Reinsdyret – avbilda frå tidenes morgon
Avbildingar, teikningar, måleri, skulpturar o.l. av reinsdyr ser ut til å vera ein urgamal tradisjon, dei eldste kunstferdige holemåleria i Sør-Frankrike er 20-30 000 år gamle. Av ulike grunnar blir reinsdyret i nyare tid avbilda mykje i vekene før jul, myten om reinsdyret Rudolf må nok ta noko av skulda for det. Mangfaldet er stort, det kan vera alt frå kosedyr til forseggjorte lysskulpturar, frå kunstferdige holemaleri til illustrasjoner i bøker. Kunnskapen om kva som er viktigaste kjenneteikna på eit reinsdyr, er derimot ikkje alltid like imponerande.
Til høgre: Kvar jol har dei tilsette ved Cairngorm Reindeer Centre i Skottland som jobb å reise rundt i dei skotske byane med reinsdyr, slede og julenisse for å glede store og små. Foto utlånt frå Cairngorm Reindeer Centre. Foto: Hen Robinson.
Under: Snertne småfigurar i porselen. Liten tvil om anna enn at dette er reinsdyr. Foto: Kjell Bitustøyl
Til venstre: Her har me både elg og rein, lysestakar, me ser lett kva som er kva. Foto: Kjell Bitustøy
Under: «Grass reindeer» frå Skottland, kva no det er? Figurane talar for seg. Geviret er ok, men kva med f.eks. bakenden på dyret, her trengs kanskje litt meir kunnskap? Foto: Kjell Bitustøyl
Til høgre: I Skottland er nok Rudolf-myten meir utbreidd er enn i Noreg. Øyrevarmarane som Karen Gillespie her viser fram, er kjøpt i Inverness i Nord-Skottland, ikkje langt frå Cairngorm Mountains med den einaste reindyrstamma på dei britiske øyane. Foto: Kjell Bitustøyl
Under: Lysskulptur fra julegata i Tromsø, dette er frå landsdelen med mykje tamrein, og der veit ein nok korleis ein rein ser ut. Foto: Kjell Bitustøyl
Til høgre: Denne lysskulpturen her var å finne i ei fjellbygd med villrein, i ei «julesetting» i desember. Kanskje kunnskapen om reinsdyret ikkje var heilt på plass? Foto: Kjell Bitustøyl
Under: Eit norsk tidsskrift hadde ein artikkel om reinsdyr, artikkelen blei illustrert med denne figuren, mange vil vel få assosiasjon retning hjort også av denne avbildinga.
Under: Ein fransk vinterfestival – ein musikkfestival – med nordiske deltakarar, hadde valt seg ein rein som blikkfang på plakaten. Og dei må ha hatt gode konsulentar, for her er det ikkje tvil om kva dyr det er snakk om.
villrein.no – Kjell Bitustøyl