar, og Gjendebåten køyrer til Besseggen kvar dag heile haustferien.”

Rock’n’rein
Grand finale blir laurdagskvelden, med ”det største etegildet Gjende nokon gong har husa, ein storstilt mat- og musikkveld kalla Rock’n’rein”. Det heile skal gå føre seg i oppvarma stortelt ved Gjendisheim, og på menyen står sjølvsagt reinskjøt og aure frå Gjende i ulike variantar. Og frå Valdres kjem folkrockbandet Staut. I Gudbrandsdalen har ein alt sett opp eigne ekspressbussar til arrangementet.

Familievenleg festival
Det blir guida turar til Valdresflye der sjansene for å sjå reinsdyr er størst. Og med utgangspunkt i Hindseter blir det streif med naturguide til dei gamle fangstanlegga ved elva Veo. Arrangementet er lagt opp til å vera svært familievenleg, med mange ulike tilbod til ungar; frå garving av skinn, laging av tromme, laging av skremmepinnar – slike reinsdyrjegerane bruka i fangsttida, til barneriding med ”Fjellrittet” frå Beitostølen. Riding blir det òg for vaksne. 

Mykje kultur, ikkje minst matkultur
Arrangøren har lagt opp til eit allsidig kulturprogram, der arrangementa blir lagt til dei ulike fjellstovene: Kåseri o.l. der reinen spelar hovudrolla på ulikt vis, med både dagsaktuelle og historiske tema, blant anna eit foredrag om reinsjegeren Jo Gjende. Matkulturen er via ein heilt spesiell plass, og ”ureist rein” spelar ei hovudrolle, dette er sjølvsagt rein frå Vågå Tamreinlag etter som Sjodalen er ein del av deira beiteområde. Kokken på Bessheim vil òg halde kurs i viltpartering med reinsdyr som råvare.

Vidare satsing
Ambisjonane for denne satsinga på reinsdyret strekkjer seg også utover festivalen sine tidsgrenser. Turisthyttene i Sjodalen kjem i samarbeid med Vågå Tamreinlag til å ha fleire reinsdyr gåande på isen på Sjodalsvatnet. Og i fylgje avisa Valdres er ambisjonane å bli ”ein destinasjon som gjester frå fjern og nær oppsøker både vinter, vår og haust for å oppleve nærkontakt med eit av dei mest ikoniske dyra i den norske fjellheimen.”

 

For meir informasjon, sjekk nettsida:    http://reinensrike.no/


Sjodalen er arena for Jotunheimen Reinsdyrfestival. Dette er frå Øvre Sjodalsvatn mot Sikkilsdalen. Foto: Kjell Bitustøyl

Sjodalen er arena for Jotunheimen Reinsdyrfestival. Dette er frå Øvre Sjodalsvatn mot Sikkilsdalen. Foto: Kjell Bitustøyl


 På Valdresflye kan du ofte treffe på reinsdyrflokkar frå Vågå Tamreinlag.  Foto: Kjell Bitustøyl

 På Valdresflye kan du ofte treffe på reinsdyrflokkar frå Vågå Tamreinlag.  Foto: Kjell Bitustøyl

 

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Tøff dame på Hellevassbu


Ellen Drangevåg er både hyttetilsyn og reinsjeger. Foto: Kjell Bitustøyl

Ellen Drangevåg er både hyttetilsyn og reinsjeger. Foto: Kjell Bitustøyl

Ellen Drangevåg frå Røldal/Fana kombinerer jobben som hyttetilsyn ved DNT’s sjølvbeteningshytte Hellevassbu med å drive reinsjakt på Røldal statsalmenning. Dette har ho drive med i mange år og trivst godt med det. Når ho har fått gjestene ut om morgonen på turisthytta, fer ho av garde på reinsjakt.

Røldal ligg i Odda kommune og er kjent som er fjellbygd med lange tradisjonar innafor reinsjakt og fjellfiske. Ein av dei viktige jaktområda for Røldal er nettopp området kring Hellevatn og Hellevassbu. Her finn me mange eldre steinbuer som har vore i bruk til fiske og reinsjakt, og nye hytter har kome til, fjellstyret har sine hytter her. 

Hyttetilsyn og jeger
Ellen Drangevåg kjenner terrenget her ut og inn etter å ha vore  hyttetilsyn og jeger her i mange år. Ho er ein av heller få kvinnelege jegerar i Røldal, kan ho fortelje. Men ho har mange ulike gjeremål, blant anna drive med vedlikehald og sjå etter at gjestene på sjølvbetjeningshytta  ordnar opp etter seg. Ho er òg med på transport og er med på å leggje ut bruer. Ellen tek òg oppgåva med å vera sosial på alvor og et gjerne kveldsmaten i lag med gjestene. Samtidig har ho god kontakt med jegerane som ligg i hyttene rundt turisthytta. Jaktradioen står på, og folk fylgjer spent med på om det er moglegheiter for dyr i området.

I byrjinga av jakta har det vore etter måten bra med jakting her inne, fortel Ellen, ho har sjølv vore med på denne jakta. Men så har dyra reist austover til Vinje og Telemark att. Då er det berre éin ting å gjera for røldølene: Leggje seg opp i nutane inn til grense mellom Sandviki og Urevatnet, i håp om at vestaveret som på ny har sett inn, kan føre dyra over grensa. 

Flokk på veg
Ein flokk på mellom 600 og 800 dyr blir observert eit stykke innpå telemarksida, og jegerane fylgjer spent med i kikkerten frå nutane, ein av dei er Ellen. Flokken nærmar seg og fleire jegerar fer i veg mot grenseområdet etter å ha høyrt på jaktradioen. Flokken er berre nokre hundremeter i frå, men då roar dei seg, tek til å beite og somme legg seg ned. Mykje storbukk er å sjå i flokken. Så er det berre for Ellen Drangevåg og dei andre jegerane å rusle tilbake til hyttene att, vel vitande at neste dag kan flokken koma til å krysse grensa att, men så spørs det på vinden? 

Men Ellen heng ikkje med hovudet, ho kjem til hytta og har ikkje ein gong tid til å eta. Nei, nei ho spør om nokon av gjestene vil vera med å leggje ut garn og få opp litt steikefisk i Øvre Hellevatn. Her er det helst for mykje fisk ifylgje Ellen, og difor er det bra at det blir fiska. Og neste morgon kan fiskarane dra opp 16 fine aurar, fisk som ho generøst delar med gjestene. 

Dei andre jegerane er nok på plass i nutane tidleg då Ellen er klar til å dra med børsa over skuldra, ho skulle nok gjerne ha vore litt tidlegare ute ho òg, men slik er det når ein må skjøtte fleire gjeremål. 


Flokken som nærma seg grensa, men som blei verande på telemarksida. Foto: Kjell Bitustøyl

Flokken som nærma seg grensa, men som blei verande på telemarksida. Foto: Kjell Bitustøyl


Ellen Drangevåg får òg tid til å fiske litt mellom ulike gjeremål. Ostanuten og Sandfloeggi i bakgrunnen. Foto: Kjell Bitustøyl

Ellen Drangevåg får òg tid til å fiske litt mellom ulike gjeremål. Ostanuten og Sandfloeggi i bakgrunnen. Foto: Kjell Bitustøyl

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl